“Her editorial suggestions consisted of suggesting that I finish it, which frankly is the best editorial suggestion anyone can make.“
Arkiv for kategorien ‘Fordi eg fortener det’
Godt råd
Posta av Avil den august 25, 2007
Lagt til i Fordi eg fortener det, Lesarsørvis, Litteratur | 2 kommentarar »
Kva vesle Avil fann
Posta av Avil den juni 26, 2007
No har eg altså vore i sommarhuset, der det er gras og blomar, eiketre på tunet, rullesteiner i stranda og så stilt om natta at ein trur ein er blitt døv og må lage litt lydar for å forsikre seg om at det ikkje er tilfelle.
Eg skulle finne ting som var blitt borte medan eg hadde det for travelt.
Dette fann eg:
- Det er fint å spele Mika høgt og danse seg heilt svett aleine.
- Det er fint å dusje om natta etter ein har dansa seg svett.
- Eg kan smørje meg sjølv på heile ryggen med solkrem.
- Eg blir ikkje så fort solbrent på leggene.
- Men jammen blei eg det likevel fordi eg sovna i sola på eit svaberg.
- Kvite og svarte fuglar med langt raudt nebb lagar utruleg mykje bråk om dei ser for seg at du skal røve reiret deira. Dei manglar også evnen til å chille etter ei stund. Ein kan like godt berre finne seg ein annan strand.
- Eg likar Frode Grytten. Verkeleg.
- Eg søv 12 timar kvar natt om ingen vekker meg.
- Det tek meir enn tre kvarter å gå til snøggbåten frå sommarhuset.
- Ein får gnagsår om ein spring i nye sandalar.
- Eg tenker framleis så mykje på jobben at eg vaknar ti gonger kvar natt og bekymrar meg.
- Det er ikkje meininga at vaksne folk skal sove halve døgeret og vere kvalme og bekymre seg for jobben heile tida.
- Eg har fine vener som eg er glad i, sjølv om mange av dei er mange mil borte.
- Det er mykje bladlus i år. Heldigvis er det også mykje revebjøller, og det er den finaste blomen eg veit.
- Eg må begynne å meditere regelbunde igjen. Og trene. Lange turar.
Lagt til i Fordi eg fortener det | 18 kommentarar »
Avils Geniale Forretningsplan
Posta av Avil den juni 14, 2007
Hva skal så en forretningsplan inneholde?
Det finnes mange forskjellige maler på en forretningsplan, men en typisk innholdsfortegnelse kan se slik ut:
1. Sammendrag
2. Innledning med personopplysninger og bedriftsopplysninger
3. Forretningsidé
4. Produkt/tjeneste og produksjon
5. Markedet (kundegrupper, kjøpskriterier, geografisk marked, konkurrenter, osv.)
6. Markedsstrategi/markedsplan
7. Økonomi (kalkyler, drifts- og likviditetsbudsjett)
8. Kapitalbehov og finansiering
9. Organisering og administrasjon av bedriften
10. Handlingsplan
11. Vedlegg
Hahaha. *tilt*
Eg trur eg held meg til følgjande geniale plan:
15.06.07: Levere oppsigelse.
29.06-30.07.07: Ha ferie. Puste. Lese.
15.09.07: Tømme kontoret.
16.09.07: Puste. Grine. Vaske huset.
17.09.07: Byrje å tenke.
Lagt til i Fordi eg fortener det | 22 kommentarar »
Frå dengong ei jålete teneste for jålete folk fanst
Posta av Avil den juni 14, 2007
Mini-intervju med Avil
Posted by Saccarina on 28 Feb 2007 | Tagged as: Fra redaksjonen, Intervju
Det var Avil som vant avstemningen om beste bloggpost i uke 7 med posten Moralske dyder og laster ifølge Aristoteles. Som vanlig ba vi om et intervju med bloggeren.
