Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Arkiv for kategorien ‘Mediekommentar’

Norge – Argentina 2-1

Posta av Avil den august 22, 2007

Me drit vel i at du klappa til han der teite John Arne Riise eller omvendt.

Og den der greia med at du fekk ein unge med ei dame du hadde hatt sex med, men likevel nekta å bry deg ein skit før gen-testen var på bordet.

Kven bryr seg i dag.

Heia Noreg! Heia Carew!

Lagt til i Mediekommentar | 27 kommentarar »

Hitlifisere ein debatt

Posta av Avil den august 21, 2007

Ein skal ikkje det. Altså samanlikne debattmotstandaren med nazistar eller Hitler.
Men kva om debattmotstandaren var 18 år i 1940 og meiner at berre kvite folk kan vere nordmenn?

Korleis i all verda skal ein unngå det?

Lagt til i Mediekommentar | 8 kommentarar »

Dekadanse og Imperiets fall

Posta av Avil den august 13, 2007

Eg har høyrt nokre flosklar om imperier som nærast er blitt ordtak eller sanning, sidan dei er gjentekne så ofte: Alle stormakter vil falle til slutt. Eit imperium vil til slutt pregast av dekadanse, og då fell samfunnet frå kvarandre.

dekadan’se m1 (el. utt -dan>gse; gj fr frå mlat; av de- og lat. cadere ‘falle’) forfall, tilbakegang, oppløysing (som følgje av overdriven forfining)

Vår tids stormakt i vår del av verda er altererande omtalt som USA, EU, Vesten. Noreg står formelt utanfor det europeiske fellesprosjektet EU, me er medlem av NATO og heier forsiktig på USA, mens me snakkar skit om dei. Men alt i alt har eg fått med meg einslags (uansett kor problematisk og samansett) fellesskapskjensle mellom vest-Europa og USA: Vesten. 

Kvar er no Vestens truande dekadanse?
Er det verkeleg rikmannsdøtrene som sprutar dyr champagne over kvarandre sine utsulta bikinikroppar som vil føre til at verda slik me kjenner den vil møte sin ende?
Er det verkeleg universitetsungdommens flørt med anarkistisk litteratur og cannabis som vil styrte Europa og USA?
Er det interiørpyntesjuke og matsnobberi i middelklassen som vil føre Vesten ut i forfall, tilbakegang og oppløysing?

Eg ser Vesten som ei samling land som har vore gjennom opplysningstidas revolusjon, der akademiske utdanningsinstitusjonar har fått vekse og gjere seg til interessefrie maktfaktorar. Demokratia er tufta på at alle kan delta i styringa av eige land, dersom kvar enkelt borgar vert opplyst. Det å vere opplyst inneber at ein kan lese, at det er ei fri presse, at litteraturen er fri, altså at det ikkje førekjem sensur, og at det akademiske idealet om rasjonalitet og kritisk sanningssøken  ligg i botnen for dei enkelte sitt verdsbilete, handlingsalternativ og etikk.

Slik er Imperiets fall immanent i Imperiets storhet.
For me kan ikkje kreve at kvar enkelt borgar skal vere eit slikt opplyst, sanningssøkjande menneske. Snarare tvert om, det ligg i demokratiets og tanke- og uttalefridommens natur at det nettopp skal vere rom for å avvike frå idealet.
Ateistiske og naturvitskapleg orienterte demokratar vil alltid forsvare sine medmenneskers rett til å tru på og snakke om irrasjonelle idear. Det irrasjonelle er demokratiets smykke, eit strålande bevis på fridom, raushet, eit bevis for at ein er evig villig til endring og muligheten for at ein tar feil. Det ufornuftige er fornuftens diadem, sjølve krona som viser at ein aldri skal synke ned i sjølvhøgtideleg rigiditet og menneskefiendteleg eksklusivitet.

Diademet er blitt tungt å bere. Dei store religionane kristendom og islam har temmeleg god oppslutning framleis, trass i all utdanninga og alle avisene me har å by på. Den nåkalla New Age-rørsla har me kanhende ikkje vore så merksame på, men avisene er fulle av spåkoner og yoga-kurs, meditasjonstrening og dansekurs der ein kjem i kontakt med urkvinnen eller totemdyret sitt. Spør du dine venner, vil dei kanskje ikkje kalle seg kristne, men du vil kanskje finne overraskande mange som seier at “det er meir mellom himmel og jord” eller “eg trur på noko, eg vil ikkje akkurat kalle det Gud, men eg veit ikkje, kjærleiken kanskje, eller krefter me ikkje forstår”. Religiøse strømningar finn du både som dei store breie elvane av katolikkar, kristenkonservative protestantar og alle slag nykristne, samt dei muslimske innvandrarane i mange variantar og deira ikkje-ateistiske born, og dei millionar av “personleg søkande” som finn sin eigen måte å vere irrasjonelle på.

