Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Arkiv for kategorien ‘Kjønn’

Kjønnslemlesting

Posta av Avil den august 8, 2007

Gode nyhende: Då rektorane kom attende på jobb etter sommarferien låg det post til dei frå sentralt hald. Informasjon om kjønnslemlesting, lovverket og ikkje minst ei klårgjering av at barnevernslova går over taushetsplikta og krever at både helsepersonell og skuleansatte gjev melding vidare dersom born står i fare for å bli utsett for slike overgrep. Altså, opprydding i høve tidlegare misforståingar der både skule og helsepersonell har opptrådt unnvikande overfor lovpålagt ansvar, då dei nok har vore usikre på lovgjevinga.

Fine greier.

La oss håpe at det faktisk fører til åtferdsendring då.
Og at det vidare kan føre til at norske born ikkje vert utsett for tortur og lemlesting.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 4 kommentarar »

Korleis står det til med feminismen i Jondal?

Posta av Avil den juli 23, 2007

Jondal er jammen ikkje stort, men skal me tru samferdsleminister Navarsete er Jondal stort nok til at finansminister Halvorsen bør gå av dersom kontantstøtteordninga vert fjerna. Heile bygda er faktisk på kontantstøtte, og KrF og Sp og alle som måtte vere mot likestilling eller kvinner i arbeidslivet av andre grunnar, alle som under påskot av å vere for valgfridom er for å halde folk attende i tradisjonelle rollar, alle som ikkje har skjønt at me treng dei sterke og flinke ute i arbeidslivet og ikkje kan sjå oss råd til at folk vert betalt av staten for å ikkje bruke barnehageplass – alle dei og fleire til får gledestårer i augo av Jondal.

Eg lurer på korleis det står til med feminismen i Jondal, eg.
Vart det noko dreis på sekstiåttar-generasjonen i Jondal?
Var det mange mødre som danna kvinnegrupper og gjekk i demonstrasjonstog på syttitalet i Jondal?
Er det mange tjue- og trettiåringar i Jondal som har vakse opp med mødre som tok lang utdanning, jobba med det dei drøymte om, engasjerte seg politisk og viste at ungane deira fekk det bra likevel?
Korleis står det til med rollemodellane i Jondal?

For me veit jo korleis det vil gå med neste generasjon. Dei jentene som no tutlar i skjørtene på mødrene sine i Jondal, vil ha dårleg samvit og grue seg om dei skal sende ungane i barnehage 8 timar kvar dag. Dei vil sannsynlegvis jobbe 80% eller litt mindre for at dei små ikkje skal ha så lange dagar, og dei vil ta på seg skulda for kvar tåre som blir felt. Dei vil jobbe livskiten av seg for å vere supermødre når dei kjem frå jobb, og dei vil føle seg utilstrekkelege og teite og elendige. Akkurat slik første generasjon barnehagemødre alltid gjer.

Om det verkeleg fantes femnisme i Jondal for 30 år sidan, er det synd denne generasjonen velger for sine born at dei skal starte frå begynnelsen av igen.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 22 kommentarar »

Husmor? Ja takk!

Posta av Avil den juli 15, 2007

Eg vil gjerne ha ei, eg. Ei blid og høfleg dame som kan alt det der med mat og reingjering og privatøkonomi, ei som står opp med ungane og sørger for at det er nystrøkne klede i alle skap, at bær og eple i hagen kjem seg sylta og safta i hus, og som luftar tepper og vasker vindauga når veret er til det. Eg vil gjerne ha ei sånn som kan fjerne flekkar og stoppar strømper og strikker strikkejakkar og monterer dei sjølve. Eg vil gjerne ha ei som alltid er velstelt og solid og grei, ei som ikkje snakkar meg imot så lenge eg blandar meg utanom saftkokinga og bruken av avispapir når ein skal polere vindu.
Alle ville vel hatt ei husmor heime?
Det er då opplagt.

Like opplagt er det at dei er mangelvare fordi få gidd å vere sånn, og fordi folk ikkje har råd til å slikt, og fordi det er bruk for alle gode hjernar og virksomme hender i næringsliv og offentleg sektor.

Så då får det vel vere slik då, at me istaden deler litt på det som er kjipt og behandlar kvarandre med respekt og pyntar oss sånn passe alle saman. Me gjer så godt me kan, dei fleste av oss. Sjølv om me ikkje har nokon husmor der heime.

