Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Oslo for bygdefolk

Posta av Avil den juni 21, 2007

Dette treng landsbyidiotar som meg å vite om Oslo:

1. Frå Gardermoen går det flytog rett til Oslo S. Rett utanfor hovudingangen finn du Trafikkanten og der inne svarar dei på sånne teite spørsmål om kvar ting er og slikt. Men viktigst: Dei gir deg eit kart. På kartet lagar dei gjerne små ringar kring dei stadene du har spurt om. Dette kartet beheld du i veska.

2. Trikkar går i eit virvar overalt. Det er ikkje så lett å vite kva trikk ein skal på. Men ein kan spørje. Om dei som ventar på trikken ikkje kan svare, så kan trikkesjåføren. Dei er mykje greiare og meir sørvisinnstilla enn du kan drøyme om. Men du må snakke fort og komme til poenget og ikkje dra ut sånne lange Alta-setningar, for då køyrer dei berre vidare og du kan du bli hengande halvt ut av trikken og døy.
Bruk heller kartet du har i veska og spør kjapt.

3. Det er minibankar inni Deli de Lucaene og Seven 11ane. Og dei er overalt. Der selger dei også tannkost og kondom og deodorant og kaffe og noko du kan ete til frukost på veg heim. For å finne heim att til hotellet eller kursstaden: bruk kartet du har i veska.

4. Om du skal frå Karl Johan-sentrum til Grünerløkka-sentrum må du gå over ei bru der du kan få kjøpt narkotika, bli rana eller valdteken, eller i alle fall bli fortalt etterpå at alt dette kunne skjedd.

5. Sentrum er ikkje større enn at du kan gå overalt, dei beste restaurantane er indiske, og dei beste butikkane finn du sikkert ikkje. La være å bruke pengane dine på ræl, sett deg heller på ein utekafe og røyk masse så lenge det er lov, og sjå på horene så lenge det er lov.

6. Når du er full bør du ta drosje.

7. Ikkje ha høge forventingar. Det er ein ganske stygg og ganske liten og ganske keisam by.

25 kommentarar til “Oslo for bygdefolk”

  1. iskwew sa

    Det går trikk over brua. Anbefales!

    I hine hårde dager i mitt før-barn-liv bodde jeg på Carl Berner. Fattig var jeg også. Så jeg gikk. Jeg er jo gær’n, det visste du vel allerede, men der kom beviset.

  2. Avil sa

    Klart ein kan ta trikk. Det seier jo alle at ein skal. Men eg likar å gå.

  3. genese sa

    “Tannbørste, kondom, deodorant, kaffe og litt mat”. Vel,- det skulle bli det helt nødvendige. Så kan det andre komme ved behov. :-)

  4. Avil sa

    Dei har Morgenbladet på dei der kioskane også! *lukkeleg*

  5. iskwew sa

    Oslo-kioskene er velutstyrte, det skal de ha!

  6. Avil sa

    Den pastaen med ostesaus skal ein styre unna, forresten, det er overkokt pastagraut.

  7. Nicolas sa

    Jeg bor bare i Trondheim, her har vi ikke t-bane en gang, men det virker jo nesten som om du kommer ut fra urskogene, Avil. Enda bra dere kan få Morgenbladet i posten der (med mindre du oppdaget det også i byen, selvfølgelig).

  8. L sa

    Eg kan anbefala Absolutt Oslo av Are Kalvø. Der står alt ein treng veta når ein kjem frå bygd til tigerstaden. Eg les den nett no.

  9. Tror jeg bodde i Oslo ett aar uten aa ta trikk en eneste gang. Har mistanke om at trikketurer lett kunne ristet bort den oerlille stedssansen jeg har. Saerlig som turist tror jeg gode sko og t-bane er alt man trenger!

    Oslo er absolutt en ganske liten by, en aarntlig storby har jo i seg selv flere innbyggere enn hele Norge. Men stygg er den da ikke?

