Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Skapingsmytar II, menneska

Posta av Avil den januar 20, 2007

I hedensk tid har ikkje kampen mellom verdas makter ikkje stått mellom det god og det onde, men mellom kaos og kosmos, der likevekta mellom kaoskreftene og kosmoskreftene var til begge sitt beste, i den forstand at dei besto.

Tida var rund, “skapingshistoria” er historia om korleis det berre fins kald og varmt, og Ginnungagap som ei revne mellom der urkua Audhumbla og urjonen Yme oppstår.

Voluspå (tredje vers):
I tiders ophav
da Ymer levde
var verken sand eller sjø
eller svale bølger;
jord fans ikke
eller himmel over,
det var Ginnunga gap
og gress ingen steder.

Etter Yme kom ein generasjon jotner som levde i verda slik den var då, mellom anna Bors, som fekk sønene Odin, Vilje og Ve. Dei drap Yme og av Ymes kropp og blod oppsto den verda me lever i no.

Voluspå fjerde vers:
Inntil Bors sønner
hevet boplasser opp,
de som Midgard
det mektige skapte.
Solen skein sørfra
på stein i salen
da grodde grunnen
med grønn løk.

Gudene holder råd og plasserer Sol, måne og stjerner, og gjev namn til “natt og ne, kalte det morgen og middagstid, non og aften til åretall”.
Guder, jotner og dverger lever i lag i verda. Dvergene “gjorde manneliknelser mange av jord”.
Inntil “dei fann på land to som lite maktet, Ask og Embla, utan lagnad”.

Voluspå tolvte vers:
De hadde ikke ånde,
eide ikke sanser,
verken blod eller liv
eller god lèt;
ånde gav Odin,
Høne gav sanser,
Lodur gav blor og god lèt.

Og meir var det visst ikkje å seie om desse menneskefolka.

18 kommentarar til “Skapingsmytar II, menneska”

  1. Undre sa

    … kom ikkje her og sei at dette ikkje er sanninga!

    ;)

  2. Avil sa

    Same Voluspå i eldre, nynorsk omsetjing (Ivar Mortensson-Egnund):
    3.
    årle i old
    var det Yme bygde;
    Korkje sand eller sjø
    eller svale bylgjur;
    jord var ikkje,
    upphimmel ikkje;
    var Ginnunga-gap,
    men gras var ikkje,

    4.
    Fyrr Burs søner baud
    bøar seg lyfte,
    dei som Midgard
    mætan skapte.
    Sol skein sunnan
    på steinar i sal,
    då grodde grunnen
    med grønan lauk.

    17.
    Til tri der kom
    av tjodi denne
    høge og hæve
    æser til husar.
    Fann dei på land
    lite maktande
    Ask og Embla
    utan lagnad.

    18.
    Dei åtte ‘kje ande
    eller åthug hadde,
    korkje let eller lag
    eller livsens varme.
    Ande gav Odin,
    åthug Høne,
    let fager Lodur
    og livsens varme.

  3. Avil sa

    Anne Holtsmark har hoppa over vers på vers med dvergenamn.
    Inni der fann eg Gandalv.

  4. Avil sa

    I siste verset kommer den eklaste dragen.

    Kjem den dimme
    draken fljugande,
    fråne-orm, nedan
    frå Nida-fjelli.
    Ber lik i fjørom,
    flyg yver voll
    Nidhogg nåbleik.
    No mun ho søkke.

  5. Avil sa

    Ja, hos Holtsmark litt meir leseleg for folk flest:

    Der kommer den dimme
    draken flyvende,
    frånarorm nede
    fra Ne-fjellene;
    den flyr over vollen,
    i fjærene bærer den
    lik. Det er Nidhogg.
    - Nå synker hun atter.

    Og dette er det siste som skjer i verden før alt kollapser og Yme gjennomstår.

  6. Avil sa

    Undre: Sanning om opphav er interessant, men myter om opphav er også interessant. *interessert*

  7. Beate sa

    De fleste utgavene hopper over mye. Ett eller annet sted har jeg en kopi av alt.

  8. Avil sa

    Eg trur Ivar Mortensson-Egnund har med alt.

  9. Undre sa

    Ja, sidan alle menneske er myter om korleis alt har starta interessante. Ein stad må historiene ha byrja.

  10. Undre sa

    ?

    Eg prøvde å seie:

    Ja, sidan alle menneske kjem frå det samme opphavet er myter om korleis alt har starta interessante.

    Ein stad må historiene ha byrja.

  11. turkis sa

    Avil, du tar feil. Embla er datamaskinen til norsk tipping, og det er sant, for det har de sagt på tv.

  12. Avil sa

    Ja, og Ask er ein gut på tre år som bor rett nedi høgget her.

  13. Avil sa

    Eg heller mest til at me kjem frå Afrika og at holemaleria våre og buskfolket sine holemaleri er forbløffande like, og at det difor er noko å hente der.
    Utan at eg vil utdjupe det no.

  14. Note sa

    De er ikke bare interessante disse eldste mytene om menneskenes og verdens opphav. De er uendelig vakre også.

  15. Jeg leser Kalevala for tiden. Herlig den også.

  16. Avil sa

    Åh, du må fortelje meg alt, Sadie!

  17. Beate sa

    En venninne av meg. Neppe, har jobbet med Kalevala i årevis. Da hun begynte satt hun hjemme i sofaen og meg og fortalte meg om skapelsen. Jeg har aldri helt kommet meg fra det, jeg ser fremdeles en enorm kvinneskikkelse som svømmer rundt i klart vann blant grønne øyner bare jeg hører ordet Kalevala.

    Hun har holdt noen forestillinger i Norge med Kalevala og, skal si ifra om hun kommer tilbake. Her er hun:

    http://www.netikka.net/neppe/scenartist.htm

  18. Avil sa

    Åh. Høyrest veldig fint ut.

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>