Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Arkiv for kategorien ‘Filosofi’

Dekadanse og Imperiets fall

Posta av Avil den august 13, 2007

Eg har høyrt nokre flosklar om imperier som nærast er blitt ordtak eller sanning, sidan dei er gjentekne så ofte: Alle stormakter vil falle til slutt. Eit imperium vil til slutt pregast av dekadanse, og då fell samfunnet frå kvarandre.

dekadan’se m1 (el. utt -dan>gse; gj fr frå mlat; av de- og lat. cadere ‘falle’) forfall, tilbakegang, oppløysing (som følgje av overdriven forfining)

Vår tids stormakt i vår del av verda er altererande omtalt som USA, EU, Vesten. Noreg står formelt utanfor det europeiske fellesprosjektet EU, me er medlem av NATO og heier forsiktig på USA, mens me snakkar skit om dei. Men alt i alt har eg fått med meg einslags (uansett kor problematisk og samansett) fellesskapskjensle mellom vest-Europa og USA: Vesten. 

Kvar er no Vestens truande dekadanse?
Er det verkeleg rikmannsdøtrene som sprutar dyr champagne over kvarandre sine utsulta bikinikroppar som vil føre til at verda slik me kjenner den vil møte sin ende?
Er det verkeleg universitetsungdommens flørt med anarkistisk litteratur og cannabis som vil styrte Europa og USA?
Er det interiørpyntesjuke og matsnobberi i middelklassen som vil føre Vesten ut i forfall, tilbakegang og oppløysing?

Eg ser Vesten som ei samling land som har vore gjennom opplysningstidas revolusjon, der akademiske utdanningsinstitusjonar har fått vekse og gjere seg til interessefrie maktfaktorar. Demokratia er tufta på at alle kan delta i styringa av eige land, dersom kvar enkelt borgar vert opplyst. Det å vere opplyst inneber at ein kan lese, at det er ei fri presse, at litteraturen er fri, altså at det ikkje førekjem sensur, og at det akademiske idealet om rasjonalitet og kritisk sanningssøken  ligg i botnen for dei enkelte sitt verdsbilete, handlingsalternativ og etikk.

Slik er Imperiets fall immanent i Imperiets storhet.
For me kan ikkje kreve at kvar enkelt borgar skal vere eit slikt opplyst, sanningssøkjande menneske. Snarare tvert om, det ligg i demokratiets og tanke- og uttalefridommens natur at det nettopp skal vere rom for å avvike frå idealet.
Ateistiske og naturvitskapleg orienterte demokratar vil alltid forsvare sine medmenneskers rett til å tru på og snakke om irrasjonelle idear. Det irrasjonelle er demokratiets smykke, eit strålande bevis på fridom, raushet, eit bevis for at ein er evig villig til endring og muligheten for at ein tar feil. Det ufornuftige er fornuftens diadem, sjølve krona som viser at ein aldri skal synke ned i sjølvhøgtideleg rigiditet og menneskefiendteleg eksklusivitet.

Diademet er blitt tungt å bere. Dei store religionane kristendom og islam har temmeleg god oppslutning framleis, trass i all utdanninga og alle avisene me har å by på. Den nåkalla New Age-rørsla har me kanhende ikkje vore så merksame på, men avisene er fulle av spåkoner og yoga-kurs, meditasjonstrening og dansekurs der ein kjem i kontakt med urkvinnen eller totemdyret sitt. Spør du dine venner, vil dei kanskje ikkje kalle seg kristne, men du vil kanskje finne overraskande mange som seier at “det er meir mellom himmel og jord” eller “eg trur på noko, eg vil ikkje akkurat kalle det Gud, men eg veit ikkje, kjærleiken kanskje, eller krefter me ikkje forstår”. Religiøse strømningar finn du både som dei store breie elvane av katolikkar, kristenkonservative protestantar og alle slag nykristne, samt dei muslimske innvandrarane i mange variantar og deira ikkje-ateistiske born, og dei millionar av “personleg søkande” som finn sin eigen måte å vere irrasjonelle på.

