Det er mange innom dagleg her og les, som følger og føler med Synnøve i kampen hennar.
Eg skal helse så mykje frå Synnøve. Ho har no fått stamcelletransplantasjon, og er på dag 5 i sitt “nye liv”. Kampen tilbake til livet vil ta tid, men alt går etter planen. Ho er ved godt mot og takkar alle som har gitt blod og meldt seg som beinmargsgivarar. Engasjementet og medkjensla frå så mange kjente og ukjente gjev håp og tru på det gode i menneska.
No heier me på dei nye stamcellene som skal gje henne ny beinmarg og nytt immunforsvar, som ho skal kunne leve med utan å bli sjuk igjen!
Og der ute i verda fins nokon som har gitt Synnøve sjansen til å leve lenge.
Denne jula ønsker eg meir enn noko anna at du skal få bli frisk, Synnøve.
Me har handla gåver, bakt småkaker med ungane, mannen har laga pepperkakekyrkje, eg og ungane har pynta treet, og jula er innan rekkevidde. Dette er andre jula du ligg på isolat på Haukeland. Det er ikkje rettferdig. Men du er i live.
No må Rikshospitalet og Beinmargsregisteret berre gjere jobben sin og gje deg og familien den einaste julegåva som verkeleg duger.
Du gjer alt du kan. Du held ut.
Denne hausten har du skaffa Norge eit enormt antal nye blodgjevarar og mange nye registrerte beinmargsdonorar. Du har redda liv. Du har engasjert. Du har gitt håp.
Eg er veldig glad i deg, og veldig, veldig stolt av deg.
Tusen takk for alle tilbakemeldingane! Folk frå heile Noreg har engasjert seg, og blodbankane her på Stord og andre stader har meldt om mange nye blodgjevarar og beinmargsdonorar (sjå presseomtale).
Og i dag kom dei beste nyhende me kunne fått: Synnøve er klar for donorsøk!
No venter me spent på at søket skal kunne komme i gang. Synnøve kjempar seg gjennom kvar einaste dag no, og har knapt overskot til å komme seg til pc-en, og då er det godt for ho å vite at me er mange som støttar ho og tenker på ho.
Alt som har skjedd denne halvanna veka som har gått sidan Synnøve vart innlagt har verkeleg vist kor mykje varme og vilje til å hjelpe som fins. Langt over 20 000 menneske har vore her inne og lese, og mange av dei har registrert seg som blodgjevarar og beinmargsdonorar. Alle oss som ikkje får gje blod har fått bidra med å spreie oppfordringa til andre.
Tusen, tusen takk til alle saman så langt.
Og me oppfordrar folk til å framleis melde seg som donorar! Det er enno tid å hjelpe Synnøve, i tillegg til den hjelpa som kjem andre til gode.
Synnøve Koløen er ein fortellar. Ho kan halde ein forsamling urolege ungar fjetra og musestille, mens dei tynne armane hennar vever fram tusser frå skogane, og stemma hennar får elefantar til å marsjere over Alpene. Ho krøker seg og strekk seg, og manar fram huldresong og trampande troll.
Synnøve er mi venninne. Eg har kjent Synnøve heile livet, frå ho var ein rar, liten Yoda, til ho som vaksen er blitt eit av desse sjeldne menneska som er ein klippe for folk rundt seg. Varm, nær, men trenger seg sjeldan på med sitt eige liv.
Synnøve er mor. Ho fekk følge den vesle førsteklassingen sin til skulen ei veke. Så kom tilbakefallet. Ho har akutt leukemi. Cellegifta vart avslutta no i vår. Ho fekk fire månader med familien sin no i sommar, med guten på tre år og jenta på seks. Ho har vore sliten og redd denne sommaren, men har bitt tenna saman og smilt og håpt.
No er eg og du einaste håpet hennar.
Gjennom cellegiftkurane har ho arbeidd med å vere positiv og ha tru og håp.
No er det ikkje nok å håpe. No treng ho ein beinmargsdonor.