Andre reaksjonar på husmorsaknet:
Rockette
Hjorten
Gunnlem
Turbipippip
Christian
Fredrik
Audun
Tom-Christer
Kroonweb
Undre
og mange fleire…
 

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 14 kommentarar »

Våre barn

Posta av Avil den juli 10, 2007

Eg vil kort oppsummere mi kulturelt avhengige sanning kring premissane her:

  • Norske myndigheter har skrive under på ei internasjonal avtale som forpliktar oss til å sikre at barn i Noreg blir ivareteke etter internasjonalt vedteke konvensjonar.
  • Norske barn er først og framst foreldrene sitt ansvar.
  • Norske myndigheter har tilsynsplikt i høve dette ansvaret.
  • Denne tilsynsplikta vert i praksis forvalta gjennom helsevesen og skulevesen.
  • Dersom nokon vaksne, og då særleg i helse- eller skulevesenet der ungane er under kyndige og erfarne blikk, oppdagar at barn lid overlast, skal dette meldast frå om.
  • Me har eit barnevern som skal ta seg særleg av barn sine rettar.
  • Me har politi og domstolar som skal ta seg av saker som bryt norsk lov.
  • Norsk lov seier noko om barn sine rettar.
  • Norsk lov seier også noko om dei vaksne sine pliktar.
  • Barnevernslova går over taushetsplikta til ansatte i helse- og skulevesen. Det er berre prestar og advokatar som har absolutt taushetsplikt. Alle andre er lovplikta å melde frå om barn lid overlast.

Når helsepersonell unnlet å melde frå om barnemishandling, og når foreldre ikkje vert halde ansvarleg for barnemishandling, når barnevern ikkje gjer noko for å verne born som vert utsett for barnemishandling, og når politiet ikkje arresterar og domstolane ikkje dømmer folk som mishandlar born, sit eg att med eit spørsmål.

Er det slik at me ikkje trur dette er våre barn?

Er det fordi denne jenta ikkje ser ut til å vere eit av våre barn?

Og om eg tek feil, ville me tillate at dette skjedde våre barn? Dersom naboane begynte å kutte fingrane av borna sine, om dei skar øyro av dei? Ville me tillate det? Om dei skar kjønnsleppene av Anita og Hilde og Anne-Kathrine? Sydde dei saman på eit skittent bakrom og lot dei vekse opp med infeksjonar og smerter? Ville me la det skje?

Lagt til i Filosofi, Kjønn, Mediekommentar | 27 kommentarar »

Det innerste teller

Posta av Avil den mai 14, 2007

Eg vil gjerne by på litt moteblågging her i Ljos i kjømda. Som alle veit har kvinner det slik at dei kjenner verkeleg velvære ved å vite at dei har eksklusivt, lekkert og ubehageleg undertøy innerst mot huden. Det er viktig å vite at ein er velkledd frå innerst til ytterst. Det innerste tel mest, særleg om ein er heterofil.
Men kvinner som har fått ungar i vaksen alder har det med å fallere fort og dei tek mennene sine for gitt. Ammebh og balllongtruser frå Føden vert fort ein vane, og er ein i full jobb og har venninner som snakkar mest om ungane sine og politikk og kva bøker dei har lese, kan ein heilt miste kontakten med det innerste.

Derfor: Ljos i kjømda presenterer sexy undertøy!

I dag: Sexy undertøy for den stroppelause kjolen!

Me presenterar: Den heilt usynlege, gjennomsiktige plast-halterneck-bh-en, i kombinasjon med ein rålekker hipster, og puppetapen, kjend frå Hollywood, no også tilgjengeleg for den travle, norske karrierekvinne:

hipster

 puppetape.jpg

 

Gå våren og sommaren trygt i møte, vel vitande om at det innerste tel og det er i orden!

Lagt til i Fordi eg fortener det, Kjønn, Paint-art | 13 kommentarar »

FrP-koden

Posta av Avil den april 30, 2007

Det blir sikkert teit å komme med dette no, sidan nokon andre har brukt ordet og det står overalt. Men eg knakk FrP-koden i fjor, og har sidan brent inne med det.

Greia er at folk gjer det altfor komplisert.

