Columbi-egg og strekar som opner sjela
Posta av Avil den august 3, 2007
Eg likar å skrive og eg likar å teikne. Slik har det vore heile livet. Då eg var barn måtte mor mi tvinge meg ut og leike, eg hadde store vanskar med å rive meg laus. Og eg likar å lese, og å sjå på ting andre har teikna. Noko av det beste i verda er illustrerte barnebøker. Altså dei som verkeleg er gode. Men kva er det eigentleg eg likar?
Nokre bøker og nokre teikningar får meg til å tenke: Dette kunne eg gjort. Ikkje fordi det er sant, eg kunne sikkert ikkje det. Men dei har den kvaliteten ved seg at eg trur det. Som om eg gjenkjenner dei første gong eg leser eller ser dei. Som om dei er henta frå ein del av hjernen min som eg berre ikkje har brukt enno. Som om historia er mi eiga, streken er min.
Dei er columbi-egg.
Eg husker då far min spurte meg som barn: Kan du få eit egg til å stå på høgkant? Og det kunne eg jo ikkje, så han kakka det lett i bordet, så det sto støtt på den krakelerte flata på enden. “Eit columbi-egg” forklarte han. “Det får deg til å tenke at det der kunne eg og gjort. Men du kunne jo ikkje det. Eg spurte deg jo.”
Columbi-bøkene er gode, men ikkje favorittane mine. Eg les dei og gjenkjenner og kjenner samstundes på ein slags uro, ei kjensle av å sjå ein film eg har sett før – og så kjem trongen til å skifte kanal, sjekke om det går noko eg ikkje har sett på ein annan.
Columbi-bøkene hamnar ofte på nattbordet mitt fordi andre likar dei. Eg får dei varmt anbefalt, utlånt, tildelt. Eg les dei og undervegs kan eg godt gløyme meg sjølv og uroen ei stund, men når eg lukker boka etter siste side har eg ingen sorg. Berre ei kjensle av at eg burde skrive noko.
Columbi-teikningar gjer det same. Eg står ikkje og synker inn bileta på veggane om det er ein Columbi-kunstnar. Eg går kjapt gjennom galleriet og køyrer rett ut på Panduro.
Nokre bøker og nokre teikningar får meg til å tenke: Eg kunne ønske eg kunne lage noko sånt.
Dei er favorittane mine.
Eg føler eg sit med eit underverk foran meg, noko min eigen briljante hjerne aldri ville kunne laga om eg blei hundrede år og reiste og leste og lærte og arbeidde kvart sekund eg hadde att.
Ikkje fordi eg ikkje kunne kopiert dei. Streken og orda er ofte enkle.
Men eg kunne ikkje skapt dei.
Eg har nevnt Tigana. Ei bok eg ikkje kunne skrive. Ei bok som etterlot meg sår og i ave. Kan hende gjer den ikkje slik med andre. Men den sit i meg framleis.
Ein teiknar som gjer det same med meg, er Thore Hansen. Då eg var barn kjøpte me Norsk Mad, og eg bladde gjennom for å finne hansen sine teikningar. Dei var innimellom der. Einslege menn med store hender som hamna på feil planet og kom i snakk med fabeldyr. Satyrene. Kvalar som flyt sakte forbi i bakgrunnen med byar på ryggen. Eg kan drukne i strekane hans. Dei er ikkje mine, strekane hans var ingen stad i meg før han teikna dei. Likevel følger dei saumane i sjela mi og løsner stinga.
Eg er ikkje litteraturvitar eller kunstvitar. Eg har ikkje noko språk for dette. Eg ser at det er hos meg denne skilnaden oppstår, ikkje i sjølve verket. Eg kan ikkje peike og forklare kvifor bøker og teikningar hamnar i desse to kategoriane.
Svært mange bøker og bilete hamnar jo ikkje i nokre av desse kategoriane i det heile.
Det meste eg les eller ser er ikkje så bra.
Det undrar meg at mykje av det som verkeleg er god litteratur og gode bilete skal gje meg ei slik kjensle av at det er innan rekkevidde på eit vis.
Medan annan litteratur og andre teikningar skal opne sjela mi.

Skorpionkvinnen sa
Du skriver så godt om personlige ting, uten å bikke over i det som er FOR personlig! Sånt liker jeg å lese
Så kan jeg fortelle at her på jobben min samarbeider vi med Thore Hansen i forbindelse med Den Kulturelle Skolesekken. Han er en fantastisk morsom og dyktig person å samarbeide med!
laura sa
Jeg liker å lese det du skriver og irriterer meg i blant over at jeg aldri kunne ha skrevet det du skriver. Jeg har ikke ordene for det og ikke tankene. Da er det godt at du gir meg dem.
