“Her editorial suggestions consisted of suggesting that I finish it, which frankly is the best editorial suggestion anyone can make.“
Arkiv for kategorien ‘Litteratur’
Godt råd
Posta av Avil den august 25, 2007
Lagt til i Fordi eg fortener det, Lesarsørvis, Litteratur | 2 kommentarar »
Skriveprosess V
Posta av Avil den august 25, 2007
Denne veka har eg vore litt streng med meg sjølv og sett produksjonskrav. Eg sette krav til meg sjølv om 20 000 ord i den “ferdige teksten” til fredag ettermiddag, og det gjekk greitt.
Stikkord kring kvar eg er no:
1. Frå dialog til sjenanse. Mens eg har halde på med synopsis, og konstruksjon av verda, guddommar, folkeslag, magiske artifaktar, moglege samanhenger og hendingar i fortid, notid og framtid, har eg hatt stort behov for å dele, prate og la mannen min lese små anekdotar.
No held eg attende. Eg syns meir må på plass før han kan få lese noko. For ikkje snakke om forlaget. Mykje meir må på plass. For no tek sjølve teksten form, og eg vil ikkje vise den fram med for mange feil og manglar.
2. Etnosentrisme. Det meste eg har lese av god fantasy er skrive av engelskspråklege forfattarar. Etter å ha lese Snorre og Saxo ser eg at dei har forsynt seg uhemma. Vel, det kan eg og gjere. Men eg syns det er mykje vanskelegare å forsyne seg frå andre kulturområde og myteområder enn det skandinaviske. Eg syns ikkje eg forstår det eg les godt nok, og eg kan ikkje slå opp og undersøke i framandsspråklege nettsider og artiklar (utanom engelske).
Det er nydeleg at engelskspråklege forfattarar syns dei kan nytte seg fritt av finsk og skandinavisk mytemateriale, men eg merker eg slit med ein slags etnosentrisk inkompetanse. Eller kan hende det er akademisk sjenanse.
3. Sex. Skjønnlitteratur skal (etter mi meining) gjerne ha med noko sex. Det er jo slik ein skryt av bøker. Velskrive, klokt og ein god porsjon overtygande erotikk i kapittel fem og åtte. Men fantasy har det med å bli lese av tiåringar, uansett kva forfattaren har tenkt seg. Forlag, bokhandlarar og foreldre ser ut til å meine at “er det ein drage med, så er det nok ei barnebok”.
No har det seg slik at karakterane mine ikkje er så teikneserieaktige. Dei pissar og spyr, bekymrar seg og vert skuffa. Og då er det i visse scener at vaksne seksualdrifter gjer seg gjeldande. Og eg får utslett av erotiske metaforar.
Det får halde. Tre moment er nok i ein blåggpost.
Lagt til i Litteratur | 21 kommentarar »
Fantasy-Avil
Posta av Avil den august 21, 2007
![]() |
|
![]() |
Hvilken historisk personlighet er du? |
| Mitt resultat: J.R.R. Tolkien Du er mannen bak fantasysjangeren, og den moderne tids aller mest populære eventyrforteller. Din fantasi er enorm, som også din kunnskap om historie, språk og kulturer. Du er en skapende person, og du kommer til å skape mye stort i ditt liv, og bringe glede til mange hjerter. |
|
| Ta denne quizen på Start.no | |
Lagt til i Lesarsørvis, Litteratur | 20 kommentarar »
Skriveprosess IV
Posta av Avil den august 15, 2007
Eg føler eg har forlese meg på Andre Verdskrig, og ikkje veit kva ende eg skal begynne for å fortelle ei gripande historie som ender med Hitlers død og krigens ende til eit publikum som ikkje eingong har høyrt om Europa.
Eg sit med oppveksthistoriar, reiser, erfaringar, giftarmål, born, virke og anekdotar for fem generasjonar. Ei heil lita verd med forskjellige land, folk og kulturar, med tilhøyrande religionar, hendingar over fem mannsaldre som grip inn i ei notid der trådane skal samlast, hendingar avhengige av alt som er skjedd før. Eg har kart og teikningar av skip og folk, eg har magiske objekter som har funne sin veg frå hand til hand gjennom historiar berre eg kjenner. Eg har bryllup og gravferder, eg har sjøslag og skapingsmytar.
Dei er her alle saman no. Alle dei handlingsberande personane i universet mitt. Sjølvsagt er mykje usikkert, mange mindre roller er ikkje besatt, eg veit ikkje namnet på einkvar stallkar eller taus, og eg har ikkje heilt klårt for meg alle hendingar fram mot enden. Men eg har meir enn nok.
