Om det skulle bli aktuelt
Posta av Avil den april 26, 2007
Det har seg sånn at eg har lyst til å rømme landet av og til. Ta med meg alle eg er glad i og rømme til eit tenkt samfunn der dattera mi kan vekse opp og vere eit fritt menneske utan å kunne bli valdteken av folk som meiner det er hennar skuld fordi ho er så inderleg søt. Ein stad der sonen min kan vekse opp utan å bli slått ned som som attenåring i ein drosjekø av ein dritings fyr berre fordi sonen min er så inderleg søt.
Men så er det ingen stader å rømme til.
Då er det fint å kunne tilkalle Northstar. I følge ein test eg tok, er han nemleg den superhelten som passar best for meg, og sjølv om han er litt oppesen, er han veldig smart og fin og kan ordne opp i slikt som politikarar og politi og psykisk helsevern ikkje får til.
Eg berre opnar glaset oppe i andre etasje, ser litt drøymande ut i natta og så plystrar eg lågt. Då kjem Northstar fykande over tretoppane.
- Skjønne frue i naud, kva kan eg hjelpe deg med?
- Åh, det er visst omlag halvdelen av norske menn som verkeleg meiner at kvinner kan valdtakast om dei har hatt fleire sexpartnarar og er flørtete i veremåten.
- Oisann. Vil dei at damene skal spare seg til ekteskapet og vere sure og avvisande mot alle?
- Eg veit ikkje. Kanskje dei vil at alle skal bruke burka.
- Dette er ein superheltsak, berre vent litt.
Og så svosjar Northstar over tretoppane igjen, og kjem attende ti minutter seinare med litt blodflekkar på trikoten.
- No har eg fiksa det.
- Åh! Kva gjorde du?
- Eg ringte til alle i Noreg, og dei som svarte feil berre knerta eg.
- Sallan. Nokon eg kjente?
- You will be suprised.
- Det var kanskje litt leit.
- Eg knerta ikkje dei aller finaste. Eg tenkte at om dei med feile meiningar var i skrikande mindretal ville dei anten føle seg så dumme som meinte noko så avvikande at dei ville endre haldning, eller så ville dei uansett bli rekna som stupide om dei opna kjeften, så dei ville ikkje kunne gjere nokon skade. Og eg veit jo at du ville prioritert dei vakraste, om du først skulle spare nokon.
- Men kva med dei eg er glad i då?
- Litt må ein ofre.
- Hm.
Som du skjønar, så kjem eg ikkje til å tilkalle superhelten min før det verkeleg, verkeleg sprekk for meg. Det er alt for risikabelt. Men det kan vere greitt å ha nokon i bakhand. Om det skulle bli aktuelt til slutt.

Genese sa
Hehe. Litt truende, bare.
Avil sa
Northstar er ikkje til å spøke med.
Offisiell melding fra Undre til alle menn « Undreverset sa
[...] “Om det skulle bli aktuelt” av Avil. [...]
Iskwew sa
Jeg tror vi får spleise dattern din med Tigerungen min jeg, Avil. Og så sørger vi for at de blir så opptatt av hverandre at de ikke går ut.
Northstar beviser at slike ønsker må komponeres med nennsom hånd.
didjeridust sa
Må berre få koma med min kommentar i denne samanhengen(“50 % menn meiner at, etc…”-saka som har versert media i det siste)…
Eg er mann! Og eg skjemmest…skjemmest djupt og inderleg over at så mange av min “art”(dvs menn) har slike vanvittige haldningar…eigentleg skulle eg berre ignorert det faktum at me her vert handsama som ei gruppe, me er trass alt individ(“Yes! We are all individuals!”), men helsike heller…at det finst så mange idiotar med pikk finn eg alvorleg urovekkjande. Er det rart det ser ut som det gjer her i verda…
Trist, er det…så uendeleg trist…er ein lang veg å gå…men den burde vore ferdig gått for lenge sidan…
Avil sa
Heldigvis er over halvdelen av menn kloke og reflekterte og innsiktsfulle.
At halvdelen av befolkninga er for dumme veit me jo frå før, uansett kjønn. Ellers ville vel demokratiet funka noko betre, og USA ville hatt ein president som oppførte seg som folk.
gammelKaffe sa
Jeg tror det er noe alvorlig galt med spørsmålsformuleringen til TNS Gallup… for hvordan defineres egentlig begrepet “ansvar” og “ansvarlig”? Er ansvarliggjøring av offeret en avsvarsforskyving i forhold til overgripers ansvar eller skal ansvar forståes som “alle har ansvar for å ikke utsette seg for risikosituasjoner”?
En person kan aldri være helt eller delvis ansvarlig for et annet menneskes handlnger.
Jeg syns det er betimelig at det ikke har ringt noen alarmklokker hos Amnesty/TNS Gallup når de får svar som er så hinsides enhver fornuft og som spriker i alle retninger. Jeg finner det svært merkelig at 75% av de samme mennene, hvis 50% mente at kvinner er helt eller delvis ansvarlig for seksuelle overgrep, også mener at vold mot kvinner ikke er aktuelt under noen omstendighet – selv ikke som selvforsvar.
Avil sa
Jammen bra at eg ikkje plystra på Northstar, då, Gammelkaffe.