Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Arkiv for kategorien ‘Heidningeblåggen vs Indremisjonen’

50/50

Posta av Avil den mai 11, 2007

You Are 50% Evil

You are evil, but you haven’t yet mastered the dark side.
Fear not though – you are on your way to world domination.

How Evil Are You?

Og Indremisjonsblåggen var sjølvsagt veldig lite ond.

Lagt til i Heidningeblåggen vs Indremisjonen | 6 kommentarar »

Den som leiter skal finne

Posta av Avil den mai 3, 2007

Ein evig slager: Kva har folk søkt på hos Google som gjorde at dei klikka seg inn her hos meg i dag?

  • fine ord
  • rare nynorske ord
  • “Arild Hauge”
  • kvadet om tussekongen
  • drottnar
  • gud
  • ljos avil
  • Ringdrotten
  • sære ting
  • Gud
  • GUD

Sjå kor mange som freister å finne Gud, og så finn dei meg!

Lagt til i Heidningeblåggen vs Indremisjonen, Metablågging | 17 kommentarar »

Hel tek Jesus på langsida!

Posta av Avil den april 16, 2007

No passerer Ljos i kjømda snart Indremisjonsblåggen.

Ljos i kjømda: 22986 hits

Indremisjonsblåggen: 23197 hits

Lagt til i Heidningeblåggen vs Indremisjonen | 21 kommentarar »

Trått for misjonærane sin lønsvekst

Posta av Avil den april 12, 2007

Norsk Luthersk Misjonssamband strevar med å få inn nok pengar til at utanlandsmisjonærane kan følgje lønsveksta heime i Noreg. Dei har i kveld ringt rundt til 1000 potensielle gjevarar. Dei ringte ikkje til meg.

Den teorien som vart lufta på NRK sin dagsrevy (eit mogleg utslag av statskyrkjeordninga at statskanalen ser sin mon i å reklamere for ein aksjon for å skaffe pengar til religiøs imperialisme) var at “folk ikkje brenn like mykje for misjonssaka”.

Ein annan teori er at dei kristne har fått nok å slite med her heime, medan Jesus ser ut til å fenge bra i Afrika. Eller at unge kristne er fanga i internetthelvetet og blåggar seg bort.
Eg føler det er lenge sidan me høyrde frå samemisjonen, til dømes. Eller muhammedanarmisjonen. Det er mogleg dei også er ramma av lønsveksta.

Lagt til i Heidningeblåggen vs Indremisjonen | 13 kommentarar »

For sjølvtrygg og for lite redd

Posta av Avil den mars 23, 2007

Det fins folk der ute som lagar plommesyltetøy og vaskar hus, og samstundes går og grublar på om folk er i fare for å kjenne seg trygge og verte for lite redde for å komme til helvete.

Eg syns det høyrest frykteleg trist ut.

Hadde dei berre lytta til ungane sine truskuldige spørsmål, ville kan hende noko av mørkret kunne kverve bort.
For det er verkeleg ljos i kjømda.

Lagt til i Heidningeblåggen vs Indremisjonen | 10 kommentarar »

Heidningen versus Indremisjonen II

Posta av Avil den februar 8, 2007

Som kjend for faste lesarar slit eg med overutvikla konkurranseinstinkt, og fekk det litt vanskeleg då det viste seg at denne heidningeblåggen låg på fast andreplass etter Indremisjonsblåggen på wordpress si nynorskliste.

No viser det seg at heidningane har sjanse til å vinne over kristendommen på beste Monopol-vis: Reint tålmod.
Etter tusen år har dei kristne rett og slett gått tom for noko å seie. Dei vurderer faktisk å gje seg! 

Lagt til i Heidningeblåggen vs Indremisjonen, Kimsekken | 13 kommentarar »

Slegen av indremisjonske vermeldingar

Posta av Avil den januar 17, 2007

Eg har merka meg at Ljos i Kjømda har vore på ein stødig andreplass i WordPress sin What’s hot-liste sidan blåggen oppsto. Kven gjer meg til ein evig toar?

Dette.

Lagt til i Heidningeblåggen vs Indremisjonen | 22 kommentarar »