Det er mange innom dagleg her og les, som følger og føler med Synnøve i kampen hennar.
Eg skal helse så mykje frå Synnøve. Ho har no fått stamcelletransplantasjon, og er på dag 5 i sitt “nye liv”. Kampen tilbake til livet vil ta tid, men alt går etter planen. Ho er ved godt mot og takkar alle som har gitt blod og meldt seg som beinmargsgivarar. Engasjementet og medkjensla frå så mange kjente og ukjente gjev håp og tru på det gode i menneska.
No heier me på dei nye stamcellene som skal gje henne ny beinmarg og nytt immunforsvar, som ho skal kunne leve med utan å bli sjuk igjen!
Og der ute i verda fins nokon som har gitt Synnøve sjansen til å leve lenge.
Denne jula ønsker eg meir enn noko anna at du skal få bli frisk, Synnøve.
Me har handla gåver, bakt småkaker med ungane, mannen har laga pepperkakekyrkje, eg og ungane har pynta treet, og jula er innan rekkevidde. Dette er andre jula du ligg på isolat på Haukeland. Det er ikkje rettferdig. Men du er i live.
No må Rikshospitalet og Beinmargsregisteret berre gjere jobben sin og gje deg og familien den einaste julegåva som verkeleg duger.
Du gjer alt du kan. Du held ut.
Denne hausten har du skaffa Norge eit enormt antal nye blodgjevarar og mange nye registrerte beinmargsdonorar. Du har redda liv. Du har engasjert. Du har gitt håp.
Eg er veldig glad i deg, og veldig, veldig stolt av deg.
Tusen takk for alle tilbakemeldingane! Folk frå heile Noreg har engasjert seg, og blodbankane her på Stord og andre stader har meldt om mange nye blodgjevarar og beinmargsdonorar (sjå presseomtale).
Og i dag kom dei beste nyhende me kunne fått: Synnøve er klar for donorsøk!
No venter me spent på at søket skal kunne komme i gang. Synnøve kjempar seg gjennom kvar einaste dag no, og har knapt overskot til å komme seg til pc-en, og då er det godt for ho å vite at me er mange som støttar ho og tenker på ho.
Alt som har skjedd denne halvanna veka som har gått sidan Synnøve vart innlagt har verkeleg vist kor mykje varme og vilje til å hjelpe som fins. Langt over 20 000 menneske har vore her inne og lese, og mange av dei har registrert seg som blodgjevarar og beinmargsdonorar. Alle oss som ikkje får gje blod har fått bidra med å spreie oppfordringa til andre.
Tusen, tusen takk til alle saman så langt.
Og me oppfordrar folk til å framleis melde seg som donorar! Det er enno tid å hjelpe Synnøve, i tillegg til den hjelpa som kjem andre til gode.
Synnøve Koløen er ein fortellar. Ho kan halde ein forsamling urolege ungar fjetra og musestille, mens dei tynne armane hennar vever fram tusser frå skogane, og stemma hennar får elefantar til å marsjere over Alpene. Ho krøker seg og strekk seg, og manar fram huldresong og trampande troll.
Synnøve er mi venninne. Eg har kjent Synnøve heile livet, frå ho var ein rar, liten Yoda, til ho som vaksen er blitt eit av desse sjeldne menneska som er ein klippe for folk rundt seg. Varm, nær, men trenger seg sjeldan på med sitt eige liv.
Synnøve er mor. Ho fekk følge den vesle førsteklassingen sin til skulen ei veke. Så kom tilbakefallet. Ho har akutt leukemi. Cellegifta vart avslutta no i vår. Ho fekk fire månader med familien sin no i sommar, med guten på tre år og jenta på seks. Ho har vore sliten og redd denne sommaren, men har bitt tenna saman og smilt og håpt.
No er eg og du einaste håpet hennar.
Gjennom cellegiftkurane har ho arbeidd med å vere positiv og ha tru og håp.
No er det ikkje nok å håpe. No treng ho ein beinmargsdonor.
Det fins mange mytar kring beinmargstransplantasjon. Eg trudde det var farleg. Og eg trudde det berre var nær familie som kunne gje. Og så trudde eg at ein skulle melde seg som donor til ein bestemt person. Og at røykarar ikkje var velkomne.
Men eg tok feil. Det er ein heilt ufarleg og lett måte å redde livet til eit anna menneske på.
Dette kan du gjere: Ta kontakt med nærmaste blodbank. Meld deg som blodgjevar. Og sei at du er interessert i å vere beinmargsdonor.
Sjansen for at du kjem til å bli brukt er under ein tusendedel. Det vil seie, dersom ein står registrert som beinmargsdonor i ti år er sjansen for å bli brukt 1%.
