Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Meir biologi i O-fagstimane?

Posta av Avil den april 26, 2007

Kan me lære noko av andre flokkdyr det er naturleg å samanlikne seg med?

Det fleste flokkdyr me naturleg kan samanlikne oss med slit med unge hanndyr som ikkje får vere med. Desse dyra dannar i blant eigne flokkar og kan komme brasande og terrorisere familieflokken. Ellers sleng dei einsame rundt og går på treningssenter og les pornoblad og fantaserer om den dagen dei skal gruse leiarhannen i familieflokken og overta alle beibsa.

Hos andre raser pleier familiefedrene derfor å vere temmeleg obs når slike unge, bitre gutelarvar nærmar seg, og i heile landsbyen står hannar og hodyr temmeleg samla om å avvise dei.

Chimpansedamene derimot, pleier snike seg bak buskar og steinknausar med dei som ikkje er sjef, og ha litt sex likevel. Slik dempar dei aggresjon hos hanndyra som ikkje er øvst i hierarkiet.
Dette har chimpansemenna løyst med å utstyre seg med temmeleg store testiklar. Slik har leiarhannen von om å blese ut all konkurrerande sæd med sin eigen kjempedose.

Menneskehannane er liksom semiutstøytte når dei ikkje har dame, litt med og litt ikkje med, og alltid kretsande i von om å få vere med. Menneskedamene snik seg også litt bak buskar i blant, og det er ikkje berre dei smarte og sterke og velutdanna og rike som får sex. Men helst ikkje når ein er i parforhold.

Menneskerasen slit rett og slett med denne kombiløysinga.

Anten burde me hive ut aggressive hanndyr som ikkje kan styre seg, eller så burde me tillate utroskap og satse på større testiklar.

Det var berre eit forslag.

10 kommentarar til “Meir biologi i O-fagstimane?”

  1. Genese sa

    Det med større testikler var av interesse? Hvordan???

  2. Sniksex. Pussig greie, men egentlig ikke.

    Men med denne “politikken” blir det jo et gubbevelde, jyplingene får bare styre der det ikke synes. Og da er vi jo like langt…

  3. Avil sa

    Genese: Gorillaer er trufaste og har små testiklar, mennesker er semitrufaste og har middels testiklar, chimpansar er notorisk utro og har store testiklar. Biologane meiner dette er meir enn berre korrelasjon.

  4. Hydra sa

    Her er det veldig passande å snakke om det som vitenskapen kallar sneaking fuckers, altså bittesmå hannlaks som ein ikkje skulle tru var kjønsmodne, men som lurer seg til å sprute spermen sin over nylagte egg utan at dei store laksane merkar det eingong. Korleis passar desse inn i teorien din, Avil?

  5. Avil sa

    Eg føler ikkje at laks er ein art det er naturleg å samanlikne seg med, men det er sjølvsagt mogleg eg bør ta sjølvkritikk på det.

  6. Menneskedamene sniker seg nok også litt bak busker og knauser, det viser seg visstnok oftere enn man tror at faren til ungen likevel ikke er faren…

  7. Avil sa

    Og istaden for å bli krakilske og sure og skilsmisseaktige burde altså menn skaffa seg større testiklar.

  8. Om å gjøre å ha skikkelige baller, altså?

    Hvordan er det, forresten? Er det lettere få balletak om man har større baller?

  9. Avil sa

    Eg veit ikkje kva du meiner med balletak, men eg har forstått det slik at store testiklar kan levere store mengder sæd.

  10. Stemmer for å hive ut de aggressive hanndyrene. Sliter litt med tanken på å forstørre testiklene….

    “Grew some balls”?

    Egoisten
    - Åtgaumsforvaltar

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>