Dette har eg ikkje: Eg skjønar ikkje kvar eg skal begynne. Kvar skal lesaren min komme inn i historia? Og om eg verkeleg skal gje tilbakeblikk til eit tidsrom der alle som levde dengong er daude, kven skal fortelje? Skal lesaren berre zappast attende til ei tid bokas nolevande ikkje kjenner til? Det er så mykje eg ikkje klarar å finne ut av. Og eg strevar med forteljarstemma. Eg har leika litt, prøvd ut forskjellige måtar å fortelje på. Noko fungerer, men alt eg har prøvd har sine svake sider. Korleis kan eg bruke same språk til alt som skal skje? Og i kva grad kan eg tillate meg å fortelje med fleire stemmer? Eg har idear om korleis dei forskjellige stemmene skal finne sin plass, men sjølv rammehistoria, handlinga, må finne den rette rytmen.
Ord setjast etter ord, eit etter eit, til ein til slutt er ferdig.
Berre fortsetje.
Lagt til i Litteratur | 17 kommentarar »
Skriveprosess III
Posta av Avil den august 7, 2007
The progress of any writer is marked by those moments when he manages to outwit his own inner police system
- Ted Hughes
Lagt til i Litteratur | 4 kommentarar »
Columbi-egg og strekar som opner sjela
Posta av Avil den august 3, 2007
Eg likar å skrive og eg likar å teikne. Slik har det vore heile livet. Då eg var barn måtte mor mi tvinge meg ut og leike, eg hadde store vanskar med å rive meg laus. Og eg likar å lese, og å sjå på ting andre har teikna. Noko av det beste i verda er illustrerte barnebøker. Altså dei som verkeleg er gode. Men kva er det eigentleg eg likar?
Nokre bøker og nokre teikningar får meg til å tenke: Dette kunne eg gjort. Ikkje fordi det er sant, eg kunne sikkert ikkje det. Men dei har den kvaliteten ved seg at eg trur det. Som om eg gjenkjenner dei første gong eg leser eller ser dei. Som om dei er henta frå ein del av hjernen min som eg berre ikkje har brukt enno. Som om historia er mi eiga, streken er min.
Dei er columbi-egg.
Eg husker då far min spurte meg som barn: Kan du få eit egg til å stå på høgkant? Og det kunne eg jo ikkje, så han kakka det lett i bordet, så det sto støtt på den krakelerte flata på enden. “Eit columbi-egg” forklarte han. “Det får deg til å tenke at det der kunne eg og gjort. Men du kunne jo ikkje det. Eg spurte deg jo.”
Columbi-bøkene er gode, men ikkje favorittane mine. Eg les dei og gjenkjenner og kjenner samstundes på ein slags uro, ei kjensle av å sjå ein film eg har sett før – og så kjem trongen til å skifte kanal, sjekke om det går noko eg ikkje har sett på ein annan.
Columbi-bøkene hamnar ofte på nattbordet mitt fordi andre likar dei. Eg får dei varmt anbefalt, utlånt, tildelt. Eg les dei og undervegs kan eg godt gløyme meg sjølv og uroen ei stund, men når eg lukker boka etter siste side har eg ingen sorg. Berre ei kjensle av at eg burde skrive noko.
Columbi-teikningar gjer det same. Eg står ikkje og synker inn bileta på veggane om det er ein Columbi-kunstnar. Eg går kjapt gjennom galleriet og køyrer rett ut på Panduro.
Nokre bøker og nokre teikningar får meg til å tenke: Eg kunne ønske eg kunne lage noko sånt.
Dei er favorittane mine.
Eg føler eg sit med eit underverk foran meg, noko min eigen briljante hjerne aldri ville kunne laga om eg blei hundrede år og reiste og leste og lærte og arbeidde kvart sekund eg hadde att.
Ikkje fordi eg ikkje kunne kopiert dei. Streken og orda er ofte enkle.
Men eg kunne ikkje skapt dei.
Eg har nevnt Tigana. Ei bok eg ikkje kunne skrive. Ei bok som etterlot meg sår og i ave. Kan hende gjer den ikkje slik med andre. Men den sit i meg framleis.
Ein teiknar som gjer det same med meg, er Thore Hansen. Då eg var barn kjøpte me Norsk Mad, og eg bladde gjennom for å finne hansen sine teikningar. Dei var innimellom der. Einslege menn med store hender som hamna på feil planet og kom i snakk med fabeldyr. Satyrene. Kvalar som flyt sakte forbi i bakgrunnen med byar på ryggen. Eg kan drukne i strekane hans. Dei er ikkje mine, strekane hans var ingen stad i meg før han teikna dei. Likevel følger dei saumane i sjela mi og løsner stinga.