Avil sa
Skorpionkvinnen: Eg hadde sikkert blitt starstruck og måpande og teit om eg hadde møtt han. Eg hadde heilt sikkert lirt av meg noko vås, eller berre blitt taus og flau. Men du får helse han og seie at det fins folk der ute som forgudar han.
laura: Takk! *rødme kledeleg*
lindamac sa
Nå fikk du meg til å lure på hvor jeg gjorde av de gamle Mad-bladene. Jeg husker at jeg likte tegninger i de, men jeg greier ikke å se noen for meg.
Jeg kan såvidt se for meg brettebildene bak i bladet.
Skorpionkvinnen sa
Skal overbringe hilsen! Kanskje jeg viser ham denne posten, vettu
Han kommer hit i slutten av måneden.
Jeg husker også Mad-bladene, Feite Freddys katt og Don Martin var humor jeg elsket…
Avil sa
Du må gjerne vise han posten. Kanskje han har triste dagar, slik som vanlege dødelege, og blir glad når folk skryt, han og.
impen sa
Jeg savner så inderlig den altoppslukende følelsen jeg hadde da jeg var unge og leste. Ikke at jeg ikke blir oppslukt nå, men aldri like lenge og så intenst. Før kunne jeg lese og lese, såvidt spise, lese, takke nei til besøk, lese, lese, lese. Hente nye bøker. Forsvinne og bare bli der. Det er mulig at det er sunt at jeg ikke har det på samme måte nå, men jeg lurer litt på hvorfor jeg ikke får det helt til.
Noen lykkeblaff er det innimellom, da. Jeg finner en virkelig god bok og blir under teppet i timesvis. Tærne lever sitt eget liv og jeg fryder meg. Skikkelig. (Kanskje jeg må logge av nett for godt?? Iiiik.)
Avil sa
Nettet er ein skikkeleg bokfiende.
impen sa
Jeg tror jeg skal programmere pc-en med faste tider for internettbruk.
Avil sa
Kan ein det?
laura sa
Om ein kan det vil eg vite korleis.
Avil sa
No er våre litterære liv avhengige av deg, Impen.
Mimosa sa
Når man kan få oversmilende animerte kvinnemennesker til å poppe fram på skjermen hver time for å vise deg hvordan du burde tøye ut nakkemusklene og stimulere blodsirkulasjonen i armene, så går alt an. Det er jeg overbevist om.
Avil sa
Oi, har du sånne? Dei hadde gått meg på nervene.
Martin K sa
Ville bare nikke innom og dele min begeistring for Tigana. Guy Gavriel Kay er mannen sin, det.
Det kjipeste resultatet av nett på lesinga mi er at jeg har mye lettere for å skumlese nå en før, må virkelig konse for å lese stedsbeskrivelsene og ikke bare de handlingsdrivende partiene.
Avil sa
Når du først elskar same bok som meg, har du andre boktips på lager?
impen sa
Jeg aner dessverre ikke hvordan man kan programmere pc-en til internettbegrensning. Jeg klarer ikke helt å bestemme meg for om det er trist, eller ei.
Lothiane sa
“Eg les dei og undervegs kan eg godt gløyme meg sjølv og uroen ei stund, men når eg lukker boka etter siste side har eg ingen sorg. Berre ei kjensle av at eg burde skrive noko.”
Åååh, her beskrev du nøyaktig hvordan jeg opplever en del bøker. Dette kunne jeg ha skrevet..
Avil sa
Eg gleder meg til boka, Lothiane!
Martin K sa
Hmm, boktips, regner med du tenker fantasy. Alt av Kay er veldig bra. John Crowleys “Little Big” er veldig snål og skikkelig bra. “Mythago Wood” av Robert Holdstock gjorde fantastisk intrykk. Om du leser Sci Fi så er Iain M Banks en gud, så intelligent og engelsk humoristisk/grotesk som du får dem. “Player of Games” og “Consider Phlebas er mine to favoritter. Stephen Donaldson The chronichles of Thomas Covenant the Unbeliever” er skikkelig drøye, sånn enten liker du eller ikke bøker, historien om tidenes Jesus kompleks. Forandret meg da jeg var 14. For rein humor sword & sorcery, Fritz Leiber, han skriver som et popband. Og min personlige favoritt for tiden, Steven Erikson, begynner sinnsykt bra selv om det tar helt av etterhvert.
Avil sa
takk! *notere*
Avil sa
Det er i grunnen greit at det tar heilt av etterkvart.