Er religion dekadanse?
Individets religiøse søken fell neppe inn under nevnte ordboksdefinisjon av “forfall, tilbakegang, oppløysing (som følgje av overdriven forfining)”. Det er likevel min påstand at Vestens sjølvpålagte ukritiske haldning til det irrasjonelle ved religion tek uakademiske og dermed udemokratiske proporsjonar. Ingen andre tankar eller idear i vårt samfunn møter samme berøringsangst ved universiteta, ingen andre påstandar blir ståande uimotsagte, ingen andre tradisjonar og ritual vert verna om utan spørsmål.
Sjølvsagt fins kritiske røyster, men då gjerne i form av anten Idioten eller den servile Filosof, desse to rasjonalietens narrar som verken når fram til den dei kritiserar, eller finn plass på forsidene. Det vil seie, dersom Idioten i blant er ein profilert politikar, kan han få spalteplass, men då berre som sensasjonsmateriale. Aldri som seriøs kritikk av det religiøse.
Den akademiske diskurs tek ikkje i det verkeleg irrasjonelle.

Foran opplysningstidas vaskemaskin, vert religion den nydeleg broderte silkekjolen som det står “kun rens” på, og som dermed berre blir hengt forsiktig til lufting. Den tåler ikkje vask, og er for nydeleg til å bli kasta.

For me treng det nydelege.
Også vestens alfabetar ber i seg lengselen etter barndommens magi, lengselen etter meining i det meningslause, lengselen etter poesien i tordenskyene og den større viljen bak den truande miljøkatastrofen.
Me treng det vakre.

Og me tillet dei irrasjonelle broderia, og gjev dei ytterlegare skjønnhet ved å gjere dei urørlege. Ei kyrkje som aktiv deltok i debattar kring eigne gudsbevis i uendelege panel med forskarar, “vanlege folk” og politikarar, ville miste sin mystikk.
Me tek ikkje religionen alvorleg, og dermed får den eit alvor ved seg som ironisk nok i desse dagar berre har sitt sidestykke i monarkiet. Det er berre pave og konge som opplever at journalistar neier og utan å flire brukar arkaiske tiltaleformer. Ved å unndra religion frå å bli tatt alvorleg, opphøger med den og gjer den til den ikkjevaskbare silkekjolen, til tabu, til noko særleg vakkert og skrøpeleg.

Vår lengt etter meir og anna, vår parathet til å la det irrasjonelt poetiske stå uberørt, gjer religion mulig i vår tid.
Dette veit eitkvart opplyst menneske. Både dei truande og dei ateistiske akademikarande i vår tid kjenner til mekanikken bak det irrasjonelles skjønnhet. Me forstår kvifor kongar og religiøse leiarar ikkje kan sitje i dongeribukse i eit debattpanel og svare for grunnlaget for deira stillingar. Me skjønar at dei ikkje kan late seg granske og alminneleggjere.

Me lar det skje.

Dette er vår tids dekadanse.
Kun tida vil vise om det også er det Vestlege Imperiums endelikt.

Lagt til i Filosofi, Mediekommentar, Religion - myter, riter, kult | 35 kommentarar »

Kjønnslemlesting

Posta av Avil den august 8, 2007

Gode nyhende: Då rektorane kom attende på jobb etter sommarferien låg det post til dei frå sentralt hald. Informasjon om kjønnslemlesting, lovverket og ikkje minst ei klårgjering av at barnevernslova går over taushetsplikta og krever at både helsepersonell og skuleansatte gjev melding vidare dersom born står i fare for å bli utsett for slike overgrep. Altså, opprydding i høve tidlegare misforståingar der både skule og helsepersonell har opptrådt unnvikande overfor lovpålagt ansvar, då dei nok har vore usikre på lovgjevinga.

Fine greier.

La oss håpe at det faktisk fører til åtferdsendring då.
Og at det vidare kan føre til at norske born ikkje vert utsett for tortur og lemlesting.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 4 kommentarar »

Prinsesse Märtha Louise og englene på Astarte

Posta av Avil den juli 29, 2007

Det høyrest så greit og antropologisk ut når rel.vitarar analyserer New Age.
Siv Ellen Kraft meir enn antyder at fordømming eller latterleggjering av engle-Märtha bør sidestillast med latterleggjering av religion, religionsfridom og folks rett til å velge si eiga verdsanskuelse.
Ut frå eit reindyrka religionsvitskapleg perspektiv gjev dette mykje meining. Og meir meining gjev det når fagfolk innan sitt felt flesker til med interessante analysar ein veit ein ikkje sjølv ville vere i stand til.

