Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Arkiv for kategorien ‘Film’

Merovinger

Posta av Avil den august 28, 2007

Eg har nett sett dei tre Matrix-filmane om att. Min generasjons Star Wars. Rørande gjensyn.
Men altså. Eit av dei eldste og farlegaste programma i the Matrix (eller Matrisen som det burde vore omsett til), er the Merovingian, eller Merovingeren som han heitte i den norske omsetjinga.

Brillefin superskurk.

Merovingeren - bilde tjuvlånt frå Wikipedia. Tusen takk for lån.

Her er nokre andre kjende merovingere:

Pipin den lille:

Pipin den lille, også tjuvlånt frå Wikipedia. Takk igjen.

og sonen hans, Karl den store:

Karl den Store, eller Charlemange, bilde tjuvlånt av nndb

Fin gjeng.

Merovingertida er rekna frå omlag 560/570 – 800 etter Kristi fødsel. Altså yngre germansk jernalder, tida før vikingtida.

Det skal vere eit australsk black metal-band som kallar seg Merovingain, men dei held seg openbert borte frå det skumle internettet. Eg forstår dei godt. Ein kan aldri bli svartmetall-paranoid nok her i livet.

Lagt til i Film, Musikk, Norrønt | 8 kommentarar »

Sparke mannerumpe-film

Posta av Avil den august 19, 2007

I den vanskelege sjangeren “blåggfilmkritikk” der Hjorthen regjerer, vil eg i kveld bidra med ein anbefaling.

Eg har sett Death Proof. Først humra eg litt. Så grøssa eg og blei alvorleg inni meg. Så blei eg litt engsteleg og etterkvart ekkelt og veldig engsteleg. Og heilt til slutt sat eg att med ei livgjevande lyst til å banke nokon. Dersom du har hatt ei litt dum veke, der du har tapt mykje på aksjar eller mista jobben eller blitt plukka på av fulle menn og ikkje heilt hatt guts til å knuse ein stol til pinneved mot trynet deira, så er dette filmen for deg.

Lagt til i Film | 5 kommentarar »