FrP er den rånete kjærasten mor di ikkje syns at du skal ha. Han som klør seg i skrittet og fortel negervitsar og er heilt på styr. Han er ganske morosam å være kjærast med, ein ler mykje, det er liv og røre og ein kjeiar seg ikkje. Du veit han ikkje er bra for deg, og du blir sur når han ikkje held avtalar og lyg litt, og når han blir så full og brauten på fest at du longskjemst.
Men når mor di seier at han berre lurar deg og at du burde finne deg ein kjekk mann med utdanning og manerar, då er Den Rånete Kjærasten det kjæraste du har, og gud nåde den som freister seie noko anna.

Så til alle menn som stemmer FrP: No veit de korleis jentene har det når dei får vere kjærast med han drittsekken. Slik har dei det. Ja, berre at dei får sex då. Men no må me ikkje bli for bokstavelege. Berre at eg ikkje skjønar at de held det ut. Utan sexen altså. For slik eg hugsar det så var det jo derfor ein haldt ut, trass alt.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 9 kommentarar »

Meir biologi i O-fagstimane?

Posta av Avil den april 26, 2007

Kan me lære noko av andre flokkdyr det er naturleg å samanlikne seg med?

Det fleste flokkdyr me naturleg kan samanlikne oss med slit med unge hanndyr som ikkje får vere med. Desse dyra dannar i blant eigne flokkar og kan komme brasande og terrorisere familieflokken. Ellers sleng dei einsame rundt og går på treningssenter og les pornoblad og fantaserer om den dagen dei skal gruse leiarhannen i familieflokken og overta alle beibsa.

Hos andre raser pleier familiefedrene derfor å vere temmeleg obs når slike unge, bitre gutelarvar nærmar seg, og i heile landsbyen står hannar og hodyr temmeleg samla om å avvise dei.

Chimpansedamene derimot, pleier snike seg bak buskar og steinknausar med dei som ikkje er sjef, og ha litt sex likevel. Slik dempar dei aggresjon hos hanndyra som ikkje er øvst i hierarkiet.
Dette har chimpansemenna løyst med å utstyre seg med temmeleg store testiklar. Slik har leiarhannen von om å blese ut all konkurrerande sæd med sin eigen kjempedose.

Menneskehannane er liksom semiutstøytte når dei ikkje har dame, litt med og litt ikkje med, og alltid kretsande i von om å få vere med. Menneskedamene snik seg også litt bak buskar i blant, og det er ikkje berre dei smarte og sterke og velutdanna og rike som får sex. Men helst ikkje når ein er i parforhold.

Menneskerasen slit rett og slett med denne kombiløysinga.

Anten burde me hive ut aggressive hanndyr som ikkje kan styre seg, eller så burde me tillate utroskap og satse på større testiklar.

Det var berre eit forslag.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 10 kommentarar »

Om det skulle bli aktuelt

Posta av Avil den april 26, 2007

Det har seg sånn at eg har lyst til å rømme landet av og til. Ta med meg alle eg er glad i og rømme til eit tenkt samfunn der dattera mi kan vekse opp og vere eit fritt menneske utan å kunne bli valdteken av folk som meiner det er hennar skuld fordi ho er så inderleg søt. Ein stad der sonen min kan vekse opp utan å bli slått ned som som attenåring i ein drosjekø av ein dritings fyr berre fordi sonen min er så inderleg søt.
Men så er det ingen stader å rømme til.
Då er det fint å kunne tilkalle Northstar. I følge ein test eg tok, er han nemleg den superhelten som passar best for meg, og sjølv om han er litt oppesen, er han veldig smart og fin og kan ordne opp i slikt som politikarar og politi og psykisk helsevern ikkje får til.
Eg berre opnar glaset oppe i andre etasje, ser litt drøymande ut i natta og så plystrar eg lågt. Då kjem Northstar fykande over tretoppane.

- Skjønne frue i naud, kva kan eg hjelpe deg med?
- Åh, det er visst omlag halvdelen av norske menn som verkeleg meiner at kvinner kan valdtakast om dei har hatt fleire sexpartnarar og er flørtete i veremåten.
- Oisann. Vil dei at damene skal spare seg til ekteskapet og vere sure og avvisande mot alle?
- Eg veit ikkje. Kanskje dei vil at alle skal bruke burka.
- Dette er ein superheltsak, berre vent litt.
Og så svosjar Northstar over tretoppane igjen, og kjem attende ti minutter seinare med litt blodflekkar på trikoten.
- No har eg fiksa det.
- Åh! Kva gjorde du?
- Eg ringte til alle i Noreg, og dei som svarte feil berre knerta eg.
- Sallan. Nokon eg kjente?
- You will be suprised.
- Det var kanskje litt leit.
- Eg knerta ikkje dei aller finaste. Eg tenkte at om dei med feile meiningar var i skrikande mindretal ville dei anten føle seg så dumme som meinte noko så avvikande at dei ville endre haldning, eller så ville dei uansett bli rekna som stupide om dei opna kjeften, så dei ville ikkje kunne gjere nokon skade. Og eg veit jo at du ville prioritert dei vakraste, om du først skulle spare nokon.
- Men kva med dei eg er glad i då?
- Litt må ein ofre.
- Hm.