Eg er ikkje litteraturvitar eller kunstvitar. Eg har ikkje noko språk for dette. Eg ser at det er hos meg denne skilnaden oppstår, ikkje i sjølve verket. Eg kan ikkje peike og forklare kvifor bøker og teikningar hamnar i desse to kategoriane.
Svært mange bøker og bilete hamnar jo ikkje i nokre av desse kategoriane i det heile.
Det meste eg les eller ser er ikkje så bra.
Det undrar meg at mykje av det som verkeleg er god litteratur og gode bilete skal gje meg ei slik kjensle av at det er innan rekkevidde på eit vis.
Medan annan litteratur og andre teikningar skal opne sjela mi.
Lagt til i Litteratur | 22 kommentarar »
Å la seg forføre
Posta av Avil den juli 22, 2007
Når eg les bøker let eg meg forføre. Det hender forføraren, i dette tilfelle forfattaren, er litt klønete i blant, men eg er som regel mildt stemt og let småtteri passere. Eg vil jo bli forført.
Å lese er å la seg forføre til eit kortvarig forhold. Eg veit det har ein ende, om dagar, veker eller i beste fall månader, men det har ein ende. På sitt beste er desse litterære forholda nærast perfekte. Beina vert straks feid vekk under meg, eg klamrar meg til permane medan tida går frå meg, eg ler og gruer meg og krøller tær og blir rasande og i blant gjev eg meg over i hulking under dyna. Så er det slutt. Og eg har liksom ikkje hatt ansvaret for noko av det, det er boka som har styrt heile greia. Eg kan legge ho frå meg med lett sorg og vite at den neste forføraren allereie ventar på nattbordet.
Å skrive bøker er noko litt anna. Då snakkar me alvorleg og bindande forhold, ansvar, oppvask, krangling og periodar der ein er drit lei og berre vil gå frå heile boka. Skikkelege forhold er mykje strev. Eg gjev og gjev alt eg har i meg, og er i blant svært usikker på kva boka gjev attende. Eg trøyster meg med at fnisinga, stoltheten og dei tårene eg fell når eg skriv orda sjølv stikk djupare og varer lengre enn ein sommarflørt med ord eg har kjøpt meg til.
Heldigvis er boka mi ikkje oppteken av trufasthet. Eg kan faktisk la meg forføre av den eine kjøpeboka etter den andre innimellom. Boka mi syns i grunnen berre det er fint. Pauser er skikkeleg bra for oss i blant. Eg kan til og med skrive andre ting utan at det blir noko sutring.
Eg er i grunnen eit veldig heldig bokmenneske.
Lagt til i Litteratur | 10 kommentarar »
Terje Vigen
Posta av Avil den juni 30, 2007
Terje Vigen
av Henrik Ibsen
Der bodde en underlig gråsprengt en
på den yderste, nøgende ø; -
han gjorde visst intet menneske mén
hverken på land eller sjø;
dog stundom gnistred han øjne stygt, -
helst mot urolig vejr, -
og da mente folk at han var forrykt,
og da var det få som uten frygt
kom Terje Viken nær.
Siden jeg så ham en enkelt gang,
han lå ved bryggen med fisk;
hans hår var hvidt, men han lo og sang
og han var som en ungdom frisk.
Til pigerene havde han skemtsomme ord,
han spøkte med byens børn,
han svingede sydvesten og sprang ombord;
så heiste han fokken, og hjem han for
i solskin, den gamle ørn.
Nu skal jeg fortælle, hvad jeg har hørt
om Terje fra først til sidst.
Og skulde det stundom falde litt tørt,
så er det dog sandt og visst;
jeg har det just ei fra hans egen mund,
men vel fra hans nærmeste kreds,-
fra dem, som stod hos i hans siste stund
og lukked hans øyne til fredens blund,
da han døde høyt opp’i de treds.
Han var i sin ungdom en vild krabat,
kom tidlig fra far og mor,
og havde alt døjet mang en dravat
som yngste jungmand ombord.
Siden han rømte i Amsterdam,
men længtes nok hjem til slut,
og kom med “Foreningen”, kaptejn Pram;
men hjemme var ingen, som kendte ham,
der rejste som liden gut.
Nu var han vokset seg smuk og stor,
og var dertil en velklædt knækt.
Men døde var både far og mor,
og sagtens hans hele slægt.
Han stured en dag, ja kanhænde to, -
men så rysted han sorgen af.
Han fandt ej, med landjorden under sig, ro;
nej, da var det bedre at bygge og bo
på det store bølgende hav!
Et år derefter var Terje gift, -
det kom nok på i en hast.
Folk mente, han angred på den bedrift,
som bandt på et set ham fast.
Så levde han under sit eget tag
en vinter i sus og dus -
skønt ruderne skinned, som klareste dag,
med små gardiner og blomster bag,
i det lille rødmalte hus.