Men dette er ikkje religion aleine. Dette er samfunn. Dette er mennesker. Dette er butikk. Og eg har arbeidd innan psykisk helse lenge nok til å vite kven mange av kundane er.
Om dei berre var styrtrike heimefruer frå Oslofiffen som har grubla litt på kva åndelighet som eigentleg sprer seg som varme i kroppen når dei er ute å rir, så velbekomme.
Men kundekretsen til healarar og dei som hevder å kunne komme i kontakt med det hinsidige består også av folk som vanlegvis ikkje ville kasta penger etter slikt. Folk som stort sett ikkje har råd til å bruke 40 000 ekstra på noko. Folk som vanlegvis fnyser av slikt. Når dei har det bra.

Når Rikshospitalet sine kvitkledde fortel ei kvinne med to små born at dei ikkje vil fortsetje med cellegifta, men at dei vil kunne tilby rikeleg smertelindrande i tida som er att, er ho villig til å både tru og betale.
Når ein er desperat av sorg over dei ein har mista, når den store, vesle ungen din har teke livet sitt.
Når livet føles uoverkommeleg og ein grip etter håp i det usannsynlege.

Då grip ein etter englar og handspålegging og spåkvinner. Og pungar ut. Prinsesse Märtha Louise kan handle i så mykje overbevisning og god tru ho vil. Eg har lese avisene desse dagane. No tilbyr dei gode pengar til alle som kan fortelje om synske evner og liknande. Märtha er i denne veka med å legitimere den sjukaste og mest øydeleggjande bransjen som fins. Dei som tek pengar frå dei desperate, dei sørgande, dei døyande og dei psykisk sjuke, og gjev dei vegar å gå som ikkje fører nokon stad.

Ein kan latterleggjere om ein vil. Eg ler ikkje. Eg er rasande.

Kvakksalvarlova er avskaffa, men autorisert helsepersonell er framleis underlagt eit strengt regulerande lovverk. På heimesida til Prinsessa sin skule skriv ho at ho er fysioterapeut og gjer dermed eit poeng ut av å knytte helsepersonellautorisasjonen til Astarte. Ho bør haldast foran lov og rett. Så vidt meg bekjent er ikkje ei kommersiell prinsesse unnteke landets lover.

***

Tilføyd 15.10.07: Eg tok feil. Prinsesse Märtha Louise er heva over lov og rett, så lenge ho held på prinsessetittelen. Dersom ho gjev avkall på sin kongelege tittel “vil [hun] miste sin immunitet mot straffesøksmål og vil kunne bli straffet på lik linje med andre sivile borgere, sier Karl Harald Søvig.” Sitat frå Bergens Tidende.

Lagt til i Mediekommentar, Religion - myter, riter, kult | 24 kommentarar »

Korleis står det til med feminismen i Jondal?

Posta av Avil den juli 23, 2007

Jondal er jammen ikkje stort, men skal me tru samferdsleminister Navarsete er Jondal stort nok til at finansminister Halvorsen bør gå av dersom kontantstøtteordninga vert fjerna. Heile bygda er faktisk på kontantstøtte, og KrF og Sp og alle som måtte vere mot likestilling eller kvinner i arbeidslivet av andre grunnar, alle som under påskot av å vere for valgfridom er for å halde folk attende i tradisjonelle rollar, alle som ikkje har skjønt at me treng dei sterke og flinke ute i arbeidslivet og ikkje kan sjå oss råd til at folk vert betalt av staten for å ikkje bruke barnehageplass – alle dei og fleire til får gledestårer i augo av Jondal.

Eg lurer på korleis det står til med feminismen i Jondal, eg.
Vart det noko dreis på sekstiåttar-generasjonen i Jondal?
Var det mange mødre som danna kvinnegrupper og gjekk i demonstrasjonstog på syttitalet i Jondal?
Er det mange tjue- og trettiåringar i Jondal som har vakse opp med mødre som tok lang utdanning, jobba med det dei drøymte om, engasjerte seg politisk og viste at ungane deira fekk det bra likevel?
Korleis står det til med rollemodellane i Jondal?

