Bittelite språkleg hjartesukk
Posta av Avil den februar 21, 2007
Det er ikkje noko som heiter “det kan jeg ille lige” på dansk.
Mannen har sannsynleg sagt “det her kan jeg ikke lige”, og ikke uttales omlag som igge, men danskar som køyrer trailer (vogntog, som dei seier) har det med å vere særs breie i dialekta, motsett danske politikarar og anna akademisk fintfolk (i Danmark er det vanleg å ha gått på universitetet før du vert rikspolitikar) som snakkar riksdansk.
Men ille seier dei berre ikkje.

Sissel sa
Det var nok journalisten som ikke forsto – det hender journalister mistolker, som du muligens har mistanke om fra før.
Jeg gjetter at dansken sa:
Det her kan jeg ik(ke) lige …
Avil sa
Då gjettar me likt, Sissel. Eg sukkar berre over at ein skriv enkle setningar på andre språk feil, over heile førstesida på nettavisa og gjentekne gonger nedover sida. Om journalisten og dei på desken ikkje meistrar eit framandspråk, bør dei sjekke. Ville dei slurva like mykje med tysk eller fransk?
paraply sa
Jeg stusset også.