Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Opp alle jordas arme træller

Posta av Avil den april 14, 2007

Sola skin, våren er her. Eg håpar på under 20 hits på blåggen i dag, og at heile blåggebyen er stille og eksosfri heile helga.

Ting eg vil gjere denne helga:

  • Sitte på trappa og drikke kaffe utan å røyke.
  • Fylle grøfter med grus.
  • Luke vekk visne blomar frå i fjor.
  • Shoppe nye blomar og plante dei ut.
  • Lese.
  • Danse i stova når familien er ute.
  • Synge høgt.
  • Skrive eit halvt kapittel.
  • Sminke meg meir enn eg ville gjort på jobb.
  • Gå med høge hælar heile tida, så sant eg ikkje er i hagen.

God helg!

7 kommentarar til “Opp alle jordas arme træller”

  1. Undre sa

    God helg!

  2. Avil sa

    Takk! *smugsvarar*

  3. Avil sa

    No har eg ordna heile bedet langs innkjørselen, klypt ned og gjødsla rosene, og no trur eg kanskje eg skal flytte peonene. Dei står tett på sandkassen og i fjor døydde eg nesten då ein besøkande gut trakka skota ned med vilje.

  4. Genese sa

    Og det merkes: det er dødt i bloggverdenen. Kanskje skal vi være glade for det.

  5. Avil sa

    Ja, det er nesten litt sprøtt kor mange som har vore her i dag og i går. Heldigvis har få teke seg tid til å skrive noko. Me får håpe dei forta seg ut i verda att.

    Eg må forresten seie at eg har hatt to dagar der eg har vore så godt som lukkeleg. Det er omlag så lenge sidan sist at eg ikkje kan hugse det eingong.

  6. impen sa

    Jeg er glad for at du kjenner deg lykkelig. Jeg har vært på landet i helga og der var det helt fantastisk. Tyve grader og sol i hagen. Vi satt ute til langt på natt og det var aldeles skjønt.

  7. Avil sa

    Eg har lagt meg i skapeleg tid og fått sove frampå begge morgonar. *gladsukk*

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>