I anledning at Avil skriver en av de sjeldne bloggene på nynorsk hadde redaksjonen opprinnelig tenkt å foreta hele intervjuet på nynorsk, både som en hyllest til vinneren og en markering av at Norge har to likeverdige skriftspråk. Men etter flere tilløp som alle landet i papirkurven tok vi til vettet. Av respekt for nynorskbrukere over hele verden ble spørsmålene stilt på bokmål i mailen vi sendte til Avil:
Sonitus: Du har visst vært aktiv i diskusjonsfora på nett i flere år, men er ganske fersk som blogger. Hvordan opplever du bloggebyen som fersking? Hvordan er du blitt tatt i mot? Og det ser ut til at du tidlig fikk kommentarer på bloggen din. Har du med deg følge av folk du kjenner fra før, eller hadde du bare flaks som ble sett tidlig?
Avil: Bloggebyen er heilt utan kart, og eg anar ikkje om eg har noko overblikk, om eg har vore i sentrum eller i utkanten. Eg trur kanskje eg berre gjekk rett inn på den første rølpete pøbben eg fann og er blitt sitjande der. Eg les tildømes aldri VG-bloggar. Folk er jo stort sett veldig greie, det er rart det der.
Når det gjeld tilbakemeldingane eg har fått, så ser eg på dæsjbordet at det var forumfolket dei første to dagane, så var det bråstopp nokre dagar, og deretter var det berre å byggje seg opp ein lesarkrins slik ein no gjer det. Dessutan er eg ikkje dei einaste forumisten som har debutert her no, og me les jo gjerne kvarandre sine bloggar.
Eg fekk nok den beste drahjelpa eg kunne fått av Beate (Beates rasteplass), då ho både hjalp til med det tekniske og det sosiale. Det er alltid fint å komme på fest når det mest hyggelege og populære dama helsar overstrøymande og presenterer deg for dei andre.
Sonitus: Hvilke forskjeller og likheter ser du mellom blogg og forum? Ser du noen fordeler eller ulemper med de forskjellige arenaene satt opp mot hverandre? Har du konvertert helt, eller er du fortsatt en ivrig forumdeltaker?
Avil: Forum inneber ein avgrensa, men relativt stor lesarkrins, kjappe tilbakemeldingar, og alle postane samla på ein stad. Ein post er berre starten, det er «kommentarfeltet» som er sjølve livet på forumet eg er van med. For å trekke parallellen til bloggebyen vidare, så er forumet eg kjem frå som stambaren min. Eg har bura meg inne der i fem år, og vandra ut i bloggebyen i håp om å endre vanar og fokus.
Sonitus: Det ser ut som du startet bloggingen med å skrive mest om norrønt og religiøse historier og myter, men det har det blitt mindre av etter hvert. Du har også sagt noe om at du ikke hadde til hensikt at bloggen din skulle bli en feministblogg, underforstått at den har blitt det likevel. Hva tenker du om utviklingen av bloggen din? Hvilke hensikter hadde du da du begynte? Og hvorfor tror du bloggen har utviklet seg slik? Dessuten: Hva er bakgrunnen for navnet på bloggen?
Avil: Der ser du. Eg skulle endre fokus, og bruke bloggen til nyttige ting for meg sjølv. Men så tek det sosiale over og eg endar med å diskutere og tulle og hisse meg opp over dei same tinga alle vegar eg kjem. Eg trudde blogging skulle hjelpe meg til å halde fokus. Saken er at ingenting hjelper. Eg er rett og slett ikkje internettmoden.
Temaet skulle vere norrøn mytologi og alt anna som var relevant for eit prosjekt eg driv med. Namnet er då berre tøft. Veldig nynorsk.
Sonitus: Du har skrevet om mange forskjellige emner, og mye av det med åpenbar kompetanse. Det har kommet noen små drypp her og der i kommentarfelt som får meg til å tro at du har en ganske sammensatt bakgrunn rent faglig. Kan du si litt om det?
Avil: Eg har nokre fag frå universitetet og har budd litt rundt omkring. Då samlar det seg gjerne litt viten om forskjellige greier.