Er religion dekadanse?
Individets religiøse søken fell neppe inn under nevnte ordboksdefinisjon av “forfall, tilbakegang, oppløysing (som følgje av overdriven forfining)”. Det er likevel min påstand at Vestens sjølvpålagte ukritiske haldning til det irrasjonelle ved religion tek uakademiske og dermed udemokratiske proporsjonar. Ingen andre tankar eller idear i vårt samfunn møter samme berøringsangst ved universiteta, ingen andre påstandar blir ståande uimotsagte, ingen andre tradisjonar og ritual vert verna om utan spørsmål.
Sjølvsagt fins kritiske røyster, men då gjerne i form av anten Idioten eller den servile Filosof, desse to rasjonalietens narrar som verken når fram til den dei kritiserar, eller finn plass på forsidene. Det vil seie, dersom Idioten i blant er ein profilert politikar, kan han få spalteplass, men då berre som sensasjonsmateriale. Aldri som seriøs kritikk av det religiøse.
Den akademiske diskurs tek ikkje i det verkeleg irrasjonelle.

Foran opplysningstidas vaskemaskin, vert religion den nydeleg broderte silkekjolen som det står “kun rens” på, og som dermed berre blir hengt forsiktig til lufting. Den tåler ikkje vask, og er for nydeleg til å bli kasta.

For me treng det nydelege.
Også vestens alfabetar ber i seg lengselen etter barndommens magi, lengselen etter meining i det meningslause, lengselen etter poesien i tordenskyene og den større viljen bak den truande miljøkatastrofen.
Me treng det vakre.

Og me tillet dei irrasjonelle broderia, og gjev dei ytterlegare skjønnhet ved å gjere dei urørlege. Ei kyrkje som aktiv deltok i debattar kring eigne gudsbevis i uendelege panel med forskarar, “vanlege folk” og politikarar, ville miste sin mystikk.
Me tek ikkje religionen alvorleg, og dermed får den eit alvor ved seg som ironisk nok i desse dagar berre har sitt sidestykke i monarkiet. Det er berre pave og konge som opplever at journalistar neier og utan å flire brukar arkaiske tiltaleformer. Ved å unndra religion frå å bli tatt alvorleg, opphøger med den og gjer den til den ikkjevaskbare silkekjolen, til tabu, til noko særleg vakkert og skrøpeleg.

Vår lengt etter meir og anna, vår parathet til å la det irrasjonelt poetiske stå uberørt, gjer religion mulig i vår tid.
Dette veit eitkvart opplyst menneske. Både dei truande og dei ateistiske akademikarande i vår tid kjenner til mekanikken bak det irrasjonelles skjønnhet. Me forstår kvifor kongar og religiøse leiarar ikkje kan sitje i dongeribukse i eit debattpanel og svare for grunnlaget for deira stillingar. Me skjønar at dei ikkje kan late seg granske og alminneleggjere.

Me lar det skje.

Dette er vår tids dekadanse.
Kun tida vil vise om det også er det Vestlege Imperiums endelikt.

Lagt til i Filosofi, Mediekommentar, Religion - myter, riter, kult | 35 kommentarar »

Våre barn

Posta av Avil den juli 10, 2007

Eg vil kort oppsummere mi kulturelt avhengige sanning kring premissane her:

  • Norske myndigheter har skrive under på ei internasjonal avtale som forpliktar oss til å sikre at barn i Noreg blir ivareteke etter internasjonalt vedteke konvensjonar.
  • Norske barn er først og framst foreldrene sitt ansvar.
  • Norske myndigheter har tilsynsplikt i høve dette ansvaret.
  • Denne tilsynsplikta vert i praksis forvalta gjennom helsevesen og skulevesen.
  • Dersom nokon vaksne, og då særleg i helse- eller skulevesenet der ungane er under kyndige og erfarne blikk, oppdagar at barn lid overlast, skal dette meldast frå om.
  • Me har eit barnevern som skal ta seg særleg av barn sine rettar.
  • Me har politi og domstolar som skal ta seg av saker som bryt norsk lov.
  • Norsk lov seier noko om barn sine rettar.
  • Norsk lov seier også noko om dei vaksne sine pliktar.
  • Barnevernslova går over taushetsplikta til ansatte i helse- og skulevesen. Det er berre prestar og advokatar som har absolutt taushetsplikt. Alle andre er lovplikta å melde frå om barn lid overlast.

Når helsepersonell unnlet å melde frå om barnemishandling, og når foreldre ikkje vert halde ansvarleg for barnemishandling, når barnevern ikkje gjer noko for å verne born som vert utsett for barnemishandling, og når politiet ikkje arresterar og domstolane ikkje dømmer folk som mishandlar born, sit eg att med eit spørsmål.

Er det slik at me ikkje trur dette er våre barn?

Er det fordi denne jenta ikkje ser ut til å vere eit av våre barn?

Og om eg tek feil, ville me tillate at dette skjedde våre barn? Dersom naboane begynte å kutte fingrane av borna sine, om dei skar øyro av dei? Ville me tillate det? Om dei skar kjønnsleppene av Anita og Hilde og Anne-Kathrine? Sydde dei saman på eit skittent bakrom og lot dei vekse opp med infeksjonar og smerter? Ville me la det skje?

Lagt til i Filosofi, Kjønn, Mediekommentar | 27 kommentarar »

Ting eg lurer på

Posta av Avil den april 16, 2007

Kvifor er det liksom slik at dei fire elementa er ild og luft og jord og vatn? Jord er då blandings. Det burde vore stein.

Kan søstre elske kvarandre om dei er vakse opp frå kvarandre? Ville dei brydd seg? Verkeleg?

Er religion verkeleg naudsynt? Det virkar nesten slik, sidan det er så mykje av det. Det er den lettaste måten å skildre ein kultur på. Men den rettaste?

Ville eg døy for kloden? Ville du?

Lagt til i Filosofi, Nyare historiar | 16 kommentarar »

Hjelpesøsken

Posta av Avil den mars 28, 2007

På NRK sine nyhende i radioen i dag vart den nye lova som gjer det mogeleg å forske på befrukta egg diskutert. Ein eller annan gnom klarte å seie noko om at “det er altså berre overtallige egg som kan forskast på, altså befrukta egg som ellers ville blitt kasta”. Synd å kaste dei, liksom. Akkurat det poenget står for meg som det minst relevante i denne saka.

Forskning på befrukta egg gjer det altså, i følge dei som har vit på det, mogeleg å undersøkje om det befrukta egget vil vakse opp og bli til eit barn som vil vera eigna som donor for eldre søsken med sjukdommar. Ei problemstilling som vart aktuelisert av den såkalla Mehmet-saka for tre år sidan, der både SV og FrP skifta syn på slik forskning etter at vesle Mehmet med sin sjeldne blodsjukdom vart avbild i media med fortvila foreldre som ba om hjelp til å sikre seg at det neste barnet dei fekk ville kunne vere donor. Foreldra til Mehmet fekk dispensasjon, og no vart det altså lovendring.

Eit slikt søsken vart omtala som hjelpesøsken. Eit omgrep som nok kan provosere, men då provoserer i kraft av å vere eit dekkande omgrep, eit omgrep som faktisk seier noko om kva foreldra har planlagt for sitt ufødde barn.
Foreldra har planlagt at det ufødde barnet skal donere organ, som til dømes nyre eller ryggmarg til sitt eldre søsken.