Men sjansen for at Synnøve overlever aukar dramatisk når mange melder seg. Det fins millionar av vevstyper og ein må finne den eksakte matchen.
Det tek noko tid å bli registrert som blodgjevar og donor, og ho har ikkje så mykje tid.
Ta kontakt med næraste sjukehus eller finn blodbanken din her: Blodbanken på nett
Det er visst ikkje nok å melde seg på nettet, ein må ta direkte kontakt for time. Ellers vil det vere for seint. Meir fakta.
Eg vil så gjerne få behalde ho. Ho er så veldig fin.
“Jammen rart det der med utsjånad og preferansar,” sa ho. “I dag skulle eg bestemme kven eg ville ansette som vikar, og hadde valet mellom to menn som begge hadde dei formelle kvalifikasjonane på plass. Ein veit jo dette med at utsjånad betyr noko, at det er lettare å få jobb når ein er pen. Men ein trur jo ikkje at ein velger slik sjølv. Han penaste, med dei brune augo, hadde til og med mindre relevant arbeidserfaring. Det var kanskje ikkje berre ansiktet, det var handtrykket og. Han mindre pene, med dei blå augo, hadde laust handtrykk.”
Kven ville du vald? Han med dei pene brune augo og det faste handtrykket? Eller han med yrkeserfaringa?
Eg har nett sett dei tre Matrix-filmane om att. Min generasjons Star Wars. Rørande gjensyn.
Men altså. Eit av dei eldste og farlegaste programma i the Matrix (eller Matrisen som det burde vore omsett til), er the Merovingian, eller Merovingeren som han heitte i den norske omsetjinga.
Brillefin superskurk.
Her er nokre andre kjende merovingere:
Pipin den lille:
og sonen hans, Karl den store:
Fin gjeng.
Merovingertida er rekna frå omlag 560/570 – 800 etter Kristi fødsel. Altså yngre germansk jernalder, tida før vikingtida.
Det skal vere eit australsk black metal-band som kallar seg Merovingain, men dei held seg openbert borte frå det skumle internettet. Eg forstår dei godt. Ein kan aldri bli svartmetall-paranoid nok her i livet.
Eigentleg ville eg ha spelt Jane Siberry (no kallar ho seg visstnok Issa) som på same Hector Zazou-album syng følgjande kanadiske vise for deg. Ho er overjordisk.
Sidan eg ikkje finn den på nett, kan du berre bestille cd-en. Amazon er jo greie og let folk høyre litt også.
She’s like the swallow
She’s like the swallow that flies so high
She’s like the river that never runs dry
She’s like the sunshine on the lee shore
I love my love and love is no more
‘Twas out in the garden this fair maid did go
A-pickin’ the beautiful, primerose
The more she plucked, the more she pulled
Until she got her apron full
It’s out of the roses she made a bed
A stoney pillow for her head
She lay her down, no word she spoke
Until this fair maid’s heart was broke
She’s like the swallow that flies so high
And she’s like the river that never runs dry
She’s like the sunshine on the lee shore
I love my love and love is no more
Denne veka har eg vore litt streng med meg sjølv og sett produksjonskrav. Eg sette krav til meg sjølv om 20 000 ord i den “ferdige teksten” til fredag ettermiddag, og det gjekk greitt.
Stikkord kring kvar eg er no:
1. Frå dialog til sjenanse. Mens eg har halde på med synopsis, og konstruksjon av verda, guddommar, folkeslag, magiske artifaktar, moglege samanhenger og hendingar i fortid, notid og framtid, har eg hatt stort behov for å dele, prate og la mannen min lese små anekdotar.
No held eg attende. Eg syns meir må på plass før han kan få lese noko. For ikkje snakke om forlaget. Mykje meir må på plass. For no tek sjølve teksten form, og eg vil ikkje vise den fram med for mange feil og manglar.
2. Etnosentrisme. Det meste eg har lese av god fantasy er skrive av engelskspråklege forfattarar. Etter å ha lese Snorre og Saxo ser eg at dei har forsynt seg uhemma. Vel, det kan eg og gjere. Men eg syns det er mykje vanskelegare å forsyne seg frå andre kulturområde og myteområder enn det skandinaviske. Eg syns ikkje eg forstår det eg les godt nok, og eg kan ikkje slå opp og undersøke i framandsspråklege nettsider og artiklar (utanom engelske).
Det er nydeleg at engelskspråklege forfattarar syns dei kan nytte seg fritt av finsk og skandinavisk mytemateriale, men eg merker eg slit med ein slags etnosentrisk inkompetanse. Eller kan hende det er akademisk sjenanse.
