Musikk vs. blåggar (meme)
Posta av Avil den mars 22, 2007
radiohode har tægga meg til å kople saman fem blåggarar (som eg no skriv ned frå lenkelistene på blåggen min, skal me sjå, då vert det så randomisert som mogeleg, kulepennpeiking på blåggen – hum hum – faen, ikkje bra for flatskjermen, då musepeikar me – hum hum – jah):
Så set eg Windows Mediaplayer til å spele eit tilfeldig utvalg av kva eg måtte ha lagra på denne laptopen:
Concrete Blonde: Tomorrow Wendy
Lynyrd Skynyrd: Free Bird
Nick Cave: Ship Song
Peter Gabriel & Kate Bush: Don’t Give Up
Lynyrd Skynard: Sweet Home Alabama
Til no er altså det heile eit komplett randomisert utval av kva eg har av favorittar på blåggen og kva eg har av musikk på laptopen.
Så til det meir kompliserte: Koplinga.
Undre får Free Bird. Ho likar gamalt ræl, akkurat som meg. Undre er den eine eg ikkje har møtt av desse, men ho har no til gjengjeld delt ein del musikk med lesarane sine. Noko eg faktisk er takksam for, motsett dei fleste andre som legg ut keisame musikksnuttar. Ikkje fordi eg gidd høyre alt ho legg ut, men Marianne og David hevar eitkvart snitt til over 100.
Melis får Don’t Give Up, sidan ho syng så fint. Eg kan vere Peter Gabriel, eg. Eg kjem når varmen kjem, eg trur det verkeleg, det må vere slik. Eg tek med vin og me sit ute. Det berre må vere slik.
Mihoe får Ship Song. Det er vanskeleg med folk eg aldri har møtt (Mihoe er den andre), men eg anar noko vart og mjukt og stundom litt melankolsk bak humoren og innsikta.
Poly får Tomorrow Wendy, sidan ho er gravid. Eg likar å få gravide damer til å grine. Det er så leikande lett. Ja, for du er no ikkje berre tægga, du er faktisk og forplikta til å finna og høyra songen din.
Muppy får Sweet Home Alabama. Ho er ei fin kåbbåi-jente, Muppy. Nydeleg og ferskenfarga og girl-next-door, samstundes som ho ikkje spyttar i glaset på fest, og ho hadde passa fint i boots, kåbbåihatt og miniskjørt, dansande på bordet.
Og dei fem damene er sjølvsagt mema eller tægga eller kva det no heiter. Om dei driv med slikt.

radiohode sa
Raskt & flott levert!
Concrete Blonde ser/hører man ikke så ofte for tiden. De har en låt som heter noe med Hollywood, tror jeg, som jeg liker veldig godt. Vet du noe om den?
Avil sa
Going to Hollywood? Uæh, dette er verkeleg over 15 år sidan, radiohode.
Undre sa
Åh, så fin sang!
Jeg liker gammelt “ræl”.
Men jeg hadde ikke hørt den sangen før. Så takker for veldig fin sang!
Jeg har liksom gått bakover i tid Carole King, Derek & the Dominos bare for å nevne noe. Men dette må jo opp på CDON-ønskelista mi!
Nå er jeg kjempedårlig på å bli tagga, men jeg skal legge min sjel i å få gjort unna denne.
Marianne og David er en høydare. De er til å spise opp når de synger “I Got You Babe” sammen.
Avil sa
Undre: Det var jo også eit sjeldant bowie-klipp eg ikkje hadde sett før, og eg har vore forelska i fyren sidan eg var 13.
Undre sa
Jeg har liksom ikke “oppdaget” Bowie før nå. Vi måtte først lese og så se “Kristiane F.”-filmen på videregående, og det at Kristiane F. prostituerte seg første gang etter å ha vært på Bowie-konsert gjorde liksom til at jeg /og flere med) har grøsset av Bowie helt til jeg oppdaget hans cover av “Wild is the wind” og “I Got You Babe” nå i år (sic).
Tyskundervisning er ikke bra.
Mihoe sa
Ah! Perfekt sang – jeg skal jo gifte meg med Nick når han endelig skjønner at jeg er kvinnen i hans liv. Og du har nok “catchet” meg også.
Hva jeg skal gjøre med taggingen er jeg litt usikker på all den tid jeg ikke har musikk lagret på pc’en min…Må tenke litt på om jeg skal ta sjansen på å benytte Minime’s mp3 spiller.
radiohode sa
Ja, den er gammel. Er den dårlig, da? Kan ikke huske noen “best before …” på den?
Avil sa
Undre: Eg fekk berre lyst å bli narkoludder av å sjå Kristiane F, eg.
Mihoe: Ein kan nytte kva mediaspelar ein vil, heilt sikkert også barnekassetten i bilen.
radiohode: Den er ikkje dårleg. Dessutan hadde Tomorrow Wendy fanclubadresse på Selma Avenue eller noko. Noko venninna mi Selma likte godt. Utan ho, eller rettare, utan kjærasten hennar i 1992, hadde eg aldri høyrt om CB.
radiohode sa
Og forresten: Hvor er logikken i at Undre får lov til å like “Wild is the wind” fra Stationtostation (1976), mens Concret Blondes halvparten så gamle låt er “Uæh, dette er verkeleg over 15 år sidan, radiohode”. Dere jenter henger alltid sammen og geiper på oss guttaboys.
Avil sa
“Uæh, dette er verkeleg 15 år sidan” var berre ein merknad til at eg syns det var vanskeleg å hugse kva album den var på!
Låtutvalet (sjølv om det er aldri så randomisert og kunne vore gamle perler mellom det siste nye, hahaha, på laptopen min) burde jo tale for seg sjølv: Eg likar gamalt ræl, radiohode.
radiohode sa
Åja. Beklager.
Polyanna sa
Jeg får tusle inn i iTunes da. Hehe.
muppyen sa
Eg blir litt usikker kjenner, eg. Eg likar jo ikke kåbåiar og cøntri og slikt. Eg er vel heller i andre enden, trur eg. Men takk. Hehe.
muppyen sa
Kåbbåiar.
Avil sa
Tenk at eg kunne ta så feil. Ikkje Sweet Home Alabama, eingong?
muppyen sa
Vel, til allsang, kanskje.
Avil sa
Sjå der. Du er på glid.
Undre sa
Avil, jeg tror egentlig ingen har godt av “Kristiane F.” på videregående.
Undre sa
Musikk vs. blåggar (meme) « Undreverset sa
[...] 24th, 2007 by Undre Avil har tagget meg. Jeg skal plukke fem blogger fra bloggrollen min og så sette musikkavspilleren min [...]