I papirutgåva av anten VG eller Dagbladet i dag (eg las begge på ferja og tok dei ikkje med heim, og saka manglar i nettutgåvene) sto det om ein tysk mann som er svært fortvila over at søstera hans ikkje vil donere ryggmarg til han. mannen er døyande og har tre born, og står altså fram i nasjonale og internasjonale media med sin indignasjon over at søstera ikkje vil redde livet hans, då ho er einaste mogelege donor.

Eg forstår den døyande mannen. Eg forstår foreldra til Mehmet. Om ein av mine born hadde ein livtrugande sjukdom, og dei berre kunne bli friske av ein organdonasjon frå eit søsken som ikkje fanst, ville eg sikkert vore viljug til å føde enno eit barn. Eg ville gjort alt eg kunne.

Fordi eg som mor ikkje berre ville, men måtte velge at mitt komande barn skulle vere organdonor.
Men ingen har rett til å krevje andre sin ryggmarg. Ein kan spørje. Men å seie nei, når ein er fødd inn i denne verda etter nitid seleksjon nettopp for å vere donor, er det eit val? Ein er planlagt, unnfanga, forska på og vald ut til å verte fødd, fordi ein skal vere hjelpesøsken. Kva om lillebror sa nei likevel? Og har dei tenkt å la dei dødssjuke borna vente til lillebror vert 18, slik at dei kan spørje ein myndig person?

Situasjonen er umogeleg. Foreldre kan ikkje la sjansen til å redde dødssjuke born gå frå seg, og dei vert sett i ein posisjon der dei må velge mellom å la det barnet dei elskar døy utan hjelp, eller la det barnet dei ikkje har fått skulle vere donor utan å bli spurt.
Dei må velge å eige kroppen og kroppsdelane, eige med hud og hår, eit lite menneske som dei ikkje eig. Som eig seg sjølv, men ikkje vert spurt. Og som om han vart spurt, ikkje kunne seie nei.

Derfor burde sjansen ikkje vere der. Valget skulle ikkje vere der.

Denne lova, eller den tolkninga av lova som medfører dette valet, set foreldre i ein posisjon som foreldre aldri skulle vere i. For kva med komplikasjonane? Kva om hjelpebarnet fekk alvorlege skader? Kva om det døydde? Ikkje overvegande sannsynleg, men mogeleg. Korleis skal foreldra leve med det?

Kven av borna dine elskar du mest?
Spørsmålet kjem til Sophie i ein konsentrasjonsleir, der ho kan få velge kven av borna hennar som skal overleva (i “Sophies valg”, ei bok av William Styron). Ein utsøkt ondskapsull torturmetode, som øydelegg ei mor for alltid.

Velmeinande politikarar kan vere utsøkt ondskapsfulle.

Lagt til i Filosofi, Mediekommentar | 19 kommentarar »

Religion og den menneskelege hjerne

Posta av Avil den mars 4, 2007

Først litt lenkegulp, sidan ein post gjerne skal vise at forfattaren er litt med og les nettaviser og andre sine blåggar: 

Den tidlegare omtala åtferdsgenetikaren har fått medieomtale i moderlandet og her i Noreg for å introdusere eit studie av 7000 amerikanarar som tyder på at kloke folk vert ateistar. Her er ein grei artikkel i Jyllandsposten som både tek med bakgrunnen til den nyss pensjonerte professoren, og den aktuelle saka. Og her ein kritikk av journalistar si handtering av denne type forskningsstoff.

Infoboks: Åtferdsgenetikk

Åtferdsgenetikarar freister forske på folk slik me lenge har forska på dyr, og dette er særleg til plage for folk som av religiøse årsaker meiner at folk ikkje er einslags dyr, men ein annan type skapning som er kvalitativt annleis og utvalgt av Gud, og altså ikkje pattedyr. Jamfør tesen om at kjøt ikkje er musklar, men ein kvalitativt annan slags del på kroppen til dyr, skapt for å etast av mennesker.