For me veit jo korleis det vil gå med neste generasjon. Dei jentene som no tutlar i skjørtene på mødrene sine i Jondal, vil ha dårleg samvit og grue seg om dei skal sende ungane i barnehage 8 timar kvar dag. Dei vil sannsynlegvis jobbe 80% eller litt mindre for at dei små ikkje skal ha så lange dagar, og dei vil ta på seg skulda for kvar tåre som blir felt. Dei vil jobbe livskiten av seg for å vere supermødre når dei kjem frå jobb, og dei vil føle seg utilstrekkelege og teite og elendige. Akkurat slik første generasjon barnehagemødre alltid gjer.

Om det verkeleg fantes femnisme i Jondal for 30 år sidan, er det synd denne generasjonen velger for sine born at dei skal starte frå begynnelsen av igen.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 22 kommentarar »

Husmor? Ja takk!

Posta av Avil den juli 15, 2007

Eg vil gjerne ha ei, eg. Ei blid og høfleg dame som kan alt det der med mat og reingjering og privatøkonomi, ei som står opp med ungane og sørger for at det er nystrøkne klede i alle skap, at bær og eple i hagen kjem seg sylta og safta i hus, og som luftar tepper og vasker vindauga når veret er til det. Eg vil gjerne ha ei sånn som kan fjerne flekkar og stoppar strømper og strikker strikkejakkar og monterer dei sjølve. Eg vil gjerne ha ei som alltid er velstelt og solid og grei, ei som ikkje snakkar meg imot så lenge eg blandar meg utanom saftkokinga og bruken av avispapir når ein skal polere vindu.
Alle ville vel hatt ei husmor heime?
Det er då opplagt.

Like opplagt er det at dei er mangelvare fordi få gidd å vere sånn, og fordi folk ikkje har råd til å slikt, og fordi det er bruk for alle gode hjernar og virksomme hender i næringsliv og offentleg sektor.

Så då får det vel vere slik då, at me istaden deler litt på det som er kjipt og behandlar kvarandre med respekt og pyntar oss sånn passe alle saman. Me gjer så godt me kan, dei fleste av oss. Sjølv om me ikkje har nokon husmor der heime.

Andre reaksjonar på husmorsaknet:
Rockette
Hjorten
Gunnlem
Turbipippip
Christian
Fredrik
Audun
Tom-Christer
Kroonweb
Undre
og mange fleire…
 

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 14 kommentarar »

Våre barn

Posta av Avil den juli 10, 2007

Eg vil kort oppsummere mi kulturelt avhengige sanning kring premissane her:

  • Norske myndigheter har skrive under på ei internasjonal avtale som forpliktar oss til å sikre at barn i Noreg blir ivareteke etter internasjonalt vedteke konvensjonar.
  • Norske barn er først og framst foreldrene sitt ansvar.
  • Norske myndigheter har tilsynsplikt i høve dette ansvaret.
  • Denne tilsynsplikta vert i praksis forvalta gjennom helsevesen og skulevesen.
  • Dersom nokon vaksne, og då særleg i helse- eller skulevesenet der ungane er under kyndige og erfarne blikk, oppdagar at barn lid overlast, skal dette meldast frå om.
  • Me har eit barnevern som skal ta seg særleg av barn sine rettar.
  • Me har politi og domstolar som skal ta seg av saker som bryt norsk lov.
  • Norsk lov seier noko om barn sine rettar.
  • Norsk lov seier også noko om dei vaksne sine pliktar.
  • Barnevernslova går over taushetsplikta til ansatte i helse- og skulevesen. Det er berre prestar og advokatar som har absolutt taushetsplikt. Alle andre er lovplikta å melde frå om barn lid overlast.

Når helsepersonell unnlet å melde frå om barnemishandling, og når foreldre ikkje vert halde ansvarleg for barnemishandling, når barnevern ikkje gjer noko for å verne born som vert utsett for barnemishandling, og når politiet ikkje arresterar og domstolane ikkje dømmer folk som mishandlar born, sit eg att med eit spørsmål.

Er det slik at me ikkje trur dette er våre barn?

Er det fordi denne jenta ikkje ser ut til å vere eit av våre barn?

Og om eg tek feil, ville me tillate at dette skjedde våre barn? Dersom naboane begynte å kutte fingrane av borna sine, om dei skar øyro av dei? Ville me tillate det? Om dei skar kjønnsleppene av Anita og Hilde og Anne-Kathrine? Sydde dei saman på eit skittent bakrom og lot dei vekse opp med infeksjonar og smerter? Ville me la det skje?

Lagt til i Filosofi, Kjønn, Mediekommentar | 27 kommentarar »

Håpløs regjering

Posta av Avil den juni 29, 2007

Tvangsekteskap er greit dersom den norske stastborgaren tjener 200 000 kroner i året, og ikkje har motteke sosiale ytelser siste året.