Da isen løsned for lindvejrs bør,
gikk Terje med briggen på rejs;
om høsten, da grågåsen fløj mod sør,
han mødte dem undervejs.
Da faldt som en vægt på matrosens bryst:
kan kendte seg stærk og ung,
han kom fra skolskinnets lysende kyst,
agter lå verden med liv og lyst,-
og for baugen en vinter tung.
De ankred, og kameraterne gik
med landlov til sus og dus.
Han sendt dem endu et længselsblik,
der han sto ved sitt lille hus.
Han glytted ind bag det hvide gardin, -
da så han i stuen to, -
hans kone satt stille og hesplet lin,
men i vuggen lå, frisk og rød og fin,
en liden pige og lo.
Der sagdes, at Terjes sind med et
fik alvor fra denne stund.
Han trælled og sled og blev aldri træt
af at vugge sit barn i blund.
Om søndagskvelden, når dansen klang
vildt fra den nærmeste gård,
sine gladeste viser han hjemme sang,
mens lille Anna lå på hans fang
og dro i hans brune hår.
Så lakked og led det til krigens år
i attenhundre og ni.
Endnu går sagn om de trængsels-kår,
som folk da stedes i.
Engelske krydsere stængte hver havn,
i landet var misvækst og nød,
den fattige sulted, den rike led savn,
to kraftige arme var ingen gavn,
for døren stod sot og død.
Da tured Terje en dag eller to, så rysted
han sorgen af;
han mindtest en kending, gammel og tro:
det store bølgende hav. -
Der vester har ennu hans gerning liv
i sagnet, som djerveste dåd:
“da vinden kuled lidt mindre stiv,
Terje Vigen rode for barn og viv
over havet i åben båd!”.
Den minste skægte, der var at få,
blev valgt til hans Skagensfart.
Sejl og mast lod han hjemme stå, -
sligt tyktes han best bevart.
Han mente nok, Terje, at båden bar,
om sjøen kom litt på tvers;
det jydske rev var vel svært at gå klar, -
men værre var den engelske “Man of War”
med ørneøjne fra mers.
Så gav han sig trøstig lykken i vold
og tog til årene hvast.
Til Fladstrand kom han i god behold
og hentet sin dyre last.
Gud væd, hans føring var ikke stor;
men Terje kom fra en fattig jord, -
nu havde han livsens frelse ombord;
det var hustru og barn det gjaldt.
Tre nætter og dage til toften bandt
den sterke modige mand;
men fjerde morgen, da solen randt,
han skimted en tåget rand.
Det var ikke flyvende skyer han så,
det var fjelde med tinder og skard;
men høyt over alle åsene lå
Imensæs-sadelen bred og blå.
Da kendte han, hvor han var.
Nær hjemmet var han; en stakket tid
han holder endnu vel ud!
Hans hjerte sig løfted i tro og lid,
han var nær ved en bønn til Gud.
Da var det som ordet frøs på hans mund;
han stirred, han tog ikke fejl, -
gennem skodden, som letted i samme stund,
han så en korvet i Hesnæs-sund
at duve for bakkede sejl.
Båten var røbet; der lød et signal,
og det nærmeste løb var lukt;
men solgangsvinden blafrede skral, -
mod vester gik Terjes flugt.
Da firede de jollen fra rælingens kant,
han hørte matrosenes sang, – -
med fødderene stemt mod skægtens spant
han rode så sjøen fossed og brant,
og blodet fra neglene sprang.
Gæslingen kaldes de blinde skær
lidt østenfor Homborg-sund.
Der bryder det stygt i pålandsvejr,
under to fot vand er der bund.
Der sprøjter det hvidt, der glitrer det gult,
selv stilleste havbliksdag; -
men går enn dønningen aldri så hult,
indenfor er det som tiest smult,
med brækkende bølgedrag.
Didind Terje Vigens skægte fór
lig en pil mellom brot og brand;
men bak efter ham, i kølevandets spor,
jog jollen med femten mand.
Da var det han skred gennem brændingens
sus til Gud i sin høyeste nød;
“inderst derinde på strandens grus,
sidder min viv ved det fattige hus,
og venter med barnet på brød!”
Dog, højere skreg nok de femten enn han:
som ved Lyngør, så gikk det her.
Lykken er med den engelske mand
på rov mellom Norges skær.
Da Terje tørned mod båens top,
da skured og jollen på grund;
fra stavnen bød officeren “stop!”
Han hæved en åre med bladet op
og hugg den i skægtens bund.
Spant og planker for hugget brast,
sjøen stod ind som en fos:
på to fod vand sank den dyre last,
dog sank ikke Terjes trods.