Sonitus: Så kommer spørsmålet du kanskje hadde håpet at du ikke fikk. Du blogger på nynorsk, et ganske konservativt nynorsk til og med, og det er såpass sjelden at vi må gripe fatt i det. Har nynorsk alltid vært skriftspråket ditt? Du har nevnt at du blir sett på som etnisk og lyrisk fordi du skriver nynorsk. Møter du disse holdningene ofte? Eller har folk også andre fordommer mot de som skriver nynorsk?
Avil: For meg er ikkje nynorsk ei betent eller kontroversiell greie. Eg bur i ein nynorsk kommune, har alltid hatt nynorsk på skulen, lese bøker på nynorsk og snakkar ein dialekt som ligg tett på skriftspråket eg nyttar.
Eg har skrive bokmål på nett lenge, men har lagt merke til at andre som skriv nynorsk framstår som vittige, intelligente og sexy. Det er haldningar eg ofte møter, også når eg snakkar dialekta mi. Folk flest syns rett og slett nynorsk er både sexy og finkulturelt. Eg har bestemt meg for at eg skal klare å leve med det.
9 Responses to “Mini-intervju med Avil”
Lagt til i Fordi eg fortener det | Legg att ein kommentar »
Lotten si stemme og livet og sånn
Posta av Avil den juni 2, 2007
Lotten har ein sånn fin blågg som eg gidd å klikke innom sjølv om ho ikkje oppdaterar kvar dag. Ein gong var eg nominert til ei sånn Vekas post-greie, og spurte nokre venner om dei ikkje kunne stemme. Dei stemte på Lotten, dei. Fordi ho var nominert med ein politisk satireteikning som var betre enn posten min.
Ja, om du ikkje likar meg no, Lotten, så kan det visst vere det same.
Uansett. Ho har skrudd av kommentarfeltet inne hos seg så me får ho ikkje i tale.
Men blåggen hennar har ein slags funksjonsskildring: “Hun blogger mens hun forsøker å finne ut om hun vil bli forsker, byråkratpamp, eller kanskje noe helt annet. “
Eg treng å snakke med akademikarar som lurer på slikt. Kva dei skal bli.
Eller kanskje eg berre treng å snakke med en *host* coach.
Eller eg treng å snakke med meg sjølv.
For eg skal slutte å gjere det eg gjer og altså gjere noko nytt. Det fører til at eg nokre timer i slengen føler meg vaksen og modig, og så har eg ti minuttar innimellom der eg er 12 år gammal og tenker at eg kanskje burde blitt keramikar eller skipsreiar eller direktør eller noko. Ja, det var det eg svarte dengong. Læraren skreiv det på tavla. Me skulle skrive fem interessante yrker på ein lapp. Det var ein del av eit prosjekt som skulle vise at jentene valgte mellom få yrker og gutane mellom mange. Eg utvida jentefeltet med fem yrker. Eg skreiv to meir. Eg har hatt dei to andre. Faktisk har eg det eine av dei nett no.
Så, Lotten, om du er der ute og veit noko om kva ein kan gjere når alle ønsker er oppfylt og alle draumar er røynd og ein er sliten og lei og grin for den minste ting, så hev stemma di.
Ja, i grunnen er det heilt greit om andre enn Lotten seier noko. Alle som er kloke og snille og vil meg vel, faktisk.
Lagt til i Fordi eg fortener det | 29 kommentarar »
Det innerste teller
Posta av Avil den mai 14, 2007
Eg vil gjerne by på litt moteblågging her i Ljos i kjømda. Som alle veit har kvinner det slik at dei kjenner verkeleg velvære ved å vite at dei har eksklusivt, lekkert og ubehageleg undertøy innerst mot huden. Det er viktig å vite at ein er velkledd frå innerst til ytterst. Det innerste tel mest, særleg om ein er heterofil.
Men kvinner som har fått ungar i vaksen alder har det med å fallere fort og dei tek mennene sine for gitt. Ammebh og balllongtruser frå Føden vert fort ein vane, og er ein i full jobb og har venninner som snakkar mest om ungane sine og politikk og kva bøker dei har lese, kan ein heilt miste kontakten med det innerste.
Derfor: Ljos i kjømda presenterer sexy undertøy!
I dag: Sexy undertøy for den stroppelause kjolen!