Som du skjønar, så kjem eg ikkje til å tilkalle superhelten min før det verkeleg, verkeleg sprekk for meg. Det er alt for risikabelt. Men det kan vere greitt å ha nokon i bakhand. Om det skulle bli aktuelt til slutt.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 8 kommentarar »

Den rosa fare

Posta av Avil den april 23, 2007

Mødre har meint noko, pedagogar har meint noko, Øystein Djupedal har meint litt om det, feministblåggar har meint meir om det, no er det gått så langt at også Dagbladet må meine noko om det.

Rosa er farleg.usunn.jpg

Å kle seg ut som prinsessar og berre teikne kruner og blomar og fyrstikkjenter i tylkjolar er farleg.

Så farleg at Dagbladet har tromma saman trendforskar, fargeekspert, kjønnsforskar, sosiolog, novaforskar og psykologiprofessor til å meine noko om rosa.

 

Eg meiner også noko om rosa.

 

Eg meiner at det for faen berre er ein farge

Rosa er den fargen jenter på 2, 3 og 4 år gjerne vil ha, fordi me vaksne har formidla noko til dei gjennom bøker me lagar og klede me produserer og ting me stiller fram i alle butikkar. Rosa i seg sjølv er berre kvit blanda med raudt. At me først presenterer ei prinsessetyllverd for jentene, for deretter å henge oss i ballettsko-stroppen i dårleg samvit over kva vi har gjort, er etnosentrisk og feministisk sjølvpining

Så lenge mødre viser seg som gode førebilete, med gode og rike kvinneliv, så lenge me ikkje påfører småjenter unaudsynt skam ved å le av dei når dei prøver seg på praktiske ting, men lar dei utvikle seg like fritt og mangfoldig som guteborn, kan fargen rosa gjere liten skade.

Så snart dei blir fem år går rosafargen av mote, då er den nemleg “for babyar”.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 16 kommentarar »

Dameblad for menn

Posta av Avil den april 18, 2007

Elle for menn er lansert som ei sånn “det kjem kan hende berre ut ein gong, altså”-greie.
Gaute Drevdal er redaktør, og han var i Store studio og sa mykje dumt. Eg sat og mislikte han under nesten heile intervjuet, då han gjorde mykje ut av å seie at dette var mote og sminke og hårpleie for heterofile menn, og at artiklane sjølvsagt var meir intelligente enn i dameblad og slikt. Lett å hate.

Men til sist slo han til og vart elskeleg.

Han fleska til med å samanlikne denne eingongs-utgjevinga med eit one-night-stand. Og som alle veit (altså i følge Drevdal) er eit one-night-stand alltid meir romantisk og vakkert og nært og lidenskapeleg enn eit rutineknull.

Ellers har Signy Fardal faktisk vore reelt morosam i TV2-intervju, og gøymt seg bak bladet sitt og valdstrua journalisten fordi ho ikkje fann noko interessant i sitt eige blad. At journalisten er heilt humorforlatt seier meir om han enn om Signy.

Kven skulle tru at Elle for menn og kvinner skulle gje meg noko nokonsinne. Eg er heilt rørt og overraska.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 16 kommentarar »

*vise fram fin post hos Undre*

Posta av Avil den april 10, 2007

Lagt til i Kjønn, Språk | 5 kommentarar »

Nerthus

Posta av Avil den april 2, 2007

Frå gudinne til langbeint gud på 1000 år

Me klypper frå Norges historie (Aschehoug, 1910): “De norske og de jyske horder [folket hordene kjem me attende til i neste blåggpost] dyrkede begge sin hovedgud Njord, den gamle Vanegud, som under navnet Nerthus alt nævnes af romerske skribenter og oprindelig var en gudinde, “den moderlige jord”. Men i det gamle norrøne maal forsvandt i tidens løb alle hunkjøns u-stammer, bare hanskjønsordene blev tilbage. Hunskjønsordet Nerthus bled derfor til hanskjønsordet Niorðr, og den oprindelige kvindelige guddom blev til en mandlig gud.”