Regjeringa er mot tiltaka Oslo kommune no gjer mot omskjæring av jenteborn. Dei vil derimot gjerne “ta debatten”, og vil bruke pengar på ein krisetelefon.

Eg må slutte å høyre nyheter. Eg er heilt Karius-sint. Eg får lyst å bite dei i fingeren.

Lagt til i Mediekommentar | 10 kommentarar »

Antihelten i norsk krim

Posta av Avil den mai 23, 2007

antihelten.jpg 

Kven er dette?
Varg Veum?
Derrick?
Den lett forfylla, middelaldrande og bitre privatdetektiven?
Den sosialrealistiske politimannen med magesår og fråskilt gnålekjerring å fø på?

Nei, det er den nye antihelten i norsk krim!
Ljos i kjømda presenterer:
Den surmaga KRL-lektoren Per Bjørnar Grande!

Oppfølging 24.05.07:

 Eg er så enkel. Først leste eg Grandes kronikk og vart litt sur på han. Og så leste eg andre sine greier og så gjekk surheten litt over på andre. Og så velta eg rundt på nettet og vart både oppgitt og sur og slikt. Men så høyrde eg dei siste to minutta av einslags debatt mellom Gunnar Staalesen og Per Bjørnar Grande på P2. Og Staalesen snakka og snakka og var klår og tydeleg og pøste på med namn og tal og døme på alt mogleg. Og så sa radiodamen at no fekk Grande lov å svare for seg.

Og han sa: Øhhh. Ehhh. Ehhm. Hm. Nei…altså.

Og då rann all irritasjonen av meg.

Lagt til i Litteratur, Mediekommentar, Paint-art | 7 kommentarar »

VG og steinalderorgiane

Posta av Avil den mai 3, 2007

Jan-Ivar Trones er sitert på nokre underfundige formuleringar i VG i dag.

Vi har en moral som vi gjerne har fått gjennom kristendommen. Kristendom var et fremmedord den gangen.

Sex har nok ligget som et bakteppe når de var på jakt, for eksempel, sier han.

Jan-Ivar Trones jobber som konservator ved Salten Museum i Bodø. Nordlendingen, som har forskningskompetanse på Steinalderen, utelukker ikke at sexslaver, sexleketøy, gruppesex og transvestittisme var hyppige ingredienser i hverdagen til folk som levde på den tiden.

Så langt er det for meg uforståeleg kva for ei sak VG freister å koke saman i vårvarmen. For:

Steinaldereksperten skulle gjerne likt og sett materialet til den nyere forskningen, som ifølge avisen Times Online argumenterer for at våre forfedre hadde et utsvevende sexliv.

- Det hadde vært interessant og visst hvor man har forsket, og hvilket materiale som er grunnlaget for tolkningen, sier han. 
 

Er det berre meg eller er dette ei verkeleg tom ikkje-sak?
VG har nemleg berre lese Times Online si omtale av den etterkvart mykje nettomtalte (du kan google sjølv) Timothy Taylor si påstand om frivol seksualitet i steinalderen. Så har dei ringt nokon som kan noko om steinalderen i Noreg, men som openbert ikkje kan seie noko om seksuallivet på den tida, men berre kan hipse litt på skuldrene og seie at han ikkje kan utelukke noko.

Stakkars Trones, blir teken til inntekt for ei komplett innhaldslaus sak der VG ikkje eingong gidd å setje seg inn i kva Taylor har sagt.

Og kvifor utøver VG slik innhaldslaus ikkje-journalistikk?

Fordi dei ikkje kunne la sjansen gå frå seg til å slå opp denne overskrifta:

Steinaldermennesker drev trolig med gruppesex, sexslaver og sexleketøy

Lagt til i Mediekommentar, Norrønt | 4 kommentarar »

FrP-koden

Posta av Avil den april 30, 2007

Det blir sikkert teit å komme med dette no, sidan nokon andre har brukt ordet og det står overalt. Men eg knakk FrP-koden i fjor, og har sidan brent inne med det.

Greia er at folk gjer det altfor komplisert.

FrP er den rånete kjærasten mor di ikkje syns at du skal ha. Han som klør seg i skrittet og fortel negervitsar og er heilt på styr. Han er ganske morosam å være kjærast med, ein ler mykje, det er liv og røre og ein kjeiar seg ikkje. Du veit han ikkje er bra for deg, og du blir sur når han ikkje held avtalar og lyg litt, og når han blir så full og brauten på fest at du longskjemst.
Men når mor di seier at han berre lurar deg og at du burde finne deg ein kjekk mann med utdanning og manerar, då er Den Rånete Kjærasten det kjæraste du har, og gud nåde den som freister seie noko anna.