Han slog sig gennem de væbnede mænd
og sprang over æslingen ud, -
han dukket og svømmed og dukked igen;
man jollen kom loss; hvor han vedte seg hen
klag sable og rifleskud.
De fisked ham op, han førtes ombord,
korvetten gav sejerssalut;
agter på hytten, stolt og stor,
stod chefen, en attenårs gut.
Hans første batalje gjaldt Terjes båd,
thi knejste han nu så kæk;
men Terje vidste ej længere råd, -
den stærke mand lå med bøn og gråd
i kne på korvettens dæk.
Han købte med tårer, de solgte ham smil,
de ågred med spot for bøn.
De kuled fra øster, tilhavs med il
stod Englands sejrende søn.
Da taug Terje Vigen; nu var det gjort,
nu tog han sin sorg for seg selv.
Men de, som ham fanged, fant sært hvor fort
et noget var liksom vejret bort
fra hans pandes skyede hvælv.
Han sad i “prisonen” i lange år,
der siges, i fulde fem;
hans nakke bøjed sig, gråt blev hans hår
af drømmene om hans hjem.
Noget han bar på, men gav ej besked, -
det var som hans eneste skat.
Så kom attenhundre og fjorten med fred;
de norske farger, og Terje med,
førtes hjem på en svensk fregatt.
Hjemme ved bryggen han steg iland
med kongens patent som lods;
men få kun kendte den gråsprengte mand,
der rejste som ung matros.
Hans hus var en fremmeds; hvad der blev af
de to, – han derinde erfor:
“da manden forlod dem og ingen dem gav,
så fik de til slutning en fælles grav
af kommunen i fattigfolks jord.” – -
Årene gik og han røgte sin dont
som lods på den yderste ø;
han gjorde visst intet menneske ondt,
hverken på land eller sjø;
man stundom gnistred hans øjne stygt,
når det brød over bøer og skær, -
og da mente folk at han var forrykt,
og da var det få som uten frykt
kom Terje Viken nær.
En måneskinskveld med pålandsvind
kom der liv i lodsernes flok;
en engelsk yacht drev mot kysten ind
med revnet storseil og fok.
Fra fortroppen sendte det røde flag
et nødskrig foruden ord.
Lidt indenfor gik der en båd over stag,
den vandt sig mot uvejret slag for slag,
og lodsen stod staut ombord.
Han tyktes så tryg, den gråsprengte mand;
lig en kæmpe i rattet han greb; -
yachten lystred, stod atter fra land,
og båden svam efter på slæb.
Lorden, med lady og barn i arm,
kom agter, og han tog til sin hat:
“jeg gjør deg så rig, som du nu er arm,
hvis frelste du bær os af brændingens larm.”
Men lodsen slap ror og rat.
Han hvidned om kinden, det lo om hans mund,
lig et smil, der omsider får magt.
Indover bar det, og høyt på grund
stod lordens prægtige yacht.
“Den svigted kommando! I bådene ned!
Mylord og mylady med mig!
Den slår seg i spliter, – jeg ved besked -
men indenfor ligger den trygge led;
mit kjøl-spor skal vise jer vej!”
Morilden brændte, der skægten fløj
mod land med sin dyre last.
Agter stod lodsen, stærk og høj,
hans øje var vildt og hvast.
Han skotted i læ mod Gæslingens top,
og til luvart mod Hesnæs-sund;
da slap han ror og stagseil-strop,
han svinged en åre med bladet op
og hugg den i bådens bund.
Ind stod sjøen med skumhvidt sprøjt – -
der raste på vraget en strid -;
med moderen løfted sin datter højt
på armen av rædsel hvid.
“Anna mitt barn!” hun skreg i sin ve;
da bævred den gråsprengte mand;
han fatted om skødet, drev roret i læ,
og båden var fast som en ful at se,
slig fór den i brot og brand.
Den tårned, de sank; men havet var smult
derindenfor brændingens kreds;
opover rak sig en langgrund skult,
der stod de i vand tilknæs.
Da robte lorden: “kend – båens ryg –
den svigter, – det er ingen flu!”
Men lodsen smilte: “nej vær De tryg!
en sunken skægte med tre tønner byg
er båen, som bærer oss nu.”
Der jog et minde om halvglemt dåd
lig et lyn over lordens træk -,
han kendte matrosen, som lå med gråd
i knæ på korvettens dæk!
Da skreg Terje Vigen: “alt mit du holt
i din hånd, og du slap det for ros.
Et øyeblikk endu, og gjengæld er volt – -”
da var det den engelske stormand stolt,
bøjde knæ for den norske lods.
Men Terje stod støttet til årens skaft,
så rank som i ungdommens år;
hans øjne brandt i ubændig kraft,
for vinden flommed hans hår.
