“Her editorial suggestions consisted of suggesting that I finish it, which frankly is the best editorial suggestion anyone can make.“
Arkiv for kategorien ‘Lesarsørvis’
Godt råd
Posta av Avil den august 25, 2007
Lagt til i Fordi eg fortener det, Lesarsørvis, Litteratur | 2 kommentarar »
Fantasy-Avil
Posta av Avil den august 21, 2007
![]() |
|
![]() |
Hvilken historisk personlighet er du? |
| Mitt resultat: J.R.R. Tolkien Du er mannen bak fantasysjangeren, og den moderne tids aller mest populære eventyrforteller. Din fantasi er enorm, som også din kunnskap om historie, språk og kulturer. Du er en skapende person, og du kommer til å skape mye stort i ditt liv, og bringe glede til mange hjerter. |
|
| Ta denne quizen på Start.no | |
Lagt til i Lesarsørvis, Litteratur | 20 kommentarar »
Det er forventet store mengder nedbør, temperaturer opp mot 13 grader
Posta av Avil den august 17, 2007
Ting å gjere når hundedagane viste seg å likne ein alminneleg vestlandsvinter:
- Bygge ein TIE Interceptor i LEGO.
- Bygge ein Jedi Starfighter i LEGO.
- Bygge ein B-Wing Fighter i LEGO.
- Bygge ein Imperial Star Destroyer i LEGO.
Om ein då ikkje berre skriv ei bok eller noko, altså.
Lagt til i Lesarsørvis | 13 kommentarar »
Ringeklokke og dørskilt (ein poll)
Posta av Avil den august 3, 2007
Dette er ein heimesnikra poll. Det betyr at du i kommentarfeltet kan svare ja eller nei eller veit ikkje på ein bestemt problemstilling. Folk som er sørgeleg rigide og overorganiserte og tvangsprega og konforme (altså dei som har ringeklokke og/eller dørskilt) kan berre la vere å svare. Dersom ingen svarer går eg ut frå at alle meiner det er uhørt å bruke tid på slikt som ringeklokker og dørskilt, då dette er for dei sørgeleg rigide og overorganiserte og tvangsprega og konforme (altså dei som me ikkje vil assosierast med).
Spørsmål: HAR DU RINGEKLOKKE OG/ELLER DØRSKILT?
Svaralternativ:
1. Nei.
2. Veit ikkje.
3. Anna: Forklarer med eigne ord i kommentaren.
Lagt til i Lesarsørvis | 37 kommentarar »
Alve-Avil
Posta av Avil den august 2, 2007
![]() |
|
![]() |
Hvem er du i Ringenes Herre? |
| Mitt resultat: Galadriel Alvedronningen Galadriel er vakker, klok og snill. Ligner du mye på henne kan du være stolt! |
|
| Ta denne quizen på Start.no | |
Lagt til i Lesarsørvis | 19 kommentarar »
Spørrekonkurranse II
Posta av Avil den august 2, 2007
Til glede for Skorpionkvinnen kjem dagens andre spørrekonkurranse:
Kvar er sitatet “Hysj, ikke noe hurra” henta frå?
Lagt til i Lesarsørvis | 9 kommentarar »
Din personlege skytshest
Posta av Avil den august 1, 2007
Ljos i kjømda byr i dag sine lesarar å komme i kontakt med deira heilt eigen skytshest.

Levert med pyntedingsar og hårbørste, for den moteriktige engleprinsesse.
Til salgs for ein rimeleg penge sjølv langt ute på landet.
Produktnamn: Flutterwing Princess!
Lagt til i Lesarsørvis | 19 kommentarar »
Underhaldning i pausen
Posta av Avil den juli 10, 2007
Medan eg har sommarferie, kan de jo gå på oppdagingsferd i denne nydelege blåggen. Fine bilete, sjarmerande tekstar, sympatisk fyr.
Der fann eg mellom anna dette dramaet, der ein løveflokk, ein krokodille og ein bøffelflokk slåss om ein tøff, liten kalv:
Lagt til i Lesarsørvis | 3 kommentarar »
Oslo for bygdefolk
Posta av Avil den juni 21, 2007
Dette treng landsbyidiotar som meg å vite om Oslo:
1. Frå Gardermoen går det flytog rett til Oslo S. Rett utanfor hovudingangen finn du Trafikkanten og der inne svarar dei på sånne teite spørsmål om kvar ting er og slikt. Men viktigst: Dei gir deg eit kart. På kartet lagar dei gjerne små ringar kring dei stadene du har spurt om. Dette kartet beheld du i veska.
2. Trikkar går i eit virvar overalt. Det er ikkje så lett å vite kva trikk ein skal på. Men ein kan spørje. Om dei som ventar på trikken ikkje kan svare, så kan trikkesjåføren. Dei er mykje greiare og meir sørvisinnstilla enn du kan drøyme om. Men du må snakke fort og komme til poenget og ikkje dra ut sånne lange Alta-setningar, for då køyrer dei berre vidare og du kan du bli hengande halvt ut av trikken og døy.