Det fins mange mytar kring beinmargstransplantasjon. Eg trudde det var farleg. Og eg trudde det berre var nær familie som kunne gje. Og så trudde eg at ein skulle melde seg som donor til ein bestemt person. Og at røykarar ikkje var velkomne.
Men eg tok feil. Det er ein heilt ufarleg og lett måte å redde livet til eit anna menneske på.
Dette kan du gjere: Ta kontakt med nærmaste blodbank. Meld deg som blodgjevar. Og sei at du er interessert i å vere beinmargsdonor.
Sjansen for at du kjem til å bli brukt er under ein tusendedel. Det vil seie, dersom ein står registrert som beinmargsdonor i ti år er sjansen for å bli brukt 1%.
Men sjansen for at Synnøve overlever aukar dramatisk når mange melder seg. Det fins millionar av vevstyper og ein må finne den eksakte matchen.
Det tek noko tid å bli registrert som blodgjevar og donor, og ho har ikkje så mykje tid.
Ta kontakt med næraste sjukehus eller finn blodbanken din her: Blodbanken på nett
Det er visst ikkje nok å melde seg på nettet, ein må ta direkte kontakt for time. Ellers vil det vere for seint. Meir fakta.
Eg vil så gjerne få behalde ho. Ho er så veldig fin.
“Jammen rart det der med utsjånad og preferansar,” sa ho. “I dag skulle eg bestemme kven eg ville ansette som vikar, og hadde valet mellom to menn som begge hadde dei formelle kvalifikasjonane på plass. Ein veit jo dette med at utsjånad betyr noko, at det er lettare å få jobb når ein er pen. Men ein trur jo ikkje at ein velger slik sjølv. Han penaste, med dei brune augo, hadde til og med mindre relevant arbeidserfaring. Det var kanskje ikkje berre ansiktet, det var handtrykket og. Han mindre pene, med dei blå augo, hadde laust handtrykk.”
Kven ville du vald? Han med dei pene brune augo og det faste handtrykket? Eller han med yrkeserfaringa?
Eigentleg ville eg ha spelt Jane Siberry (no kallar ho seg visstnok Issa) som på same Hector Zazou-album syng følgjande kanadiske vise for deg. Ho er overjordisk.
Sidan eg ikkje finn den på nett, kan du berre bestille cd-en. Amazon er jo greie og let folk høyre litt også.
She’s like the swallow
She’s like the swallow that flies so high
She’s like the river that never runs dry
She’s like the sunshine on the lee shore
I love my love and love is no more
‘Twas out in the garden this fair maid did go
A-pickin’ the beautiful, primerose
The more she plucked, the more she pulled
Until she got her apron full
It’s out of the roses she made a bed
A stoney pillow for her head
She lay her down, no word she spoke
Until this fair maid’s heart was broke
She’s like the swallow that flies so high
And she’s like the river that never runs dry
She’s like the sunshine on the lee shore
I love my love and love is no more
Dagens sopptur ga resultat. Ein mengde piggsopp og ein del diverse. Sonen min har lilla som favorittfarge, så nokre store lilla soppar skulle sjølvsagt med heim.
Eg trudde ikkje eg halde på så lenge. Om to dagar er blåggen 7 månader gammal.
Sånn står det til:
Blåggstatus
Samla antall vitjingar: 43,989
Størst antal vitjingar på ein dag: 904 (også kalla Marianne Aulie-dagen)
Tekstmasse
Postar: 212
Kommentarar: 3,138
Blåggeigaren talar til Folket
Det er i grunnen ein fin ting, dette med blågg. Og denne blåggebyen eg er blitt kjent med, eller landsbyen er det vel, har vist seg å vere full av festlege, engasjerte og velinformerte folk. Lenkelista mi burde vore mykje lenger, men så er det jo slik at dei alle saman lenkar vidare og sånn. Fantastisk system.
Eg er blitt tatt så godt imot. Alle har vore så snille. Eg har følt meg som Mette-Marit på Oslo moteveke. Kjempekjekt.
Takk.
