Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

6 sære ting (meme)

Posta av Avil den mars 22, 2007

Linda har tægga meg, og eg kan vel ikkje vere så sær at eg ignorerer det?
Altså, seks sære ting om meg.

 1. Eg kan snakke flytande jysk. Eg trur det er ganske sært, for å vere norsk.

2. Eg et ikkje pattedyr. Mange reagerer som om det er sært. Særleg fordi forklaringa er at eg berre et ting eg [i prinsippet] kan drepe sjølv. Eg trur verkeleg eg kunne drept ei høne.

3. Eg har ein gong fått koppen på eit ouija-brett til å svare på spørsmål utan å røre ved den, og utan å seie spørsmåla høgt. Det er kan hende ikkje så sært for folk flest, kva veit eg. Men eg trur altså ikkje på slikt.

4. Då eg gjekk på barneskulen meinte skulelegen at eg burde få filt vekk ein knok på foten, men nærare undersøkjing tyda på at stortåa i så fall ville dotte av.

5. Eg kan krølle tunga slik at han vert tredelt på eit vis. Det er ikkje særare enn at bror min kan det same. Men det er jo ei genetisk greie då, akkurat som at andre kan lukke nasen eller plystre med rumpa.

6. Eg har veldig hard nase. Det er liksom bein heile vegen fram i nasetippen.

 Og då tæggar eg Lin, LordX og Indremisjonsnytt. Fordi eg er oppriktig interessert i kva akkurat dei vil meine er sært ved dei sjølve.

5 kommentarar til “6 sære ting (meme)”

  1. [...] Avil og muppyen har tagget meg og oppgaven er som følger: Skriv ned seks underlige/ sære/ eiendommelige ting om deg selv. Deretter sender du utfordringen videre til andre bloggere. [...]

  2. “Eg et ikkje pattedyr. Mange reagerer som om det er sært. Særleg fordi forklaringa er at eg berre et ting eg [i prinsippet] kan drepe sjølv. Eg trur verkeleg eg kunne drept ei høne.”

    Ikke jeg heller! Og ikke høner, fordi jeg har kommet frem til at jeg ikke klarer å ta knekken på de selv om de har tomme, plirende øyne. Men fisk og skalldyr derimot, det spiser jeg.

  3. Avil sa

    Ei til! Så fint!

  4. Avil sa

    Ellers meiner mannen min at eg kunne teke livet av nærast kva som helst om eg berre var i skogen med gevær og vart gripe av konkurranseinstinktet mitt. Som altså er svært uttalt.

    Derfor vil han fryktelig gjerne at eg kjem dit ein dag, men det krev jo både utdanninga, geværet, tida og turen. Så det tek nok litt tid før eg skyt ein elg berre fordi eg vil vinne over nokon.

  5. Korleis plystrar ein med rumpa?
    Og korleis er det mogleg å finne slike morsomme greier ved seg sjølv? For det klarar eg ikkje, uansett kor mykje eg prøvar.

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>