3. Sex. Skjønnlitteratur skal (etter mi meining) gjerne ha med noko sex. Det er jo slik ein skryt av bøker. Velskrive, klokt og ein god porsjon overtygande erotikk i kapittel fem og åtte. Men fantasy har det med å bli lese av tiåringar, uansett kva forfattaren har tenkt seg. Forlag, bokhandlarar og foreldre ser ut til å meine at “er det ein drage med, så er det nok ei barnebok”.
No har det seg slik at karakterane mine ikkje er så teikneserieaktige. Dei pissar og spyr, bekymrar seg og vert skuffa. Og då er det i visse scener at vaksne seksualdrifter gjer seg gjeldande. Og eg får utslett av erotiske metaforar.
Ein skal ikkje det. Altså samanlikne debattmotstandaren med nazistar eller Hitler.
Men kva om debattmotstandaren var 18 år i 1940 og meiner at berre kvite folk kan vere nordmenn?
Mitt resultat: J.R.R. Tolkien Du er mannen bak fantasysjangeren, og den moderne tids aller mest populære eventyrforteller. Din fantasi er enorm, som også din kunnskap om historie, språk og kulturer. Du er en skapende person, og du kommer til å skape mye stort i ditt liv, og bringe glede til mange hjerter.
I den vanskelege sjangeren “blåggfilmkritikk” der Hjorthen regjerer, vil eg i kveld bidra med ein anbefaling.
Eg har sett Death Proof. Først humra eg litt. Så grøssa eg og blei alvorleg inni meg. Så blei eg litt engsteleg og etterkvart ekkelt og veldig engsteleg. Og heilt til slutt sat eg att med ei livgjevande lyst til å banke nokon. Dersom du har hatt ei litt dum veke, der du har tapt mykje på aksjar eller mista jobben eller blitt plukka på av fulle menn og ikkje heilt hatt guts til å knuse ein stol til pinneved mot trynet deira, så er dette filmen for deg.
Dagens sopptur ga resultat. Ein mengde piggsopp og ein del diverse. Sonen min har lilla som favorittfarge, så nokre store lilla soppar skulle sjølvsagt med heim.
Når eg klikkar på kommentarfelta på blogspot-blåggane får eg opp den der “vise usikre områder”-boksen, og uansett om eg klikkar på ja eller nei låser alt seg. Så ikkje får eg lese kommentarfelta, og ikkje får eg lagt igjen kommentarar. Hjelp?
Eg føler eg har forlese meg på Andre Verdskrig, og ikkje veit kva ende eg skal begynne for å fortelle ei gripande historie som ender med Hitlers død og krigens ende til eit publikum som ikkje eingong har høyrt om Europa.
Eg sit med oppveksthistoriar, reiser, erfaringar, giftarmål, born, virke og anekdotar for fem generasjonar. Ei heil lita verd med forskjellige land, folk og kulturar, med tilhøyrande religionar, hendingar over fem mannsaldre som grip inn i ei notid der trådane skal samlast, hendingar avhengige av alt som er skjedd før. Eg har kart og teikningar av skip og folk, eg har magiske objekter som har funne sin veg frå hand til hand gjennom historiar berre eg kjenner. Eg har bryllup og gravferder, eg har sjøslag og skapingsmytar.
Dei er her alle saman no. Alle dei handlingsberande personane i universet mitt. Sjølvsagt er mykje usikkert, mange mindre roller er ikkje besatt, eg veit ikkje namnet på einkvar stallkar eller taus, og eg har ikkje heilt klårt for meg alle hendingar fram mot enden. Men eg har meir enn nok.
Dette har eg ikkje: Eg skjønar ikkje kvar eg skal begynne. Kvar skal lesaren min komme inn i historia? Og om eg verkeleg skal gje tilbakeblikk til eit tidsrom der alle som levde dengong er daude, kven skal fortelje? Skal lesaren berre zappast attende til ei tid bokas nolevande ikkje kjenner til? Det er så mykje eg ikkje klarar å finne ut av. Og eg strevar med forteljarstemma. Eg har leika litt, prøvd ut forskjellige måtar å fortelje på. Noko fungerer, men alt eg har prøvd har sine svake sider. Korleis kan eg bruke same språk til alt som skal skje? Og i kva grad kan eg tillate meg å fortelje med fleire stemmer? Eg har idear om korleis dei forskjellige stemmene skal finne sin plass, men sjølv rammehistoria, handlinga, må finne den rette rytmen.
Ord setjast etter ord, eit etter eit, til ein til slutt er ferdig.
Berre fortsetje.