  10. Avil sa

    I Noreg og Danmark syns eg Bergen og København er dei finaste byane. Den første har Nordnes og Sandviken og eit fortetta, bittelite sentrum med kafear og utestadar og butikkar overalt. Veldig fint. København har alt det Oslo manglar av storbystaselighet, sjølv om København også er ganske lita.
    Oslo har noko stussleg over seg når eg ser på bygningsmassen, og så likar eg verkeleg ikkje desse store, rotete opne romma som dukkar opp overalt. Som om dei hadde all verdas plass å bygge på, og all verdas tid til å tenke over kva ein skal bruke den opne plassen til. For nokre er det sikkert ungt og norsk og naturleg. For meg virkar det berre som om Oslo er ein forvokst og umoden liten hovudstad.

  11. “Ikkje ha høge forventingar. Det er ein ganske stygg og ganske liten og ganske keisam by.”

    Ikke fortell det til alle Osloboere som er livredd for å måtte innse at vi bor i et lite land i et lite hjørne av verden, og at Oslo er en liten landsby med små mennesker. Disse stakkarene prøver å fortrenge dette, og sier til hverandre at “vi har jo egen Loius Vuitton-butikk og alt mulig”. Så later de som om de ikke er provinsielle, og avslører ved det den ytterste provinsialismen.

  12. Avil sa

    radiohode, anten er du ironisk eller så er du i det negative hjørnet.
    Oslo er ein liten by, men FOLKA er då ikkje små. Nordmenn er gjennomsnitleg ganske høge.

  13. Litt av begge deler, kanskje? Men mange(?) Oslofolk tror de er “larger than life”. Det er et udiskutabelt faktum.

  14. Mads sa

    Eg må også melde meg på som ein av dei som har budd eit år i Oslo utan å ta trikken. Ikkje er det tog, og ikkje er det buss … !?

  15. Jeg foreslår ett punkt til:

    “Litt bak Stortinget, sånn på skrå, ligg ein butikk som har landets beste utvalg av jongleringsutstyr og annan moro. Den finn du lett, bare gå på skrå bakover.”

  16. Suz sa

    Standard heter den.

  17. Hydra sa

    Når du er forbi stadiet at du må innom Trafikkanten og få ringa rundt adressene dine, og dessutan byrjar å gå forbi 7-11 og Deli de Luca, skal du ikkje sjå bort frå at byen blir både penare og mindre kjedeleg.

  18. Avil sa

    radiohode: Eg trur det er ein myte. Folk som er fødd og oppvaksen i Oslo er ganske greie dei. Det er alle studentane som skarrar på r-en som utgjer det såkalla urbane bybiletet.

    Mads: To bein er det beste transportmiddelet. Trikken minner meg litt om Kardemommeby.

    nissemann: Om eg byrjar ha interesse for sportsutstyr, kan eg likegodt gå skrått baklengs. Folk vil uansett tru eg har tørna.

    Suz: Du er så full av faktakunnskap. *beundre*

    Hydra: Du har sikkert rett. *går i meg sjølv*

  19. Avil: Det det er mulig det er en myte, men Mythbusters ville garantert busted den uten en gang å prøve særlig hardt.

  20. Avil sa

    Me får tipse dei!

  21. Jeg kjenner dem ikke. Gjør du?

  22. Avil sa

    Ein framand er ein venn du enno ikkje kjenner.

  23. HA!

  24. Avil sa

    *fnis*

  25. Marina sa

    Det eneste turistrådet jeg noensinne har gitt folk som skal til Oslo var at jeg fortalte noen amerikanere at det var ikke lurt å leie bil der. De ignorerte meg og kom tilbake fulle av historier om den fæle trafikken men de var fremdeles helt skråsikre på at man kommer seg ikke noe sted med buss, trikk og tog!
    Men vi vet jo alle at amerikanerne er tullete…

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>