“Du sejled i mag på din store korvet,
jeg rodde min ringe båd;
jeg trælled for mine til døden træt,
du tok deres brød, og det falt deg så let
at håne min bitre gråd.
Din rige lady er lys som en vår,
hendes hånd er som silke fin, -
MIN hustrus hånd den var grov og hård,
men hun var alikevel min.
DIT barn har guldhår og øjne blå,
som en liden Vorherres gæst;
min datter var intet at agte på,
hun var, Gud bedre det, mager og grå,
som fattigfolks børn er flest.
Se, DET var min rigdom på denne jord,
det var alt, hvad jeg kaldte for mit.
Det tyktes for mig en skat så stor;
men det vejed for dig så lidt. -
Nu er det gengældelsens time slår, -
thi nu skal du friste en stund,
som vel kommer opp mot de lange år,
der bøjde min nakke og blegte mit hår
og sænkte min lykke på grund.”
Barnet han greb og svingede det frit,
med den venstre om ladyens liv.
“Tilbake, mylord! Et eneste skridt, -
og det koster deg barn og viv!”
På sprang stod Britten til kamp påny;
men armen var vek og mat; -
hans ånde brændte, hans øjne var sky,
og hans hår – så kendtes ved første gry -
blev gråt i den eneste nat.
Men Terjes pande bar klarhed og fred,
hans bringe gik frit og stilt.
Ærbødig løfted han barnet ned,
og kyssed dets hender mildt.
Han åndet, som løst fra et fængsels hvælv,
hans stemme lød rolig og jevn:
“nu er Terje Vigen igen sig selv.
Indtil NU gik mit blod som en stenet elv;
for jeg MÅTTE – jeg MÅTTE ha hævn!
De lange år i “prisonens” kvalm,
de gjorde mit hjerte sygt.
Bagefter lå jeg som hejens halm,
og så i brådyb stygt.
Men du er det over; vi to er kvit;
din skyldner fór ej med svig.
Jeg gav det jeg havde,- du tok alt mit,
og kræv, om du tror du har uret lidt,
Vorherre, som skapte mig slig.” – -
Da dagningen lyste var hver mand frelst;
yachten lå længst i havn.
Men nattens saga taug de nok helst,
men vidt fór dog Terjes navn.
Drømmenes uvejrsskyer grå
fejed en stormnat væk;
og Terje bar atter så rank, som få,
den nakke, der krøgtes hin dag han lå
i knæ på korvettens dæk.
Lordens kom, og mylady med,
og mange, mange med dem;
de rysted hans hånd til farvel og guds fred,
der de stod i hans ringe hjem.
De takked for frelsen da stormen peb,
for frelsen fra sjøgang og skær;
men Terje strøg over barnets slæb;
“nei, det som frælste, da værst det kneb,
det var nok den lille DER!”
Da yacheten drejed for Hesnæs-sund,
den hejste det norske flag.
Lidt længere vest er en skumklædt grund, -
DER gav den det glatte lag.
Da tindredde en tåre i Terjes blik;
han stirred fra heien ud:
“Stort har jeg mistet, men stort jeg fikk.
Bedst var det kan hende at det gik, som det gik, -
og så får du ha tak da, Gud!”
Slig var det jeg så ham en enkelt gang,
han lå ved bryggen med fisk.
Hans hår var hvidt, men han lo og sang,
og han var som en ungdom frisk.
Til pigerene havde han skremtsomme ord,
han spøgte med byens børn;
han svingede sydvesten og sprang ombord,
så heiste han fokken, og hjem han for
i solskin, den gamle ørn.
Ved fjære kirke jeg så en grav,
den lå på en vejrhård plet;
den var ikke skjøttet, var sunken og lav,
men bar dog sitt sorte bræt.
Der stod “Therie Wiighen” med hvidmalt skrift,
samt året, han hvile fant, -
Han lagdes for solbrand og vindenes vift,
og derfor blev græsset så stridt og stivt,
men med vilde blomster iblandt.
Lagt til i Litteratur | 24 kommentarar »
Dessert
Posta av Avil den juni 14, 2007
Etter to ventepølsepostar og ein minnepost og ein slags verkeleg post, kjem dessertposten.
Dette er eit dikt av festspeldiktaren Tone Hødnebø, og ho har lese det høgt så mange gonger så mange stader at eg hugsar det omlag utenat og dermed er det klistra til hjernen min og den kan ingen ha kopirettar til på eit vis, eller noko. Eventuelt: Løp og kjøp.
Det er ikke morgen, det er ikke kveld,
det er ikke dag, det er ikke natt,
det er ikke sommer, det er ikke høst,
det er ikke vinter og det er ikke vår,
men vinden blåser i trærne og trærne
lar seg rive med. Trærne lar seg rive med
Lagt til i Lesarsørvis, Litteratur | Legg att ein kommentar »
Ventepølsepost II
Posta av Avil den juni 14, 2007
Privat huskeregel
Du skal ikke klistre fine øyeblikk
opp på veggene i tankene
og forgylle dem med lengselen din.
