Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Etologi og lukke

Posta av Avil den februar 23, 2007

Kjønn og biologi er eit heitt tema, og ein diskusjon hos Fjordfitte minna meg om noko som eg hugsar som merkeleg.
Eg hugsar korleis det var å sitje der og høyre på ein mann som så fryktelig gjerne ville finne ut av korleis verda hang saman. Korleis ryktet hadde gått på førehand: Me skulle tvingast til å høyre på ein mogeleg rasist, ein kvinnehatar, ein førelesar som dei andre professorane ope snakka stygt om. Folk hadde stått utanfor og røykt og fortalt dei siste naive som ikkje visste.

No sto han der, Helmut Nyborg, og ville fortelje oss om feltet sitt, faget sitt, om kvifor han dreiv med det han gjorde, kvifor han forska på samanhang mellom arv og prestasjonar. Og han var sint, skremt, men også vittig og slagferdig.
- Om eg seier at det fins ein liten, men signifikant forskjell på kjønna sine matematiske ferdigheter? Kva seier de då? At eg lyg? At eg hatar kvinner?
Men om eg seier at det berre er småtteri mot kvinner sine evner til å løyse og hugse fleire oppgåver samstundes, kva då? Lyg eg framleis? Eller kjennest det liksom betre?
Kan me snakke om dette? Er det mogeleg å forske på dette? Eller burde heile feltet vore kriminalisert, slik det har vore i store deler av Sovjetunionen, Kina og andre kommunistiske regime? Er miljøet sin påverknad så viktig for oss at me ikkje vil vite om det er like viktig i røynda? spurte Nyborg.

Og då han hadde snakka seg varm og lagt fram grafar og kjelder til det svimla for oss, viste han oss eit bilete.
Eit bilete eg elskar. Konrad Lorenz som svømmer med ender.

ducks.jpg
Nyborg fortalde at han hadde sikra seg ei gjesteførelesningsrekkje i Austerrike for å få møte Lorenz. Då han kom fram viste det seg at Lorenz samstundes var i Amerika. Nyborg var blitt synleg skuffa, og hadde då fått låne universitetshybelen til Lorenz.
Nyborg fortalde at han den kvelden låg i badekaret til Konrad Lorenz og tenkte at her, i dette badekaret, hadde kanskje Lorenz tenkt ut noko skikkeleg lurt ein gong. Då hadde Nyborg vore lukkeleg.

Den kvelden var eg ute og drakk mykje raudvin med vener, og på veg heim gjekk eg gjennom parken. Eg stansa ved andedammen og kjende meg lukkeleg. Eg kledde av meg og vassa uti. Det var uendeleg mykje glatt gjørme, og ikkje særleg djupt. Etter ein liten badetur der ingen ender kom meg i møte, gjekk eg heim og la meg i badekaret. Neste morgon vart eg litt overraska over nett kor mykje gjørme, andeskit og fjær eg hadde drege inn i heimen og på badet.

lorenz2.jpg

12 kommentarar til “Etologi og lukke”

  1. impen sa

    *visualiserer*

    Jeg synes forøvrig at det er legalt å forske på kjønnsforskjeller. Jeg er glad for at jeg er forskjellig fra en mann, men håper selvsagt at jeg er temmelig androgyn slik at jeg får inn det beste av det meste.

  2. Kanskje er det ikke alltid politisk korrekt å si det, men det er biologiske forskjeller. Hva vi gjør med disse forskjellene, er en helt annen ting. Ser vi holistisk på verden, vil jo disse forskjellene, og de uttrykksformer disse får, utfylle hverandre. Til det beste for oss alle. Men å benekte at de er der, det er på en måte å stenge for fakta.

    En eller annen plass i dag leste jeg en artikkel (amerikansk) som påpeker at mens det tidligere var viktig for kvinner i politikken å “fremstå som menn”, viser sentrale kvinnelige politikere nå akkurat det motsatte: de vil fremstå som det de er; kvinner. Og det tror jeg er bra.

    Alle har vel erfaring for at arbeidsplasser med begge kjønn er å foretrekke fremfor arbeidsplasser med bare et kjønn, det være seg menn, eller kvinner. Igjen er vel det et uttrykk for at kjønns være- og tenkemåte utfyller, og beriker, hverandre.

  3. Iskwew sa

    Interessant! Det er nok ganske fy fy og si at det er biologiske forskjeller på noen måte, ja. Det har vært miljøpåvirkning som er det eneste det er lov å si at påvirker.

    Men som Aldous Huxley sa: “Facts do not cease to exist because they are ignored.”

  4. Avil sa

    Albert: Det har vore mykje styr med kva ei kvinne “er”, og eg er blant dei som meiner det ikkje er det å vere moteriktig eller sexy som gjer oss kvinnelege. Før var det vel einslags myte at anten var ein sexy ELLER smart. No ser me at det etterkvart er rom for å vere sexy OG smart, og det er fint, så lenge det ikkje skal verte eit krav at kvinner må kunne vere begge deler for å få brukt arbeidskompetansen sin.

    Nyborg gjorde ellers mykje ut av å peike på at forskjellane mellom individ var så mykje større enn forskjellane mellom gruppene (av kjønn), og at kjønn dermed vert ein elendig predikator i høve alle andre evner enn dei biologiske forplantningsevnene.

    Iskwew: Men eg syns spørsmålet er godt: Kva om det er forskjellar? Kan ein forske på det? Og kva med det ein finn?

    Og så tenker eg på DeLillos sin tekst om vilje til sjølvransaking. “Tenk om den jeg fant var en jeg ikke likte, men som jeg måtte leve med resten av livet”.

  5. Egentlig hadde jeg tenkt å komme med en ekkel kommentar av slaget “Sa jeg ikke det?”, men da jeg sjekket kommentarene dine i tankespinnet var det vist ikke stort som motarbeidetdeg selv. Æsj også!

  6. Avil sa

    Huh?

  7. I starten av posten. Du sa vel noe om at mannen hadde et poeng, med at kjønnene var forskjellige. Og derfor ville jeg gjerne hovere, men fant ingenting å hovere over… Sukk.

  8. Avil sa

    Det må vere vanskeleg for deg, gjetar. *klappe på hovudet*

  9. Jeg har det fælt.

  10. Avil sa

    Du får fortsetje på skulen og gjere leksene dine, så endar du opp med å kunne lynsje meg verbalt.

  11. kleppe sa

    Forskjellen på kvinne og mann er åpenbar og ugjendrivelig bevist. Men fordi denne forskningen også bryter med kjønnsdiskrimineringsloven er den hysjet litt ned.

    Men har dobbelt så mange muskler i kroppen som kvinner og dermed er finmotorikken bedre fordi de har bedre styring på sine bevegelser gjennom flere nervebaner.

    Menn har mindre kontankt mellom høyre og venstere hjernehalvdel en kvinner og måten hjernen arbeider på er derfor litt forskjellig.

    Men har større fysisk styrke en kvinner og mere muskelkraft.

    Men bruker andrenalin på en annen måte en kvinner.

    Hvordan disse egenskapsforskjellene påvirker oss vet jeg ikke så mye om.

  12. [...] Avil har skrevet om noe lignende i tråden Etologi og lukke. [...]

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>