Eg likar å bruke pengar og eg elskar å få noko nytt. I dag har eg og mor mi vore på bytur og shoppa, og trakka gatelangs for å suge inn folkehav og eksos.
Eg har fått meg kjole frå Noa Noa, og ungen er tigerstripete frå topp til tå i Polarn-o-Pyret.
Eg er gift med ein danske, og han meiner altså at sopptur i skogen er ei heilt trygg greie. No har me ete noko som forhåpentleg var kantarell, steinsopp og piggsopp. Om det ikkje kjem fleire postar her på blåggen, veit de kvifor.
Eg har vore i skogen og ved stranda med ungane i dag. I skogen finn dei seg alltid ein eller annan svær stein og skrålar lukkeleg “Eventyrstein! Eventyrstein!”. Då er det berre å belage seg på å finne på eventyr, men dei er eit raust publikum og tåler gjentakingar også.
Mens eg hjalp den minste opp på steinen i dag, kom det frå seksåringen:
“- Du mamma, du er veldig flink å finne på eventyr. Men du er ikkje så veldig flink å finne på songar.”
No har det seg slik at eg utelukkande finn på songar på bestilling. Eg er kanskje midt inne i Når jeg legger meg til hvile tretten engle om meg står, og blir avbrote av bestillingar. “Eg vil heller høyre ein song om ein kalv og lørdagsgodt og ein liten, liten fisk!” seier treåringen. “Vent litt,” seier eg tjenestevillig. “Og ei havfrue og ein barba-ubåt og to blekksprutar,” tilføyer seksåringen. Og så syng eg. Med lange liturgiske vers om kalvar i ubåtar som et lørdagsgodt. Undervegs er det gjerne ytterlegare spesifikasjonar og endringar. Ungane mine kjem nok til å ende i Statoil.
Og så dette: Ikkje så veldig flink å finne på songar.
Neste gong får dei beskjed om at songen er ganske gratis og ingen tvingar dei.
Venninne i telefonen: Det var i grunnen først då eg var 22 at eg forsto kva kvitevarer var. Eg trudde det var laken og håndklede og slikt. Så då utleigar spurte om eg hadde kvitevarer svara eg sjølvsikkert “åh ja, massevis”. Då eg flytta inn lærte eg jo noko nytt.
Avil: Haha, ja, kvitevarer må ein jo ha, og brunevarer. Til kjøkenet.
Venninne: Huh?
Avil: Ja, kvitevarer er jo vaskemaskin og tørketrommel, brunevarer er komfyr og kjøleskåp.
Venninne: Kjære deg då, eg trudde eg var dum.
For alle oss som sat med kvite knokar rundt champagneglaset og håpte så inderleg, inderleg at teite Trista skulle velge han søte og teite brannmann Ryan, er det no gode nyhende.
Eg er livredd for at nokon skal seie noko som helst om kva som hender i Harry Potter and the Deathly Hallows. Eg er allereie fortvila over dei to linjene og terningkastet som ei av drittavisene hadde på forsida i dag. Eg vil verkeleg ikkje vite noko som helst. Eg har det som far til George Costanza, eg vil ikkje påverkast i det heile.
Derfor kan eg ikkje vere på nett eller sjå fjernsyn eller få i butikkar eller kioskar med drittaviser.
Eigentleg like greitt.
Eg har nemleg funne ut at hjernen min begynner å virke så smått igjen, og eg trur eg kan takka mi sjølvpålagte tilbaketrekking frå sivilisasjonen. Eg har vore i sommarhuset ei tid no. Der har eg lese bøker, plukka blåbær og bringebær, rodd, leita etter krabbar med ungane, spikka pilar og bogar, sett kronhjort på svært nært hald (12 takkar), og eg har ete meir jordbær med fløyte enn bikinikroppen hadde godt av. Ikkje at det har gjort så mykje, det har ikkje vore bikinivær, og dessutan er det jo berre folk som verkeleg elskar meg som har kunna sjå meg i alle høve.
Så, ha det fint så lenge. Og hugs: Bøker skal kjøpast hos bokhandlaren, ellers forsvinn alt anna enn Potter og legeromanar og krim.