Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Husmor? Ja takk!

Posta av Avil den juli 15, 2007

Eg vil gjerne ha ei, eg. Ei blid og høfleg dame som kan alt det der med mat og reingjering og privatøkonomi, ei som står opp med ungane og sørger for at det er nystrøkne klede i alle skap, at bær og eple i hagen kjem seg sylta og safta i hus, og som luftar tepper og vasker vindauga når veret er til det. Eg vil gjerne ha ei sånn som kan fjerne flekkar og stoppar strømper og strikker strikkejakkar og monterer dei sjølve. Eg vil gjerne ha ei som alltid er velstelt og solid og grei, ei som ikkje snakkar meg imot så lenge eg blandar meg utanom saftkokinga og bruken av avispapir når ein skal polere vindu.
Alle ville vel hatt ei husmor heime?
Det er då opplagt.

Like opplagt er det at dei er mangelvare fordi få gidd å vere sånn, og fordi folk ikkje har råd til å slikt, og fordi det er bruk for alle gode hjernar og virksomme hender i næringsliv og offentleg sektor.

Så då får det vel vere slik då, at me istaden deler litt på det som er kjipt og behandlar kvarandre med respekt og pyntar oss sånn passe alle saman. Me gjer så godt me kan, dei fleste av oss. Sjølv om me ikkje har nokon husmor der heime.

Andre reaksjonar på husmorsaknet:
Rockette
Hjorten
Gunnlem
Turbipippip
Christian
Fredrik
Audun
Tom-Christer
Kroonweb
Undre
og mange fleire…
 

14 kommentarar til “Husmor? Ja takk!”

  1. Du har så rett. Vi er gode nok som vi er.

  2. Så merkelig at Siv Tårnfrid Jensen ikke ville kommentere.

  3. Ei sånn skulle jeg gjerne hatt også, Avil!
    *drømme*

    Og helt enig: R-E-S-P-E-C-T

  4. Habben sa

    Kvinnene har jo en tendens til å kreve allverdens av en mann nå for tida da, mens vi gutta bare må holde kjeft, så det kan se ut til at de tradisjonelle rollene er byttet om…enn så lenge.

  5. Avil sa

    *fniser av Habben*

    Særleg.

  6. Undre sa

    Avil, du er fabelaktig til å treffe spikrene på hodet. :-D

  7. Avil sa

    Det er derfor eg har hammar.

  8. genese sa

    Å??? Er ikke dette mannens medfødte rett, da? Er det oppviglere blant oss?

  9. Avil sa

    Hahaha, mannen er jo Guds son, det hadde eg nett gløymt. Herre over dyr og fiskar, planter og kvinner.

  10. Undre sa

    Track-ping-pong-backene må ha tatt seg sommerferie, Avil? :-|

    Jeg har sendt et lite rop om hjelp til WordPress, så får vi se om jeg får svar.

  11. Avil sa

    Ja, dei trudde kanskje me skulle vere ute i sola eller noko? :(

  12. genese sa

    Avil
    You got it

  13. Sissel sa

    Enkelte er for å bombast tilbake til steinalderen, jaja, som ho sei ho mor, stakarane har ikkje bedre vet.

  14. impen sa

    Jeg kan være en sånn husmor. I to dager..

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>