Så til alle menn som stemmer FrP: No veit de korleis jentene har det når dei får vere kjærast med han drittsekken. Slik har dei det. Ja, berre at dei får sex då. Men no må me ikkje bli for bokstavelege. Berre at eg ikkje skjønar at de held det ut. Utan sexen altså. For slik eg hugsar det så var det jo derfor ein haldt ut, trass alt.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 9 kommentarar »

Meir biologi i O-fagstimane?

Posta av Avil den april 26, 2007

Kan me lære noko av andre flokkdyr det er naturleg å samanlikne seg med?

Det fleste flokkdyr me naturleg kan samanlikne oss med slit med unge hanndyr som ikkje får vere med. Desse dyra dannar i blant eigne flokkar og kan komme brasande og terrorisere familieflokken. Ellers sleng dei einsame rundt og går på treningssenter og les pornoblad og fantaserer om den dagen dei skal gruse leiarhannen i familieflokken og overta alle beibsa.

Hos andre raser pleier familiefedrene derfor å vere temmeleg obs når slike unge, bitre gutelarvar nærmar seg, og i heile landsbyen står hannar og hodyr temmeleg samla om å avvise dei.

Chimpansedamene derimot, pleier snike seg bak buskar og steinknausar med dei som ikkje er sjef, og ha litt sex likevel. Slik dempar dei aggresjon hos hanndyra som ikkje er øvst i hierarkiet.
Dette har chimpansemenna løyst med å utstyre seg med temmeleg store testiklar. Slik har leiarhannen von om å blese ut all konkurrerande sæd med sin eigen kjempedose.

Menneskehannane er liksom semiutstøytte når dei ikkje har dame, litt med og litt ikkje med, og alltid kretsande i von om å få vere med. Menneskedamene snik seg også litt bak buskar i blant, og det er ikkje berre dei smarte og sterke og velutdanna og rike som får sex. Men helst ikkje når ein er i parforhold.

Menneskerasen slit rett og slett med denne kombiløysinga.

Anten burde me hive ut aggressive hanndyr som ikkje kan styre seg, eller så burde me tillate utroskap og satse på større testiklar.

Det var berre eit forslag.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 10 kommentarar »

Om det skulle bli aktuelt

Posta av Avil den april 26, 2007

Det har seg sånn at eg har lyst til å rømme landet av og til. Ta med meg alle eg er glad i og rømme til eit tenkt samfunn der dattera mi kan vekse opp og vere eit fritt menneske utan å kunne bli valdteken av folk som meiner det er hennar skuld fordi ho er så inderleg søt. Ein stad der sonen min kan vekse opp utan å bli slått ned som som attenåring i ein drosjekø av ein dritings fyr berre fordi sonen min er så inderleg søt.
Men så er det ingen stader å rømme til.
Då er det fint å kunne tilkalle Northstar. I følge ein test eg tok, er han nemleg den superhelten som passar best for meg, og sjølv om han er litt oppesen, er han veldig smart og fin og kan ordne opp i slikt som politikarar og politi og psykisk helsevern ikkje får til.
Eg berre opnar glaset oppe i andre etasje, ser litt drøymande ut i natta og så plystrar eg lågt. Då kjem Northstar fykande over tretoppane.

- Skjønne frue i naud, kva kan eg hjelpe deg med?
- Åh, det er visst omlag halvdelen av norske menn som verkeleg meiner at kvinner kan valdtakast om dei har hatt fleire sexpartnarar og er flørtete i veremåten.
- Oisann. Vil dei at damene skal spare seg til ekteskapet og vere sure og avvisande mot alle?
- Eg veit ikkje. Kanskje dei vil at alle skal bruke burka.
- Dette er ein superheltsak, berre vent litt.
Og så svosjar Northstar over tretoppane igjen, og kjem attende ti minutter seinare med litt blodflekkar på trikoten.
- No har eg fiksa det.
- Åh! Kva gjorde du?
- Eg ringte til alle i Noreg, og dei som svarte feil berre knerta eg.
- Sallan. Nokon eg kjente?
- You will be suprised.
- Det var kanskje litt leit.
- Eg knerta ikkje dei aller finaste. Eg tenkte at om dei med feile meiningar var i skrikande mindretal ville dei anten føle seg så dumme som meinte noko så avvikande at dei ville endre haldning, eller så ville dei uansett bli rekna som stupide om dei opna kjeften, så dei ville ikkje kunne gjere nokon skade. Og eg veit jo at du ville prioritert dei vakraste, om du først skulle spare nokon.
- Men kva med dei eg er glad i då?
- Litt må ein ofre.
- Hm.

