Når du sit i ein båt og den andre seier at her må me dele på oppgåvene, betyr det at du skal ro
Posta av Avil den januar 17, 2007
Styret i Helse Vest har full tillit til at Helse Bergen skal klare dette for mindre pengar enn i fjor.
Det eg høyrde dei seie på NRK Hordaland i dag var følgjande:
Helse Bergen er eit av dei mest effektive sjukehusa i Noreg.
Aktiviteten i 2006 var svært høg.
Det vart brukt meir pengar i 2006 enn budsjettert, så i 2007 skal dette sparast inn og ein skal altså bruke ein del mindre pengar.
Så langt, så logisk. Men så kjem fortsetjinga:
Aktivitetsnivået i 2007 skal vere like høgt som i fjor.
Og når styret i Helse Vest vert spurt om korleis dei tenker at eit svært effektivt sjukehus skal spare pengar og samstundes oppretthalde aktiviteten, kjem altså tillit-ordet inn.
”Styret i Helse Vest har full tillit at Helse Bergen skal løyse denne oppgåva”.
Full tillit betyr at du skal ro. Eller faktisk IKKJE du, dersom du berre er skattebetalar og ikkje helsearbeidar. For det er faktisk ikkje lenger ei felles oppgåve for skattebetalarane i Noreg å betale for utgiftene til helse. Pengane kjem frå skattebetalarane, sjølvsagt, men helsearbeidarane skal betale meir enn resten av folket. Dei skal nemleg springe fortare enn dei orker, dei skal slutte å sjukemelde seg, dei skal takke nei til lønsauke, friviljug av omsyn til pasientane (i følge Helse Fonna, del av Helse Vest, sin direktør).
Helsearbeidarar har nemleg ikkje ein jobb, dei har eit kall. Så om det går ut over helsa deira, familien og økonomien, så gjer det ikkje så mykje. Dei yter jo til det beste for fellesskapet.

Avil sa
På same måte som Gerd-Liv har vikla seg inn i noko som får henne til å sjå ganske nazi ut, så syns eg helseføretaka sine styrer viklar seg inn i eit bilete av godt betalte og dårleg kledde folk som utelukkande brukar nittitals politikarsvada for å dekkje over at dei er heilt jævlege.
Avil sa
*opprørt og plaprar ut om ting eg ikkje bør*
muppyen sa
Tilstanden i Helse Vest Førde er ikke så veldig mye bedre. Av og til lurer jeg på hva jeg driver med. Dette kommer jo mest sannsynlig til å bli min arbeidsplass om noen år.
Avil sa
Helseforetaka er nazi.
muppyen sa
Sofa til 60 000 kroner, det hadde de råd til
Avil sa
Hahaha, ja, Helse Førde er jo teken den berykta mafiaen frå Rællingen kommune.
muppyen sa
Og no fall eg ut. *pling*
impen sa
Helse Øst kjøpte sofa på Ikea. Den var i skinn, da.
Avil sa
muppy. Var det ikkje Helse Førde der direktøren (han som hadde så god smak at han måtte ha sofa til dyre dommar) også hadde tilsett gamle kompisar frå kommuneadministrasjonen i Rællingen kommune?
Avil sa
Men no er det i alle fall nokon som ikkje berre finn seg i det:
http://www.akademikerne.no/
muppyen sa
Sofaen har jeg fått med meg. Det med Rælingen vet jeg ikke. Jeg var på Patologien her om dagen. Da fikk vi se rommet der de pleide å ha styremøte. Jeg spurte litt sånn forsiktig om de pleide å ha med seg sofaen. Avdelingslederen klarte ikke å holde latteren tilbake.
muppyen sa
Der sjølvaste ledelsen til Helse Førde har styremøte. Ikkje Patologien.
Avil sa
Hohoho!