Du skal kjøre spettet
hardt innunder arrete hverdager
og vippe dem opp.
En etter en.
Det er derfor
livet har deg på mannskapslista.
Kolbein Falkeid
Lagt til i Lesarsørvis, Litteratur | 5 kommentarar »
Ventepølsepost
Posta av Avil den juni 14, 2007
I vår familie griller me ventepølser som ein kan ete medan ein venter på at den verkelege grillmaten vert ferdig. Dette er ein ventepølsepost. Ein slik post du kan lese medan du venter på at det kjem ein verkeleg post.
Og kva er vel lettare å fordøye enn eit Stein Mehren-dikt?
Jeg holder ditt hode
Jeg holder ditt hode
i mine hender, som du holder
mitt hjerte i din ømhet
slik allting holder og blir
holdt av noe annet enn seg selv
Slik havet løfter en sten
til sine strender, slik treet
holder høstens modne frukter, slik
kloden løftes gjennom kloders rom
Slik holdes vi begge av noe
og løftes
dit gåte holder gåte i sin hånd
Stein Mehren
Lagt til i Lesarsørvis, Litteratur | 1 kommentar »
Ut på det bårute havet
Posta av Avil den juni 8, 2007
No pakkar eg snippsekken og laptopen reiser og reiser dit Djevelen ikkje kan hefte meg med Internett.
Ha ei strålande helg! O’hoi!
Lagt til i Lesarsørvis, Litteratur | 7 kommentarar »
Skriveprosess II
Posta av Avil den juni 4, 2007
Eg ser at det er blitt veldig lite myte og historiestoff på blåggen i det siste.
Eg er visst inne i ein ny fase i prosjektet mitt, eg vil ikkje dele noko med andre.
Eg er begynt å komme meg frå research og planlegging til å gå i gang med å skrive sjølve teksten. Ikkje fordi strukturen på historia er ferdig, bevares. Men eg er begynt å bakse med tekst.
Og eg merker at i høve det arbeidet vert eg meir innadvent, sårbar og lite interessert i innspel frå andre.
Det er litt fint. Takk for meg.
Lagt til i Litteratur | 23 kommentarar »
Antihelten i norsk krim
Posta av Avil den mai 23, 2007
Kven er dette?
Varg Veum?
Derrick?
Den lett forfylla, middelaldrande og bitre privatdetektiven?
Den sosialrealistiske politimannen med magesår og fråskilt gnålekjerring å fø på?
Nei, det er den nye antihelten i norsk krim!
Ljos i kjømda presenterer:
Den surmaga KRL-lektoren Per Bjørnar Grande!
Oppfølging 24.05.07:
Eg er så enkel. Først leste eg Grandes kronikk og vart litt sur på han. Og så leste eg andre sine greier og så gjekk surheten litt over på andre. Og så velta eg rundt på nettet og vart både oppgitt og sur og slikt. Men så høyrde eg dei siste to minutta av einslags debatt mellom Gunnar Staalesen og Per Bjørnar Grande på P2. Og Staalesen snakka og snakka og var klår og tydeleg og pøste på med namn og tal og døme på alt mogleg. Og så sa radiodamen at no fekk Grande lov å svare for seg.
Og han sa: Øhhh. Ehhh. Ehhm. Hm. Nei…altså.
Og då rann all irritasjonen av meg.
Lagt til i Litteratur, Mediekommentar, Paint-art | 7 kommentarar »
Skriveprosess
Posta av Avil den mai 5, 2007
Er det litt sjukt å ha ein synopsis/disposisjon (eg føler meg ikkje heime i forfattarspråket, så disposisjon virkar liksom meir meg) på 15 sider?
Ja, altså ei slik greie der eg svært kortfatta oppsummerer kva som skjer i boka. Dei femten sidene seier ikkje så mykje om sjølve handlinga, meir ei særdeles kortfatta oppsummering av kva som har skejdd før sjølve handlinga kjem i gong.
Eg syns jo eg bør vite noko om foreldra og besteforeldra og oppvekstvilkåra og til alle karakterane mine, sjølv om lesaren kan hende ikkje treng vite det. Og då er det lett å tulle seg litt borti oldeforeldra og.
Dessutan har eg visst nokre tjue sider lange oversikter over kultur og sedvane og samfunsstruktur og slikt.
For ikkje å snakke om ein god del skisser over geografi og nokre ark (ja, kan hende ei heil lita skissebok full) med slike fine stadnamn og idear om folk og språk og geografi og geologi og slikt.