Njord er kjend for oss i dag som vaneguden som er far til Frøy og Frøya, – desse tre er dei vanane som kom til Åsgård etter vanekrigen. Det er spekulert mykje i dette med Nerthus og Njord, om dei kunne vere eit par, søsken, eller om dette var same guddomen.
Nerthus er kjend for oss takka vere Tacitus, ei kjelde som levner lite tvil om gudinnedyrkinga for nærare 2000 år sidan. Men Nerthus er altså forsvunne når me kjem til Snorre, og i staden har me Njord, som vel kunne vere ein noko bister fiskargud, med krefter som strakk seg over både hav og vindar, og fiskelukke med, men fine bein hadde han.
Då æsene hadde drepe jotnen Tjase for å berge Idunn (ho med ungdomseplene), kom dotter hans Skade rasande til Åsgård og ville at dei skulle gjere opp for seg. Ho fekk velje seg ein mann blant dei, og ho ville nok helst hatt Balder, søtnosen. Men æsene var smarte nok til å gjere det til ein festleg leik, der ho berre fekk sjå leggene til dei ho skulle velje blant. Og han med dei finaste leggene var altså Njord.

Ein kan altså skifte kjøn, men leggene vil alltid røpe ein.queenkilt.jpg

Lagt til i Kjønn, Norrønt, Religion - myter, riter, kult | 2 kommentarar »

Høne III

Posta av Avil den april 2, 2007

Frå gudinne til blond stut på 1000 år

Eg har tidlegare skrive om den evige gudinna Høne, den einaste som overlever Ragnarok. Høne er representert på gotlandske steinar som ei svane, og ho ber og representerer tenkeevna.
Men noko skjedde med Høne.
Når me møter ho att hos Snorre er ho blitt til den noko tåpelege og forfengelege mannlege æsen Høne, i blant blanda saman med Vilje (Odins bror, son av Bor, også kalla Jafnhar/Jevnhøy). Ho gjev dei første menneska Ask og Embla tankens evne, men ellers er det ikkje mykje att. Me får vite korleis Høne (i lag med jotnen Mime) etter vanekrigen (den store krigen mellom gudeslektane æser og vaner) bytte plass med Frøy, Frøya og Njord, dette byttet som skal sikre freden mellom vaner og æser. Vanene gjer Høne til høvding, men han viser seg med tida altså å vere ein udugeleg herre og ikkje kan mykje anna enn å sjå flott ut. Vanene tek livet av han, og hogg hovudet av Mime. Odin (som altså skal vere storebror til denne Høne) bruker all den seid han har lært av Frøya til å redde jotnen Mime. Og på Snorre si tid er jo jotnane fælslege kaoskrefter som æsene kjempar mot det meste av tida, openbert med nokre unntak.

Eg veit ikkje med deg, men eg slit litt her. Sjølve tankens gud dum som eit brød? Så dum at vanene tek livet av han? Og det vil seie at Høne ikkje overlever likevel og tankeevna forsvinn med denne blonde stuten. Og Odin nyttar kreftene sine på å redde ein av dei fæle jotnene.

Rett nok er det ikkje alt som heng saman i gamle myter, men dette?

Noko tyder i alle tilfelle på at heile konseptet med fæle jotnar ikkje held mål. Det går elles igjen i heile litteraturen etter Snorre, jotnar dukkar opp alle stader som temmeleg smarte, greie og flotte skapnader. Ikkje minst er det utbreidt at gudar finn seg jotnekvinner, dei elsker og lagar born. Og mykje tyder på at jotnene har hatt ei sterkare stilling som skapande og jordbunde også seint i norrøn gudedyrking, og at dei kjem frå gamalt av som eiga natur- og skaparmyte.
Men dette er ei eiga soge.

Lagt til i Kjønn, Norrønt, Religion - myter, riter, kult | 2 kommentarar »

Angiveleg og påstått

Posta av Avil den mars 21, 2007

Ei kvinne som har vore gravid og mista fosteret ei rekkje gonger kjenner kroppen sin.
Men når ho fortel legen sin at ho er gravid på ny heiter det “angiveleg gravid” i journalen.
Eg har aldri sett “angiveleg øyreverk” eller “angiveleg forkjølt”, men “angiveleg gravid” er heilt vanleg. Heilt til det vert stadfesta av urin- eller blodprøve.

