Sjokkerende!
Posta av Avil den juli 11, 2007
Det er openbart eit visst behov for å bli sjokkert, og for å sjokkere. Aviser og kulørte vekemagasin gjer mykje ut av det sjokkerande i valdsbruk, narkotikabruk og pengebruk. Eg kjenner meg nummen og trist, og lurer på om eg har bruk for å bli skikkeleg sjokkert. Dra på slumming eller sjå ein gammaldags 80-tals skrekkfilm eller snike meg inn på kirurgisk. Sjå noko skikkeleg fælt. Det må jo vere nyttig for noko, så oppslukt som alle er av det sjokkerande?
Det er mykje som opprører og engasjerer emg, men eg blir visst ikkje så ofte sjokkert.
Sjokkert er ei kjensle som krever at ein verkeleg, verkeleg ikkje trudde at “sånt kunne skje”, og så skjer det. Tenk! Oi! Herregud! Fytti rakkeren! Det var som satans!
Eg har sett ein del rare ting, og lese om og blitt fortalt veldig mykje meir.
Det er ein vesens forskjell på å lese om noko, og å høyre om det frå folk som fortel om eigne opplevingar. Å sitje saman med nokon som fortel om eigne forferdelege og gripande historiar gjer noko med ein.
Men det er også ein vesens forskjell på å lytte til ei historie, og å vere der når det skjer.
Det som hender i virkeligheten er så usensurert, uforutsett, uplanlagt. Du går tur langs vegen med hunden, og så køyrer ein bil rett inn i eit tre foran deg. Lydane, lukta av brent gummi og bensin, tida frå det skjer og til ein skjønar at det faktisk skjedde. Her og no. Ei historie utan byrjing og slutt, berre eit lausrive og uforutsett fragment. Ein bil som køyrer inn i eit tre. Redsla og gruen, sit det ein daud mann der inne no? Kva skal eg gjere? Er det 110 eller 112 eller 113 som er rett telefonnummer no igjen? Skal eg ringe mor mi? VG? Skal eg freiste få opp døra? Vil bilen brenne? Eller skjer det berre på film?
Det skjer sjeldan. Og når det skjer, blir folk ofte sett ut av spel i lang tid. Endelause månader og år med forutsigbart og keisamt liv bak skranken i banken, og ein dag kjem ein fyr inn med pumpehagle. Ingen er førebudd på slikt.
Me har så rolege liv. Alt er så likt og rutineprega.
Og me er så dårleg førebudd på kriser og bilar i tre og pumpehagler i banken.
Det blir fort nattevåk og angst og mareritt og påtrengande minner av slikt.
Skrekkfilmane virker ikkje preventivt. Tabloidavisene fungerer ikkje. Me berre plukkar borti sjokkrefleksen, men utløyser den ikkje eigentleg.
Folk les avisa i lunsjen og seier at noko er SJOKKERANDE!
Eg trur dei lyg.
Dei vil gjerne vere sjokkerte, men dei er det ikkje. Og når sjokket kjem, så er dei ikkje førebudde.

Mads sa
Sjokkoverskriftene pirrar jo frykta for at noko sjokkerande skal skje oss, men vi trøystar oss med det-skjer-ikkje-meg-(tralalallala)-vrangførestellinga. Og stort sett går det jo greitt.
Avil sa
Stort sett er jo den vrangførestillinga ei rettførestilling, då.
genese sa
Du har jo rett. For sjokket er jo nettopp det: Det som kommer helt overraskende på oss. Og da vet jo egentlig ingen nøyaktig hvordan de vil reagere.
Alt vi kaller sjokkerende, er neppe mer sjokkerende enn en liten gysning.
Nicolas sa
Det burde vel egentlig ikke sjokkere oss at ord vannes ut. I alle fall ikke når vi har et kapitalistisk system hvor media gir oss det vi vil ha – sjokkerende, grusomme, forferdelige nyheter. Da får vi flere og flere nyheter som er slik (de redaksjoner som ikke tilpasser seg selekteres vekk), og begrepene vannes ut.
Jeg klarer ikke komme på eksempler, men jeg tror lignende ting skjer på andre fronter av språket også. Det som før var uforskammet, uhørt eller rystet noen har nå fått andre begreper. Og dersom man holder fast ved at det som var sjokkerende før fortsatt burde vekke samme følelse i oss, da blir man selvsagt skuffet.
Mathilde sa
Det er blitt alt for lett å si at vi er sjokkerte. Jeg blir alltid irritert når noen forteller om noe fælt de har lest, for så å si hvor fælt de synes det er, og så begynne å snakke om hva de skal ha til middag i morgen.
Avil sa
nei, det sit sjeldan så djupt som språkbruken tilseier.
Linda sa
Jeg sitter i en bil i Tyskland, og er veldig glad for å lese noe du har skrevet. Jeg håper ikke det var spesielt sjokkerende. Suss!
Avil sa
Passasjer forsiktig, vennen!