Relevante lenker:
Ein gjennomgang av åtferdsgenetikk, religion og “det påstått onde”
Ein bloggar som trur svært intelligente folk skjønar at Gud er bra for oss
Døme på kontroversen kring Nyborg og IQ

Så til mine sjølvstendige (som om slikt er eigentleg mogeleg) refleksjonar kring religion og intelligens:

Eg trur mennesket er eit meiningssøkjande vesen. Om ein ikkje er for klok, tek ein ureflektert til takke med den meininga ein får servert kring seg. Nyborg refererer til ei undersøkjing gjort blant amerikanarar, og det er som kjend eit land der ein ikkje kan bli president om ein ope innrømmer at ein ikkje trur på den kristne Gud. Om ein hadde gjort ei liknande undersøkjing i eit kommunistisk land, ville ein mogeleg ha funne andre resultat.

Det vert for meg søkt når ein kallar denne lengsla etter meining for biologisk betinga religiøsitet (du kan google sjølv, no er me over i den delen av posten der eg berre seier kva eg meiner).
Me har ein hjerne som har som sitt mest markante kjenneteikn at den søkjer meining og samanheng mellom all den informasjonen den lagrar. Me lagar oss kognitive kart, språk, argumentasjonsrekkjer for og mot allslags, idear om teoretiske og praktiske samanhenger for meir eller mindre alt. Sjølv fragmentert piss som draumar klarar me å lage (direkte søkt, men dog) meining ut av.

Hjernen vår er slik. Den finn “logikk” i alt, meining i det meiningslause, og om det verkeleg er heilt umogeleg å finne nokon opplagt raud tråd, så finn me på noko usynleg eller underliggjande eller magisk. Og me sjekkar resultatet kvar einaste gong me tek inn ny informasjon, puttar alt me ser og høyrer inn i “logikken” vår, heilt til den ikkje kan lappast på meir, og me må finne på noko nytt (“paradigmeskifte”). Eg trur det er mykje lettare for dumme folk å leve med ferdige teoriar/paradigme, då det som kjenneteiknar intelligente folk er at dei er årvakne og tek inn ny informasjon heile tida. For å trekke den heilt ut: Smarte folk vert pepra med smertefull og inkonsistent info kvar einaste dag, medan dumme folk smiler og ler og tek inn det dei allereie er opptekne av.

Likevel blir smarte folk religiøse i blant. Ikkje fordi dei tek i mot andre sin ferdigtygga logikk. Fordi dei rett og slett ikkje maktar å gje meining til alt dei ser utan å ty til ekstreme midlar. Verda er i seg sjølve meiningslaus og urettvis. Snille folk får kreft, born døyr av sult, pripne damer vert valdtekne, medan dritings damer med leppestift sjanglar seg trygt heim. Det er umogeleg å finne meining og logikk i alt ein ser. Og lengsla etter noko større og meir kan ramme kven som helst.

Lagt til i Filosofi, Mediekommentar, Religion - myter, riter, kult | 24 kommentarar »

Moralske dyder og laster ifølge Aristoteles

Posta av Avil den februar 13, 2007

Eg har grunna litt på dette med dyd. Som barn hendte det vel at Donaldhistoriar hadde munnhell og rare utsegn som tittel, eg hugsar “Hastverk er lastverk” og det var heilt sikkert noko med “Tålmodighet er en dyd” (Donald snakka bokmål, det var berre små firkanta folk i Andesfjella som snakka nynorsk).
Som pubertetsungdom lærte eg at dyden var namnet på jomfruhinna mi. Samstundes er eg godt feministisk oppdregen og meinte ikkje dette dyd-greiene var noko å samle på.
Litt lengre ut i ungdomstida må eg ha forstått at dyd kunne bety noko meir, me snakka framleis stygt om pripne og “dydige” jenter, men etterkvart må eg ha oppdaga at ordet vart nytta om andre ting enn sex.
På universitetet vart jo ord flest sett i glasbur og stirra på, me lærte korleis folk som var daude for lenge sidan hadde definert orda, og me lærte at me skulle vere tydelege og definere ord sjølv. Ellers kunne ein ryke ut i semantisk usemje, og det var jo for dei ulærde (med unnatak av advokatar, dei har gjort det til ein kunstform å krangle om semantikk).