Som du skjønar, så kjem eg ikkje til å tilkalle superhelten min før det verkeleg, verkeleg sprekk for meg. Det er alt for risikabelt. Men det kan vere greitt å ha nokon i bakhand. Om det skulle bli aktuelt til slutt.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 8 kommentarar »

Pass på deg sjølv i den verkelege verda (RL)

Posta av Avil den april 23, 2007

Drusilla skal ut på tur i RL, og eg minna ho om RL-vett-reglane.
Men det kan vere andre som treng ei påminning, så eg tek dei her og:

 Det kan vere mange RL-psykoar, så hugs RL-reglane:

Du må aldri fortelje nokon du ikkje kjenner i RL kva du heiter, kvar du bur eller kvar du arbeider.

Ikkje la nokon i RL ta bilder av deg.

Bruk falskt navn når du går på kafe eller møter folk du ikkje kjenner.

Om du skal møte ein person du har snakka med i RL, må du ta med ein venn du stoler på.

Hugs at personer du snakker med på kafe ikkje alltid snakker sant og lett kan lyge på alder.

Du skal ikkje svare hvis du får skumle blikk eller blir redd når du er på kafe. Sei fra til ein venn og bytt gjerne bord.

Når du skal gå i butikkar eller liknande, gjer det saman med ein venn.

Hvis du opplever noko skummelt eller ubehageleg, meld fra til ein venn du stoler på. Du kan også ta kontakt med politiet på www.tips.kripos.no.

*klem*

Lagt til i Mediekommentar, Metablågging | 16 kommentarar »

Den rosa fare

Posta av Avil den april 23, 2007

Mødre har meint noko, pedagogar har meint noko, Øystein Djupedal har meint litt om det, feministblåggar har meint meir om det, no er det gått så langt at også Dagbladet må meine noko om det.

Rosa er farleg.usunn.jpg

Å kle seg ut som prinsessar og berre teikne kruner og blomar og fyrstikkjenter i tylkjolar er farleg.

Så farleg at Dagbladet har tromma saman trendforskar, fargeekspert, kjønnsforskar, sosiolog, novaforskar og psykologiprofessor til å meine noko om rosa.

 

Eg meiner også noko om rosa.

 

Eg meiner at det for faen berre er ein farge

Rosa er den fargen jenter på 2, 3 og 4 år gjerne vil ha, fordi me vaksne har formidla noko til dei gjennom bøker me lagar og klede me produserer og ting me stiller fram i alle butikkar. Rosa i seg sjølv er berre kvit blanda med raudt. At me først presenterer ei prinsessetyllverd for jentene, for deretter å henge oss i ballettsko-stroppen i dårleg samvit over kva vi har gjort, er etnosentrisk og feministisk sjølvpining

Så lenge mødre viser seg som gode førebilete, med gode og rike kvinneliv, så lenge me ikkje påfører småjenter unaudsynt skam ved å le av dei når dei prøver seg på praktiske ting, men lar dei utvikle seg like fritt og mangfoldig som guteborn, kan fargen rosa gjere liten skade.

Så snart dei blir fem år går rosafargen av mote, då er den nemleg “for babyar”.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 16 kommentarar »

Dameblad for menn

Posta av Avil den april 18, 2007

Elle for menn er lansert som ei sånn “det kjem kan hende berre ut ein gong, altså”-greie.
Gaute Drevdal er redaktør, og han var i Store studio og sa mykje dumt. Eg sat og mislikte han under nesten heile intervjuet, då han gjorde mykje ut av å seie at dette var mote og sminke og hårpleie for heterofile menn, og at artiklane sjølvsagt var meir intelligente enn i dameblad og slikt. Lett å hate.

Men til sist slo han til og vart elskeleg.

Han fleska til med å samanlikne denne eingongs-utgjevinga med eit one-night-stand. Og som alle veit (altså i følge Drevdal) er eit one-night-stand alltid meir romantisk og vakkert og nært og lidenskapeleg enn eit rutineknull.

Ellers har Signy Fardal faktisk vore reelt morosam i TV2-intervju, og gøymt seg bak bladet sitt og valdstrua journalisten fordi ho ikkje fann noko interessant i sitt eige blad. At journalisten er heilt humorforlatt seier meir om han enn om Signy.

