Damstill sjø og huldrelått
Posta av Avil den april 1, 2007
Laurdag morgon skein sola klår frå høg, blå himmel frå morgonen. Nattvetter og huldrefolk trakk til skogs med hjort og skodde, og rimfrosten låg skimrande ei kort stund medan vanlege folk åt egg og rundstykke og kika ut glaset og tok dagen for gitt.
Så kraup skodda ut or skogen att. Først ein låg dis over jordene, og etterkvart låg skodda tjukk rundt nåvene. Sola vart først bleik og til sist borte, og den kalde, ljose morgonen vart dim og våt.
Eg rusla ned til sjøen. Fuglane tagde i tåka, ikkje eingong måsen lot høyre frå seg. Vatnet låg damstilt i heile fjorden. Ikkje ei krusning. Skodda var lettare ut over sjøen, og frå brygga såg eg korleis bakkeskyen kom som ein blaut vegg frå skogen inne på land.
Eg sette meg ned og såg utover den daude havflate, og kjende den kalde væta mot ryggen.
Då høyrde eg eit kort snøft attom naustet.
Eg stokk, og snudde meg brått for å sjå etter mink.
Kjensla av at det var nokon der kraup på meg. Eg høyrde ikkje fleire snøft eller lydar.
Men då eg var gått eit stykke opp bakkane, på veg opp til huset att, høyrde eg ein kort latter nede frå stranda.
Kan hende det var måsen.

Mathilde sa
Det må ha vært ein vett som ikkje fylgde etter dei andre. Den var nyfiken på deg.
Avil sa
Eg trur dei sneik seg ut att med skodda.
morogfarihuset sa
Eg trur det var våren som smaug seg langs hushjørnet. Ventetida er over, min ven.
Avil sa
Åh. *lukkeleg*
Genese sa
Eller noe annet. Tåke kan skjule så mangt. Men alvorlig: Det er en helt spesiell stemning i tåke, noe bløtt, trolsk. Det blir en stillhet, selv om det ikke egentlig er stille. Og noe som kan sette fantasien i gang.
impen sa
Det er våren. Jeg sverger. *rød i kinnene*
Genese sa
Nydelig bilde, så nærmere på det nå.