 Om eg sa til ein journalist at eg “har slutta å sykle til jobben, syklane mine vert berre stålne. Dei siste tre åra ha to syklar blitt borte, og sidan eg er ein erkedust som aldri somlar meg til å forsikre noko som helst, er det rett og slett betre å gå”, så hadde han kanskje skrive akkurat det. Om det ellers var relevant.
Han hadde neppe kasta inn eit par [påstått] eller [angiveleg] inn i saka.

Om eg hadde fortald at eg ikkje gjekk aleine på uteplassar etter eg vart slegen ned bakfra av ein eller annan som dei aldri fann, ville dei nok skrive det også. Utan [påstått] eller [antatt] eller [angiveleg]. Og no siktar eg sjølvsagt ikkje til namngjevne folk, då er det jo påstått så lenge det ikkje føreligg dom. Nei, eg snakkar om at eg kan seie at i 1993 slo nokon ut ei tann på meg på ein utestad. Folk tek det på strak arm. Ikkje nokon påstått tann der. Berre tann. Ikkje angiveleg slag. Berre slag.

Men me er jo veldig godt vane med antatte valdtektsmenn og påståtte overgrep. Og altså påståtte graviditetar.

 Eg har rekna det ut.

Påstått og antatt og angiveleg betyr at det er sex-relatert.
Forklaringa må vere at jenter vert så i ørska når dei er i nærleiken av penisar at dei liksom ikkje heilt veit om dei drøymer eller er vakne. Eventuelt er jenter kjende for å lyge på seg veldig mykje sex. Ein bør i alle tilfelle tvile sterkt når jenter seier dei har sett ein pikk eller hatt han i seg.

Lagt til i Kjønn | 10 kommentarar »

Marianne Aulie (tillegg)

Posta av Avil den mars 14, 2007

Etter ein sein kveld med ein veldig lang rl-diskusjon om dette, vil eg tilføye (til alt eg allereie har sagt):

Mange har omtalt dette som ein valdtektsdebatt, men det er det ikkje.
Valdtekt (med truverdige og utvetydige vitner og/eller klåre teikn på fysisk kamp) er ei straffbar handling i Noreg. Det Aulie skuldar navngjevne menn for er ikkje straffbart. Eg trur ikkje nokon kan finne eit døme på at ein liknande handling er blitt straffedømt, om ein i det heile tatt kan finne ei rettssak som har handsama ein slik anklage.

Det Aulie har gjort er å anklage nokon (navngjeve på radio) for å ha gjort ei (om enn moralsk forkasteleg, men) ikkje-straffbar handling.

Det er verkeleg interessant at advokatar (med fleire) meiner at ho bør rettforfølgjast og straffast for å skulde nokon for å gjere noko ikkje-straffbart.

Og på same måte som at ein dansk teikneserieteiknar ikkje kan seiast å vere ansvarleg for ambassadebrenning i eit land langt borte, kan Aulie heller ikkje seiast å vere ansvarleg for feilsitering, eller for telefonhets eller straffbare handlingar som avislesar-mobben utfører mot dei navngjevne menna.

Bølgene gjekk høgt på nettet i går, og det er viktig å merke kva det gjer med folk.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar, Metablågging | 24 kommentarar »

Marianne Aulie

Posta av Avil den mars 12, 2007

Avisene er fulle av dragande overskrifter og alle som vil kan lese aviser på nett eller sjekke Google. Saka er at ei kjend dame har valgt å oute nokre kjende folk som for 14 år sidan var stygge mot ho, dengong ho var 21 og ikkje så vaksen og kul og kjend.

Eg les i blåggar og på forum kva folk meiner om dette. Og i staden for å øse ut av meg alle stader, samlar eg min eigen reaksjon her (Mamma: Her blir det banning):

Eg vert provosert til tårer.

Over at folk fniser og seier Aulie er teit og burde halde kjeft.
Over at folk seier at ho ikkje burde halde kjeft i 14 år og så seie noko, då kunne ho jo berre halde kjeft resten av livet.
Over at folk seier ho må stå ut ein rettssak ellers burde ho halde kjeft.
Over at folk antydar at blonde, fine damer ikkje heilt er til å stole på.
Over at det blir slått opp som ei sak som berre er pinleg for programleiar Mina og NRK.

