Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Ein rett og to korte

Posta av Avil den april 15, 2007

Eg har vore aleine vaksen i lag med ungane i heile dag.

Sjå, ein grei og tilforlateleg setning. Ein kan tenke “ho er ei god mor” eller “så koseleg”, eller (om ein er meir erfaren) “stakkar, så slitsamt”. Alt i alt ei utsegn som ikkje skremmer nokon. Det vert då ikkje farleg å snakke med nokon berre fordi dei har vore i lag med ungar heile dagen?

Jo!

Når eg er i lag med ungane mine er det ikkje rom for unnfallande, uvitande og unnvikande åtferd. Eg må velge og vite og bestemme heile tida.
Ta på deg strømpebukse under kjolen, det er alt for kaldt framleis. Eventuelt like autoritært: Neivel då, eg bestemmer at du får bestemme det sjølv, men kom ikkje til meg og surv om du frys, då går du inn og tar strømpebukse på likevel.
Tiss før me går. Nei, ikkje støvlettane, det er femten grader, ta på deg joggesko. Strømper i joggeskoa, ellers får du gnagsår. Kom, no går me vidare. Ta på deg sykkelhjelm. Puss nasa. Opp og stå. Fivreld er ikkje farlege. Blomar lagar born omlag slik folk gjer det. Det fins manneblomar og dameblomar og sjølve blomane er liksom tissen, manneblomen har frø som heiter pollen og så må frøa i manneblomen komme seg bort til dameblomen sitt arr, nei det er ikkje det same som arr på kneet, meir som ei vaksen tissekone, og der inne er det einslags egg som heiter frøemne, og når pollen og frøemne kjem saman vert dei til eit frø, og dameblomen er gravid og foldar seg saman kring frøet, sjå her, her er frå blomkarsen i fjor, det rundt her har vore blom og inni her, sjå der er frøet.

Etter ein lang dag med avgjerder og klåre meiningar vert eg veldig styrande når eg brått får vaksenkontakt igjen.

Nei!

Kadra er ei vanleg, norsk jente og har krav på same ytringsrett og fridom. Flytt føtene dine, dei luktar surt. Ikkje begynn å ete dessert før den siste er i ferd med å forsyne seg. Miljøvernministeren seier verkeleg så mykje dumt at SV verkeleg får vist at miljøengasjementet deira er like kunnskapslaust som å tru at det blir fred i verda av å sende ein provoserande utsjåande mann med måpetryne rundt som meklar.

*tante Sofie-stemme*

Dei vaksne måtte setje foten ned. Eg var ikkje til å vere ilag med.
Eg har nemleg vore ilag med ungane mine i heile dag.

15 kommentarar til “Ein rett og to korte”

  1. Iskwew sa

    Jeg fikk noen stygge blikk av to bestemødre i dag. Tigerungen falt på sykkel, hylte som en stukket gris og blødde (litt) fra hånden. Jeg var kun halvempatisk, da han jo hadde hylt slik et par ganger før på samme tur og så hoppet rett opp på sykkelen igjen. De syntes jeg var en dårlig mor, vil jeg tro. Men du blir garvet av å være alene med barn altså. Såpass får en syklist tåle.

  2. Avil sa

    Eg slepte med meg treåringen mens han grein, fordi han ville eg skulle bere han etter me hadde gått omlag tjue meter, og det var berre minus aktuelt. Folk i nabolaget syns kanhende ikkje at det likna ein koseleg søndagstur. Men han mptte berre komme over det, så etter femti meters sleping og grining var han heilt happy, og gjekk sjølv resten av turen.

  3. I dag har sønnen øvd på å sykle uten støttehjul. Det gjorde han i går også.
    Jeg har smilt og ledd og oppmuntret og holdt setet. Den samme veien veldig mange ganger.
    Ryggen min er ødelagt av den ubehagelige holde-sete-stillingen, men jeg har bitt i meg smerten og smilt.
    Veldig blid har jeg vært, men jeg ble selvfølgelig observert på den siste turen i dag da jeg mildt oppgitt sa: “HVORFOR I ALL VERDEN LEGGER DU DEG OVER PÅ SIDEN HELE TIDEN?”. Jeg fulgte forsiktig opp med: “Men du er veldig flink til at du har syklet såpass kort tid. Dette går som en lek!”.

  4. Avil sa

    Hohoho! Aldri så blid som med publikum!

  5. Genese sa

    Og alle kom fra dagen med humør, liv og helse i behold. TjoHei som dagene går.

  6. mariamytterist sa

    Dette var veldig kjent, Avil:) Og samtidig som jeg kjenner et bittelite savn etter akkurat den perioden, kjenner jeg desto sterkere at det er godt å ha tenåringer:)

  7. Avil sa

    I dag var dei på besøk hos venner begge to, for første gong. Eg visste verkeleg ikkje kva eg skulle gjere med meg sjølv.

  8. Det var tider da ungene var små da jeg følte meg som en general eller noe sånt! Men jeg er overbevist om at ungene hadde godt av en klar og tydelig voksenperson. Jeg hadde faktisk godt av det selv også, tror jeg! Men husker også godt de gangene hvor ungene var umulige, jeg kjørte min litt bestemte linje og andre voksne så litt dømmende på meg, uten at de egentlig kunne vurdere situasjonen. Ikke så veldig kjekt alltid det…

  9. Takk for blomstpraten.

  10. Avil sa

    Hehe.

  11. impen sa

    Fireåringen min vil ta av støttehjulene. Det vil ikke hun på syv. Bør man få vondt i magen av det? Jeg har.

  12. Avil sa

    Eg ville løpt og løpt med krokut rygg med sjuåringen, og ignorert fireåringen.

  13. impen sa

    Jeg forsøker, mens fireåringen sykler forbi oss. Foreløpig med støttehjul. Jeg har lest Karsten og Petra for den eldste og vi har funnet ut at vi skal dra til et sted hvor ingen ser. Jeg setter min lit til at det kan fungere.

  14. Avil sa

    Ingen ser er bra.

  15. impen sa

    Ja. Jeg håper hun får det til.

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>