Det er etterkvart temmeleg utbredt å snakke om etikk. Etikk er, om ein les utelukkande den tabloide pressa, å ha prinspipp om at born ikkje skal nyttast som billeg arbeidskraft slik at me får skjorter til 99,- på salg. I blant slumper folk til å snakke om moral også. Moral er, ifølge same kjeldemateriale, å vere mot dei same tinga på ein kristen måte. At etikk- og moralomgrepa burde vore avklara for Folket vil eg her berre gjere merksam på, eg tek meg ikkje av dét i dag.

Det ein snakkar endå mindre om er dyd.

I Aristoteles si andre bok av Etikken nemner han moralske dyder og laster, som Jon Geir Høyersten har vore så grei å sette opp i tabell for oss i Personlighet og avvik (2000).
Her er det altså mogeleg å trø feil på begge sider, både ved mangel på dyd og overdriving. Eg ramsar opp:

  • Dyd: Tapperhet. Mangel: Feighet. Overdriving: Overmot, dumdristighet.
  • Dyd: Raushet. Mangel: Gnitaskap. Overdriving: Ødsling.
  • Dyd: Måtehald. Mangel: Ufølsomhet. Overdriving: Tøylesløyse.
  • Dyd: Gavmildhet. mangel: Påholdenhet. Overdriving: Platthet, vulgaritet.
  • Dyd: Beskejdenhet. Mangel: Frekkhet. Overdriving: Sjenanse.
  • Dyd: Storsinnethet. Mangel: Smålighet. Overdriving: Oppblåsthet, hovmod.
  • Dyd: Vennlighet. Mangel: Surmuling. Overdriving: Krypende, servilitet.
  • Dyd: Rettferdig harme. Mangel: Skadefryd. Overdriving: Misunnelse.

Eg hoppa over nokre, men de ser poenget.
Ytterpunkta (lastene) er altså det me gjerne kallar personlegdomstrekk.

Aristoteles meiner vidare at desse lastene er noko me ikkje er merksame på sjølve.

Så i dag vil eg vere merksam på eigne dyder.

Lagt til i Filosofi, Kjønn, Språk | 56 kommentarar »

Tigana

Posta av Avil den februar 12, 2007

Eg er no halvvegs i Guy Gavriel Kays Tigana.
Det hender folk spør kva ein skal med fantasy. Då plar eg anbefale bøker. Eller så får eg trekkje fram eit sitat frå Milan Kunderas Romankunsten (som han sikkert sjølv har høyrd ein annan stad, kan hende ein litt.vitar kan hjelpe med kjelde?) der han seier at “romanen undersøker det bare romanen kan undersøke”. Fantasy utforskar det berre romanar kan utforske, i ein sjanger som er særleg eigna til visse undersøkjingar. For i ditt eige liv er moral og etikk sausa inn i kvardagslege gjeremål, plikter, sosiale omsyn (for kva med ungane mine og gjelda og kva vil naboane/svigermor/mamma/mannen min/sjefen seie om eg berre reiste til Afrika for å hjelpe til på eit sjukehus?).
Fantasysjangeren freister fjerne den klamme kvardagshanda om hjarta som gjer det umogeleg for deg å ta modige valg. Og så spør den: Ville du gjort det likevel?

Vidare undersøkjer sjangeren religiøsitet og overtro hos lesaren, ein vert utfordra på så mange plan, slik berre romanar gjer. Ingen fasit, ingen rettleiing, berre ei utviding, ei vandring på vegar du ikkje elles går, ei undersøkjing av det menneskelege.