Og så var det visst ti sider med skapingshistorie her, sånn heilt kortfatta det og. Igjen ei historie som mogleg berre er for meg og ikkje for lesaren, men som kjennest naudsynt å ha på plass.
Ja, og så var det visst alle tankekarta med symbol og gudar og representasjonar og samhandlingar mellom element og guddommar og menneske og slikt.
Er det litt sjukt?
Eller er det heilt normalt når ein skriv fantasy?
Eit år har gått fort i alle tilfelle.
Lagt til i Litteratur | 27 kommentarar »
Me skuldar kvarandre å fortelje historiar
Posta av Avil den april 14, 2007
Neil Gaiman les frå Fragile Things.
Lagt til i Litteratur | 4 kommentarar »
Fine ord eg finn i Ringdrotten
Posta av Avil den april 10, 2007
Eg les jo nesten berre bokmål. Det er litt sjokkarta å lese Ringdrotten. Desse orda er liksom små skattar, og dei står openbert i nynorskordboka. Velbekomme:
dyrgrip m1 (norr dýrgripr; dyr- smh med II *dyr) kosteleg eignelut, klenodium
sulle v1 (besl med dial svalle ‘plaske; snakke’ og lty sull ‘dråpe’) søle bort tiden gå og s-
(her var det ordet svalle som var brukt)
tvik m1 el. n1 (av tvike) tviking, nøling, tvil, uvisse kome, vere i el. på t- om noko
siger|sæl (norr sigrsæll) sigerrik, heppen
bjart a2 (norr bjartr) lys, skinande, klar; blank b-e barneauge
røde -r, -dde, -dd el. -dt (norr r&oeacute;ða) snakke, prate, svalle, samtale; fortelje r- saman / r- om noko / r- med nokon
neitte v1 (norr neita) nekte
dygd f1 (norr dygð; av *duge; jf *dyd)
usulka a3 uflekka, rein, uforderva u- ære
mune [kløyvd inf -a] pr mun, pret munde (norr munu; smh med I minne) ufullstendig hjelpeverb, no mest forelda: vere rimeleg el. mogleg, *kunne (II,4) dei mun vel gjere det / han munde kome for seint han må visst ha kome for seint
Berre for å nemne noko.
Lagt til i Litteratur, Språk | 16 kommentarar »
NRK2 Bokprogrammet på litteraturseminar i Key West
Posta av Avil den mars 16, 2007
Ikkje så veldig smart programleiar, og elles ikkje så veldig bra program. Men i dag vart eg minna om to bøker som ga meg sug i magen. Begge ga meg postboksorg, der eg ikkje kunne lese noko anna etterpå før det var gått ei god stund.
Siri Hustvedt: Det jeg elsket.
Ian McEwan: Lørdag.
Bøker som berre må lesast.
Lagt til i Litteratur | 20 kommentarar »
Bøker
Posta av Avil den mars 15, 2007
1) Kor mange bøker eig du?
Det anar eg verkeleg ikkje. Kunne vore fleire, men nok til at eg ikkje gidd å telje.
2) Kva bok var den siste du kjøpte?
Denne bunken vart kjøpt samstundes på lørdag:
Neil Gaiman x 3: American Gods, Stardust og Fragile Things.
Guy Gavriel Kay: Ysabel.
Ursula Le Guin: The Earthsea Quartet.
3) Kva bok var den siste du las?
Guy Gavriel Kay: Tigana.
4) Nevn fem bøker som har betydd mykje for deg, og som du har lese meir enn tre gonger.
Bøker og musikk har visst mest stått på repeat og gjort usletteleg inntrykk då eg var yngre.
Eg nevner derfor i mitt eige livsnarrativ si kronologiske rekkjefølgje:
Ronald McCuaig: Fresi Fantastika
Ethel Turner. Syv små australiere
Henri Charriere: Papillon
Milan Kundera: Udødeligheten
Guy Gavriel Kay: The Fionavar Tapestry
5) Oppfordre andre til fylle ut dette i sin blågg:
Eg kan vel sende utfordringa vidare til lesarane, som ei friviljug greie?
Lagt til i Litteratur, Meme | 8 kommentarar »
Tårer for Tigana
Posta av Avil den mars 14, 2007
Ein gong blir ein jo ferdig, uansett kor langt ein trekk det. Det er så trist at siste side må komme til slutt. Eg forsøkte ellers å sikre meg ei eigen utgåve av boka då eg var i London (eg har lånt den eg har no), men bokhandlarane søkte på skjermane sine og fortalde at den var utsolgt i heile England. Heldigvis er den i trykken med nytt opplag *glede seg*!
Her har eg altså vore den siste tida:

Lagt til i Litteratur | 31 kommentarar »



