Antihelten i norsk krim
Posta av Avil den mai 23, 2007
Kven er dette?
Varg Veum?
Derrick?
Den lett forfylla, middelaldrande og bitre privatdetektiven?
Den sosialrealistiske politimannen med magesår og fråskilt gnålekjerring å fø på?
Nei, det er den nye antihelten i norsk krim!
Ljos i kjømda presenterer:
Den surmaga KRL-lektoren Per Bjørnar Grande!
Oppfølging 24.05.07:
Eg er så enkel. Først leste eg Grandes kronikk og vart litt sur på han. Og så leste eg andre sine greier og så gjekk surheten litt over på andre. Og så velta eg rundt på nettet og vart både oppgitt og sur og slikt. Men så høyrde eg dei siste to minutta av einslags debatt mellom Gunnar Staalesen og Per Bjørnar Grande på P2. Og Staalesen snakka og snakka og var klår og tydeleg og pøste på med namn og tal og døme på alt mogleg. Og så sa radiodamen at no fekk Grande lov å svare for seg.
Og han sa: Øhhh. Ehhh. Ehhm. Hm. Nei…altså.
Og då rann all irritasjonen av meg.


Hydra sa
Eg er litt enig med den surmaga. *går i meg sjølv*
Avil sa
Ein kan då verkeleg ikkje ha ein mindre kulturtruverdig bakgrunn enn KRL-lektor. Han har sikkert eit poeng eller to, men eg ser ikkje forbi den der KRL-greia.
*går i meg sjølv*
Hydra sa
Vi går og går. Møtest vi på midten, eller sjåast vi aldri att?
Avil sa
Hold grisepraten for Dem selv.
impen sa
Den nesa går Rudolf en høy gang.
Hydra sa
Haha, eg må ha høyrd same programmet som deg, eg fekk også med meg KRL-lærarens “Øhhh. Ehhh. Ehhm. Hm. Nei…altså.”.
Forøvrig har eg ikkje lest verken lærarens kronikk eller andres svar, berre overskrifta i linken din. Men eg les mykje bøker. Krim og anna. Og eg vil påstå at det er ikkje krimbøkene eg les som får fram dei store tankane og refleksjonane hos meg om livet og havet og døden, det er ikkje det. Sjølv ikkje den gode krimmen gjer det.
Eg bør nok bli KRL-lærar.
Avil sa
KRL er jo slikt som handlar om livet og havet og døden. Men eg har inntrykk av at dei gjerne omhandlar det på same vitlause måte som krim gjer, då.