Bruk heller kartet du har i veska og spør kjapt.
3. Det er minibankar inni Deli de Lucaene og Seven 11ane. Og dei er overalt. Der selger dei også tannkost og kondom og deodorant og kaffe og noko du kan ete til frukost på veg heim. For å finne heim att til hotellet eller kursstaden: bruk kartet du har i veska.
4. Om du skal frå Karl Johan-sentrum til Grünerløkka-sentrum må du gå over ei bru der du kan få kjøpt narkotika, bli rana eller valdteken, eller i alle fall bli fortalt etterpå at alt dette kunne skjedd.
5. Sentrum er ikkje større enn at du kan gå overalt, dei beste restaurantane er indiske, og dei beste butikkane finn du sikkert ikkje. La være å bruke pengane dine på ræl, sett deg heller på ein utekafe og røyk masse så lenge det er lov, og sjå på horene så lenge det er lov.
6. Når du er full bør du ta drosje.
7. Ikkje ha høge forventingar. Det er ein ganske stygg og ganske liten og ganske keisam by.
Lagt til i Lesarsørvis | 25 kommentarar »
Dessert
Posta av Avil den juni 14, 2007
Etter to ventepølsepostar og ein minnepost og ein slags verkeleg post, kjem dessertposten.
Dette er eit dikt av festspeldiktaren Tone Hødnebø, og ho har lese det høgt så mange gonger så mange stader at eg hugsar det omlag utenat og dermed er det klistra til hjernen min og den kan ingen ha kopirettar til på eit vis, eller noko. Eventuelt: Løp og kjøp.
Det er ikke morgen, det er ikke kveld,
det er ikke dag, det er ikke natt,
det er ikke sommer, det er ikke høst,
det er ikke vinter og det er ikke vår,
men vinden blåser i trærne og trærne
lar seg rive med. Trærne lar seg rive med
Lagt til i Lesarsørvis, Litteratur | Legg att ein kommentar »
Ventepølsepost II
Posta av Avil den juni 14, 2007
Privat huskeregel
Du skal ikke klistre fine øyeblikk
opp på veggene i tankene
og forgylle dem med lengselen din.
Du skal kjøre spettet
hardt innunder arrete hverdager
og vippe dem opp.
En etter en.
Det er derfor
livet har deg på mannskapslista.
Kolbein Falkeid
Lagt til i Lesarsørvis, Litteratur | 5 kommentarar »
Ventepølsepost
Posta av Avil den juni 14, 2007
I vår familie griller me ventepølser som ein kan ete medan ein venter på at den verkelege grillmaten vert ferdig. Dette er ein ventepølsepost. Ein slik post du kan lese medan du venter på at det kjem ein verkeleg post.
Og kva er vel lettare å fordøye enn eit Stein Mehren-dikt?
Jeg holder ditt hode
Jeg holder ditt hode
i mine hender, som du holder
mitt hjerte i din ømhet
slik allting holder og blir
holdt av noe annet enn seg selv
Slik havet løfter en sten
til sine strender, slik treet
holder høstens modne frukter, slik
kloden løftes gjennom kloders rom
Slik holdes vi begge av noe
og løftes
dit gåte holder gåte i sin hånd
Stein Mehren
Lagt til i Lesarsørvis, Litteratur | 1 kommentar »
Ut på det bårute havet
Posta av Avil den juni 8, 2007
No pakkar eg snippsekken og laptopen reiser og reiser dit Djevelen ikkje kan hefte meg med Internett.
Ha ei strålande helg! O’hoi!
Lagt til i Lesarsørvis, Litteratur | 7 kommentarar »
Jonas på puta
Posta av Avil den juni 1, 2007
Eg er på sørvissida for tida.
Sidan eg var litt seint ute til jobb i dag fekk eg med meg litt av eit P3-intervju med Jonas Gahr Støre, på min analoge bilradio.

Han kunne fortelje at:
- han likar ikkje store puter som får hovudet til å bli skeivt
- då søv han heller utan pute
og
- han sovnar på magen
Tenk litt på det, jenter. God helg.
Lagt til i Lesarsørvis | 15 kommentarar »
Det med liten skrift
Posta av Avil den mai 30, 2007
Favorittstripa mi åtvarar om at den til tider nyttar eit språk som ikkje høver for born, humor som ikkje høver for vaksne og matematikk som ikkje høver for folk med HF-hovudfag.
I tillegg står det noko med så lita skrift at ein ikkje kan lese. Som ein særleg sørvis til Ljos i kjømda sine trufaste lesarar (som sjølvsagt også les teikneserien sidan eg linkar dit) har eg kopiert og forstørra det med liten skrift:
“We did not invent the algorithm. The algorithm consistently finds Jesus. The algorithm killed Jeeves. The algorithm is banned in China. The algorithm is from Jersey. The algorithm constantly finds Jesus. This is not the algorithm. This is close. “
Lagt til i Lesarsørvis | 13 kommentarar »