Marianne Aulie kan då for faen seie og gjere kva i helvete ho vil om den saken.

Ho er då ikkje bunde til nokon faens kuklojalitet til folk som tvingar ho til noko som helst!
Om ho ikkje vil , tør eller gidd anna enn å stå på fjellet og brøle om det, så er det då hennar sak.

Folk taklar overgrep som det passar dei.
Ferdig.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar, Metablågging | 47 kommentarar »

Menn og verkty

Posta av Avil den mars 2, 2007

bilde-94.jpgDet er mogeleg ein ikkje kan seie dette generelt. Det er mogeleg at i andre familiar har ein andre erfaringar. At ikkje alle menn er kliss like. At det er mi eiga skuld som har gifta meg med ein mann som likar å sikre seg godt verkty når han skal vere handy. At det er arveleg, om ikkje anna så fordi ungen lir under sosial tyngsle. At eg bør passe meg, no i desse damedagstider, for generalisering som spelar på kjønna stereotypiar.bilde-93.jpg

Det er berre litt overveldande kor mykje verkty sonen min treng for å lage ei pølse av modellkitt.

Tillegg: Illustrasjon av korleis ein brukar ein drage:

bilde-95.jpgbilde-96.jpg

Lagt til i Kimsekken, Kjønn | 18 kommentarar »

Menn tek mest omsyn til ungane

Posta av Avil den februar 27, 2007

Flott overskrift? Eg øver meg på å vere tabloid.
No sa dei nett på NRK P2 sine nyhende klokka 11.00 at “60% av arbeidstakerne har fravær på grunn av barns sykdom. Fleire menn enn kvinner har slikt fravær”.

Ein kan sikkert seie noko om alle dei heimeverande kvinnene som ikkje får fråver når ungane er sjuke. Men alt i alt syns eg dette var gode nyhende. Som kvinne og småbarnsmor hender det jo at ein arbeidssøkjar er redd for jappespørsmålet om korvidt ho kjem til å vere mykje borte på grunn av ungane. Ikkje fordi dei har lov til å spørje slik. Men om dei no gjorde, så kan ho no med landsstatistikken på si side seie at “neida, ungane har jo ein far”.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 22 kommentarar »

Fintfolk drit på draget (del I)

Posta av Avil den februar 25, 2007

 Darwinistane har det med å drite på draget. Denne gong representert ved “human atferdsøkolog” Terje Bongard, som sjølv openbert utelukkande siklar på unge damer, og trur at det er intellektuell innsikt og sjølvironi som gjer at menn gidd å ligge med oss som har passert tredve.

Slik får han sagt det:

– Vår kropp og vår hjerne er et resultat av millioner av års naturlige og seksuelle seleksjon. De menn som tente på kvinner i 50-årene har ingen etterkommere. Så enkelt er det.
– Vi tenner på det som gir det beste avkommet. Ungdom og skjønnhet hos kvinnen signaliserer en lang reproduktiv periode og symmetri angir gode gener. Videre vet vi at et delingsforhold mellom midje og hofte som ligger omkring 0,6 – 0,7 oppfattes som tverrkulturelt mest attraktivt blant menn.

– Når vi forstår disse mekanismene, kan vi lettere leve med dem. Vi menn må leve med sorgen over at når våre kvinner runder 40, da går det feil vei. Vi må leve med at vi går gjennom livet med et dypfølt ønske om å ligge med de fleste fine damene vi ser.

– Vi er jo nødt til å temme disse følelsene. Vi kan ironisere over dem og finne løsninger som gir oss gode liv likevel.

