Steinalderdietten: Et østers!
Posta av Avil den februar 22, 2007
Har du levd på biff og sølevatn dei siste åra for å leve slik forfedrane gjorde, den gong genene dine blei laga? No kan Ljos i kjømda presentere gode nyhende. Det vil seie, eg les ei bok frå 1912, så heilt nytt er det ikkje. Men eg har sjekka, og dei som har greie på det er framleis samde:
Et østers og and!
For 7-8000 år sidan, i gammelsteinalderen eller palæolitisk tid, budde folk her i Skandinavia i fleire hundre år på same plass, og slikt vert det avfallsplassar av. Store avfallsplassar. Og slik finn ein ut kva dei hadde til middag.
Det dei hadde til middag oftast var østers og andre skalldyr.
Dessutan hadde dei fisk til middag, ein finn store mengder fiskebein frå flyndre, torsk, sild, ål og karpe. Men dei var også glade i fugl. Dei serverte mellom anna tiur, villand, gås, sangsvane, måke og skarv. Det har også vore raudt kjøt til middag, ville dyr som hjort, rådyr og villsvin, men innimellom også urokse, ulv, rev, gaupe, villkatt, oter og mår.
Steinalderdietten er herved oppgradert. Velbekomme!


Beate sa
Men hadde de champanje til? (Hvordan det nå staves.)
Mads sa
Eg hørte nett på radio at steinalderfolk stort sett åt ganske einsidig, men veldig ulikt i høve til kvar dei budde – dei åt nemlig det som var enklast å få tak i, og det gjer vi som regel i dag også, men gjennomsnittleg levealder er 50 år meir.
Avil sa
Det er nett, det, Mads. Folk på radioen skal du ikkje alltid stole på. Arkeologane meiner altså me hadde betydeleg meir variert kosthald for 6-8000 år sidan enn folk i dag. Av fisk et me mest berre laks, torsk og sild, og fugl er så einsidig i dag at det er til å grine av. Folk et jo mest berre høne, og ein sjeldan gong kalkun. Det er dei to mest keisame fuglane som fins. Gås og and er fantastisk mat, men mest ikkje til å få tak i, i alle tilfelle utanfor byane.
Og me et reker og av og til blåskjel, men lite andre skaldyr. Og når det kjem til raudt kjøt et jo folk ku, gris og sau mest kvar gong, og svært lite av alt det andre som smakar så mykje betre.
Me trur at me lever i ei tid med luksus, medan sanninga er at industrielt landbruk har forringa maten vår så det er til å grine av.
Mads sa
Eg fann att programmet, dersom nokon er interesserte. Det er eit av tre innslag frå ein episode av Verdt å vite som kan lastast ned i MP3-form her.
“Steinalderdietten er en myte, sier arkeolog som har forsket på hva steinaldermenneskene faktisk spiste. “
Avil sa
Tusen takk for lenke, Mads! No har eg høyrt på Gunilla-arkeologen, og det ho seier er vel ganske enkelt at steinalderfolk åt det som var i nærleiken. At mine Limfjord-folk (sjå lenke i posten) tok godt for seg av østers og svane handla sjølvsagt om at det var tilgjengeleg. Likevel overrasker det meg kor stort mangfald dei fann i kjøkenavfallet deira, og eg held fast i påstanden om at dei hadde meir spanande mat enn meg.
Avil sa
Øh, Mariager Fjord, ser det ut til. Eg blamerer meg her.
muppyen sa
Jeg vet bare at jeg fikk lyst på blåskjell. Helst en plass i Nice.
Hydra sa
Eg har for første gong registrert andebryst frå norsk oppdrettsand i butikken. No vart eg svolten.
Albert Hall sa
Og gjennomsnittelig leveralder i steinalderen var litt over 30. Og da regner vi ikke med barseldød, for det vet vi lite om. Men voksne som er aldersbestemt ligger mellom 20-40 (drøyt) etter det jeg vet. Og ikke all død skyldest klubbeslag. Så vidt jeg vet. Så alt i alt kan det tenkes at dagens kosthold er mer variert, bedre, og sunnere.
Selv om det du trekker fram sikkert er riktig, skal vi ikke la begrepet “steinalder” innbefatte alt som er bra for oss.
Avil sa
Eg har vore på andejakt i frysediskane i dag og kom heim med uforretta sak. *bitter*
Avil sa
Eg har aldri påstått at me skal leve som steinalderfolk, bevare meg vel.
Ellers held eg ein knapp på at såpe, penicilin og reint vatn har meir å seie for at ungane mine veks opp enn at dei et kyllingbryst frå Rema framføre ein variert meny med mellom anna hjort, går og østers.
Albert Hall sa
# Avil
Jeg er ikke bortskjemt på østers, men synes viltkjøtt kan bli både tørt og kjedelig (etter å ha spist nesten bare elg i mage år). Sunt er det sikkert.
Men det er nesten ille at du trekker frem rent vann. For det er jo hovedårsaken til at barn dør av sykdom World-wide; mangel på sådan. Vi vet knapt hvor heldige vi er.
Men nå skal jeg ut og klubbe meg en kvinne, vil gjerne ha selskap i hulen min.
Avil sa
Når eg snakkar om meg og mine meiner eg faktisk oss. Og når eg snakkar om steinalderfolk i posten, viser eg til folk som budde i Danmark 5400 – 4000 år f.Kr.
Det fins steinalderfolk framleis, Albert. Andre stader på kloden.
Avil sa
Klubbing var visst ikkje moderne då eingong, forresten.
Albert Hall sa
# Avil
Klubba kvinner blir liksom litt livløse….
Avil sa
Det har heller aldri vore noko særleg evolusjonært partytriks å gje sine komande born sin primære omsorgsperson hjerneskade.
Cassanders sa
Partytriks…klubbe?
Høh,
Har du ikke lest om Yanomami’ene, Avil?
Albert Hall.
Har ikke noen lært deg å spekke elgen?????
Cassanders
In Cod we trust
impen sa
Jeg vet ikke så mye om steinalderen, men jeg spiste flest østers etter hverandre på en båttur i Sør-Afrika. Ferske østers med pepper og sitron og champagne. *nam*
Avil sa
Å berre ete elg høyrest ut som eit villmarkstunt eg ikkje gadd. Evt veldig fattig student med gåve heimefrå.
Steindysser og kontinentale vanar « Ljos i kjømda sa
[...] by Avil on February 28th, 2007 Me har tidlegare her i Ljos i kjømda brakt viten til folket om at steinalderfolka i Danmark åt avansert gourmetmat som østers, [...]