Skjønar du framleis ikkje kva ein skal med fantasy, når det er så mange bøker om verkelege menneske?
Les Tigana då.

Og for deg som allereie har lese den:

One man sees a riselka
his life forks there.
Two men see a riselka
one of them shall die.
Three men see a riselka
one is blessed, one forks, one shall die.
One woman sees a riselka
her path comes clear to her.
Two women see a riselka
one of them shall bear a child.
Three women see a riselka
one is blessed, one is clear, one shall bear a child.

Lagt til i Filosofi, Litteratur, Nyare historiar | 9 kommentarar »

Vaksenkrisa

Posta av Avil den februar 12, 2007

Eg syns livskriseomgrepa i språket vårt er utdatert (det skal liksom vere trettiårskrise førtiårskrise og midtlivskrise). Medan eg las ein DOK-post om å sakne bøker om å vere student på nittitalet, kjende eg på saknet etter å vere barnlaus, bu i kollektiv, arbeide hardt og lenge i kvardagane, sove ut i helgene, spele RISK heile natta, sitje på kafe og røyke, gå i klesbutikkar i timevis og vere misnøgd med ein nesten perfekt kropp, andelaus nyforelsking og fylleangst.

No har me alt me ønskte oss for eit fantastisk vaksenliv. Krisa er ikkje å bli eldre eller runde tal eller vere redde for å døy. Det er lengten etter den veldig lange ungvaksentida som kjem krypande. Ein lengt etter noko ein ikkje vil ha.

Eg vil faktisk helst sleppe å lese om det. Eg vil aller helst gløyme det.

Lagt til i Filosofi, Kimsekken | 11 kommentarar »

Djupøkologi « Bikubesong

Posta av Avil den januar 29, 2007

Lagt til i Filosofi | Legg att ein kommentar »

Å halde seg i live kvar einaste dag

Posta av Avil den januar 27, 2007

Eg har nett sett filmen om Virginia Woolfe.

Det at nokon tek livet av seg er kan hende med på å få oss andre til å skjøne at me ikkje gjer det.

Det er mogeleg å tenke at eg og du har halde oss i live kvar einaste dag til no. Utan at eg heilt veit om me fattar det, nokon av oss. Det er også mogeleg å tenke at me kvar på vårt vis har halde andre i live.

Det som ikkje er mogeleg er å ta inn over seg, fullt ut, at det til slutt vil halde opp for oss begge og for alle me elskar. Til slutt gjev du og eg opp.

Det i seg sjølve burde faktisk vore nok til å få oss til å skjøne at me ikkje gjer det nett no.

Lagt til i Filosofi | 17 kommentarar »

Ka i helvete greve naboen itte?

Posta av Avil den januar 27, 2007

Kva er det no eigentleg me interesserar oss for? Kvifor er det klårt festlegare å kike på dårlege mobilbilete av Kåre Conradi sin ikkje-erigerte lem og Britney Spears si blaute halvbarberte rompe (med meir) utan truse på veg ut av ein drosje, enn å sjå reinspika og usensurert porno?

Kvifor er det at eldre folk som har samla seg erfaring med underhaldning av alle slag eit langt liv, syns at det aller aller beste er å stå i kjøkenvindauga med kikkert?

For er det ikkje det mest interessante i heile verda: Kva i helvete er det naboen grev etter?

Lagt til i Filosofi, Kimsekken, Mediekommentar | 4 kommentarar »

Sunn fornuft

Posta av Avil den januar 16, 2007

Når ein har høgare utdanning hender det at ein møter folk som seier at det er betre med sunn fornuft.

Eg kjenner at eg vert så inderleg sur.

Kva faen er sunn fornuft? Kvar trur dei at dei har plukka opp logikken og verdsbiletet sitt? Frå ein eller annan grunnleggjande og sann kunnskapspool som berre folk utan utdanning har tilgong til?

Lagt til i Filosofi, Kimsekken | 18 kommentarar »