Det er berre det at mennesker ikkje berre har sex for å få ungar. I likhet med andre menneskeaper brukar me sex som ein del av vår måte å vere i lag med andre på, og som lim i viktige relasjonar. Og veit du, Bongard, eg treng ikkje forske for å vite det eingong, dette tilhøyrer den delen av vår viten om det sosiale som er himmelropande openbar.Menn tenner ikkje berre på dei sprengfertile damene. Menn tenner faktisk på kvinner dei elskar også. Menn tenner på kvinner mellom 14 og 50 dei ikkje kjenner eingong, heilt utan å ta hardt i, og jammen meg får einslege kvinner over 50 seg noko og. Heilt utan at menn må ty til sjølvironi og intellektuelle øvingar for å få erigert penis, når dei ligg inntil ei varm og generøs kvinne som begjærlig grip dei med munn og hender og gjev av seg sjølve. Menn og kvinner har sex for trøyst, sex for avspenning, sex for kos, og berre fordi det er den billigaste moroa me kan ha. Me har sex med folk me elskar, sex med folk me har krangla med og sex med folk me ikkje eingong vil vakne med. I alle formar og alle aldrar. Menn tenner på kvinner i eit bredt aldersspekter, og me har sex heile året, uavhengig av brunsttid, som pregar artar som utelukkande har sex når dei skal formere seg. Rett og slett fordi sex hos menneske er noko meir enn reproduksjon.Bongard og paven kan ønske det så mykje dei vil, men dei klarar ikkje redusere den menneskelige seksualiteten til rein formeiring.Men at både menn og kvinner kan kikke litt ekstra på dei aller finaste eksemplara av arten er ein annan sak. Det å ville ha sjokoladekake utelukker ikkje at ein også set pris på ei skive heimelaga brød med godt smør.
For her er det darwinistane har det med å drite seg ut: Dei trur naturen er så jækla enkel. Dei og paven. Og han trur no i det minste på noko han ikkje ser, medan slike som Bongard ikkje eingong trur på det alle ser.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 95 kommentarar »

Etologi og lukke

Posta av Avil den februar 23, 2007

Kjønn og biologi er eit heitt tema, og ein diskusjon hos Fjordfitte minna meg om noko som eg hugsar som merkeleg.
Eg hugsar korleis det var å sitje der og høyre på ein mann som så fryktelig gjerne ville finne ut av korleis verda hang saman. Korleis ryktet hadde gått på førehand: Me skulle tvingast til å høyre på ein mogeleg rasist, ein kvinnehatar, ein førelesar som dei andre professorane ope snakka stygt om. Folk hadde stått utanfor og røykt og fortalt dei siste naive som ikkje visste.

No sto han der, Helmut Nyborg, og ville fortelje oss om feltet sitt, faget sitt, om kvifor han dreiv med det han gjorde, kvifor han forska på samanhang mellom arv og prestasjonar. Og han var sint, skremt, men også vittig og slagferdig.
- Om eg seier at det fins ein liten, men signifikant forskjell på kjønna sine matematiske ferdigheter? Kva seier de då? At eg lyg? At eg hatar kvinner?
Men om eg seier at det berre er småtteri mot kvinner sine evner til å løyse og hugse fleire oppgåver samstundes, kva då? Lyg eg framleis? Eller kjennest det liksom betre?
Kan me snakke om dette? Er det mogeleg å forske på dette? Eller burde heile feltet vore kriminalisert, slik det har vore i store deler av Sovjetunionen, Kina og andre kommunistiske regime? Er miljøet sin påverknad så viktig for oss at me ikkje vil vite om det er like viktig i røynda? spurte Nyborg.

Og då han hadde snakka seg varm og lagt fram grafar og kjelder til det svimla for oss, viste han oss eit bilete.
Eit bilete eg elskar. Konrad Lorenz som svømmer med ender.

ducks.jpg
Nyborg fortalde at han hadde sikra seg ei gjesteførelesningsrekkje i Austerrike for å få møte Lorenz. Då han kom fram viste det seg at Lorenz samstundes var i Amerika. Nyborg var blitt synleg skuffa, og hadde då fått låne universitetshybelen til Lorenz.
Nyborg fortalde at han den kvelden låg i badekaret til Konrad Lorenz og tenkte at her, i dette badekaret, hadde kanskje Lorenz tenkt ut noko skikkeleg lurt ein gong. Då hadde Nyborg vore lukkeleg.

Den kvelden var eg ute og drakk mykje raudvin med vener, og på veg heim gjekk eg gjennom parken. Eg stansa ved andedammen og kjende meg lukkeleg. Eg kledde av meg og vassa uti. Det var uendeleg mykje glatt gjørme, og ikkje særleg djupt. Etter ein liten badetur der ingen ender kom meg i møte, gjekk eg heim og la meg i badekaret. Neste morgon vart eg litt overraska over nett kor mykje gjørme, andeskit og fjær eg hadde drege inn i heimen og på badet.

lorenz2.jpg

Lagt til i Kimsekken, Kjønn | 12 kommentarar »