Me presenterar: Den heilt usynlege, gjennomsiktige plast-halterneck-bh-en, i kombinasjon med ein rålekker hipster, og puppetapen, kjend frå Hollywood, no også tilgjengeleg for den travle, norske karrierekvinne:
![]()
Gå våren og sommaren trygt i møte, vel vitande om at det innerste tel og det er i orden!
Lagt til i Fordi eg fortener det, Kjønn, Paint-art | 13 kommentarar »
Tida er inne!
Posta av Avil den mai 14, 2007
Litt skralt med oppdatering på blåggen for tida, men livet er fullt utanfor og innanfor hovudet.
Det ser ut til at livet kan verte friare og ljosare frametter, og i det høve vil eg gjerne få dele ein song med dykk.
Lagt til i Fordi eg fortener det | 4 kommentarar »
Sjå kor fin ting eg har laga!
Posta av Avil den mai 11, 2007
Bror min (han kloke) har sagt at eg burde drive med keramikk eller biletkunst, ikkje utfrå evner, men behov. Eg likar nemleg godt at folk seier “åh, så fin ting du har laga!”.
Denne fine tingen har eg laga:
Det er eit diplom som vinnaren av ein pris har fått. Ho fekk pengar og blomar og heider og slikt og. Sjølv er eg ikkje heilt sikker på kva eg får for det, men eg veit i alle tilfelle kva eg vil ha av lesarkrinsen min. Eg vil ha skryt.
Lagt til i Fordi eg fortener det | 11 kommentarar »
Laurdagslykke
Posta av Avil den april 21, 2007
I dag har eg lånt kontoret til mannen min i fem timar. Det var så fint. Sitje der og skrive, og sjølvsagt gjennomlese nokre hovudfagsoppgåver som eg har lasta ned på pcen. På eine veggen har han ei svær glastavle som eg kunne teikne og notere og herje på, lage meg kart over det tenkte universet, teikne tidsliner utan at det blei knøte og kaotisk, og eg laga meg notater over mytologiske og kjønna tal i norrøne tekstar, og nokre linjer blei det altså skrive og.
Fem timar går så fort. Fem timar med same skifte mellom rastløyse og god arbeidsflyt som eg ikkje har fått vere i sidan eg kom ut i arbeid. Eg saknar verkeleg dette frå universitetstida, men dette er endå meir freistande, for det er berre mitt.
Eg får kjøpe meg ein Lottokupong.
Lagt til i Fordi eg fortener det | 15 kommentarar »

on 28 Feb 2007 at 4:35 pm Sexy Sadie
Det må da gå an å leve med et rykte som sexy og finkulturell, Søta! :blafrer:
on 28 Feb 2007 at 5:24 pm Beate
Jeg må bare si at jeg aldri noensinne har lest et intervju som har gjort sånt inntrykk på meg i hele mitt lange liv.
*trekker pusten*
on 28 Feb 2007 at 5:29 pm Sexy Sadie
Skal det ikke mer til? :ler:
on 28 Feb 2007 at 7:09 pm Avil
*sleng med håret*
on 28 Feb 2007 at 7:58 pm Kjut
Du skriver bra, Avil. Jeg leser ikke mange blogger, men du har en evne til å fengsle.
on 02 Mar 2007 at 3:31 pm Turboline
“!Namnet er då berre tøft. Veldig nynorsk.” Nå lurer jeg enda mer på hva det betyr, egentlig. Jeg er jo utlending. Og jeg synes at Avil er både vittig, finkulturel og sexy på bokmål, jeg. På nynorsk er hun mer uoppnåelig, på en måte. Krevende. Kostbar. Men jeg er som sagt bare utlending. En lat en.
on 05 Mar 2007 at 9:17 am Suz
Er det her dere er alle sammen?
on 05 Mar 2007 at 12:14 pm Fryd
Ja. Det er her vi skriver ut vår nesegruse beundring for vår egen Avil.
on 06 Mar 2007 at 10:14 pm Avil
Turbo: Det betyr “Lys på vei” eller “Kommende lys”.
Ellers må eg få takke for rosande karakteristikk.
*suss*