Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Å la seg forføre

Posta av Avil den juli 22, 2007

Når eg les bøker let eg meg forføre. Det hender forføraren, i dette tilfelle forfattaren, er litt klønete i blant, men eg er som regel mildt stemt og let småtteri passere. Eg vil jo bli forført.
Å lese er å la seg forføre til eit kortvarig forhold. Eg veit det har ein ende, om dagar, veker eller i beste fall månader, men det har ein ende. På sitt beste er desse litterære forholda nærast perfekte. Beina vert straks feid vekk under meg, eg klamrar meg til permane medan tida går frå meg, eg ler og gruer meg og krøller tær og blir rasande og i blant gjev eg meg over i hulking under dyna. Så er det slutt. Og eg har liksom ikkje hatt ansvaret for noko av det, det er boka som har styrt heile greia. Eg kan legge ho frå meg med lett sorg og vite at den neste forføraren allereie ventar på nattbordet.

Å skrive bøker er noko litt anna. Då snakkar me alvorleg og bindande forhold, ansvar, oppvask, krangling og periodar der ein er drit lei og berre vil gå frå heile boka. Skikkelege forhold er mykje strev. Eg gjev og gjev alt eg har i meg, og er i blant svært usikker på kva boka gjev attende. Eg trøyster meg med at fnisinga, stoltheten og dei tårene eg fell når eg skriv orda sjølv stikk djupare og varer lengre enn ein sommarflørt med ord eg har kjøpt meg til.

Heldigvis er boka mi ikkje oppteken av trufasthet. Eg kan faktisk la meg forføre av den eine kjøpeboka etter den andre innimellom. Boka mi syns i grunnen berre det er fint. Pauser er skikkeleg bra for oss i blant. Eg kan til og med skrive andre ting utan at det blir noko sutring.

Eg er i grunnen eit veldig heldig bokmenneske.

10 kommentarar til “Å la seg forføre”

  1. genese sa

    Ja, du er heldig. Fordi du går inn i den verden forfatteren legger åpent for deg, og det er vel først der inne at vi virkelig berikes.
    Det med å skrive bok: lykke til, neppe noe for meg. 10% inspirasjon, 90% svette, eller noe sånt.

  2. Pauser er bra.

  3. Avil sa

    genese: Det er ikkje så mykje svette, då. Hadde det endå vore det så hadde eg vel komme i betre form. ;)

    Mathilde: Jepp!

  4. Du kommer i hjerneform, Avil. Best form there is:)
    bm

  5. L sa

    Om du vil verta forført, kan eg ikkje anna enn å anbefala “The Kite Runner” på det aller sterkaste. Den er unik.

  6. Avil sa

    *notert*

  7. Esquil sa

    skriver du bok?? spennende. hvor langt har du kommet?

    du kan jo sende manus til det norske samlaget og andre nynorskforlag, det kunne ikke jeg.

  8. Avil sa

    Det gjekk visst bra likevel, då, Es quill.

  9. Lise sa

    Er det bare jeg som må forføres så intest at leseopplevelsen sjelden varer mer enn en dag – kanskje to? Gjerne like bra jeg ikke blir forført så ofte..

  10. Avil sa

    Eg har vel ikkje akkurat lagt Harry Potter frå meg meir enn naudsynt dei siste dagane.

Legg att eit svar

XHTML: Du kan bruke desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>