Kven skulle tru at Elle for menn og kvinner skulle gje meg noko nokonsinne. Eg er heilt rørt og overraska.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar | 16 kommentarar »

Hjelpesøsken

Posta av Avil den mars 28, 2007

På NRK sine nyhende i radioen i dag vart den nye lova som gjer det mogeleg å forske på befrukta egg diskutert. Ein eller annan gnom klarte å seie noko om at “det er altså berre overtallige egg som kan forskast på, altså befrukta egg som ellers ville blitt kasta”. Synd å kaste dei, liksom. Akkurat det poenget står for meg som det minst relevante i denne saka.

Forskning på befrukta egg gjer det altså, i følge dei som har vit på det, mogeleg å undersøkje om det befrukta egget vil vakse opp og bli til eit barn som vil vera eigna som donor for eldre søsken med sjukdommar. Ei problemstilling som vart aktuelisert av den såkalla Mehmet-saka for tre år sidan, der både SV og FrP skifta syn på slik forskning etter at vesle Mehmet med sin sjeldne blodsjukdom vart avbild i media med fortvila foreldre som ba om hjelp til å sikre seg at det neste barnet dei fekk ville kunne vere donor. Foreldra til Mehmet fekk dispensasjon, og no vart det altså lovendring.

Eit slikt søsken vart omtala som hjelpesøsken. Eit omgrep som nok kan provosere, men då provoserer i kraft av å vere eit dekkande omgrep, eit omgrep som faktisk seier noko om kva foreldra har planlagt for sitt ufødde barn.
Foreldra har planlagt at det ufødde barnet skal donere organ, som til dømes nyre eller ryggmarg til sitt eldre søsken.

I papirutgåva av anten VG eller Dagbladet i dag (eg las begge på ferja og tok dei ikkje med heim, og saka manglar i nettutgåvene) sto det om ein tysk mann som er svært fortvila over at søstera hans ikkje vil donere ryggmarg til han. mannen er døyande og har tre born, og står altså fram i nasjonale og internasjonale media med sin indignasjon over at søstera ikkje vil redde livet hans, då ho er einaste mogelege donor.

Eg forstår den døyande mannen. Eg forstår foreldra til Mehmet. Om ein av mine born hadde ein livtrugande sjukdom, og dei berre kunne bli friske av ein organdonasjon frå eit søsken som ikkje fanst, ville eg sikkert vore viljug til å føde enno eit barn. Eg ville gjort alt eg kunne.

Fordi eg som mor ikkje berre ville, men måtte velge at mitt komande barn skulle vere organdonor.
Men ingen har rett til å krevje andre sin ryggmarg. Ein kan spørje. Men å seie nei, når ein er fødd inn i denne verda etter nitid seleksjon nettopp for å vere donor, er det eit val? Ein er planlagt, unnfanga, forska på og vald ut til å verte fødd, fordi ein skal vere hjelpesøsken. Kva om lillebror sa nei likevel? Og har dei tenkt å la dei dødssjuke borna vente til lillebror vert 18, slik at dei kan spørje ein myndig person?

Situasjonen er umogeleg. Foreldre kan ikkje la sjansen til å redde dødssjuke born gå frå seg, og dei vert sett i ein posisjon der dei må velge mellom å la det barnet dei elskar døy utan hjelp, eller la det barnet dei ikkje har fått skulle vere donor utan å bli spurt.
Dei må velge å eige kroppen og kroppsdelane, eige med hud og hår, eit lite menneske som dei ikkje eig. Som eig seg sjølv, men ikkje vert spurt. Og som om han vart spurt, ikkje kunne seie nei.

Derfor burde sjansen ikkje vere der. Valget skulle ikkje vere der.

Denne lova, eller den tolkninga av lova som medfører dette valet, set foreldre i ein posisjon som foreldre aldri skulle vere i. For kva med komplikasjonane? Kva om hjelpebarnet fekk alvorlege skader? Kva om det døydde? Ikkje overvegande sannsynleg, men mogeleg. Korleis skal foreldra leve med det?

Kven av borna dine elskar du mest?
Spørsmålet kjem til Sophie i ein konsentrasjonsleir, der ho kan få velge kven av borna hennar som skal overleva (i “Sophies valg”, ei bok av William Styron). Ein utsøkt ondskapsull torturmetode, som øydelegg ei mor for alltid.

Velmeinande politikarar kan vere utsøkt ondskapsfulle.

Lagt til i Filosofi, Mediekommentar | 19 kommentarar »

Marianne Aulie (tillegg)

Posta av Avil den mars 14, 2007

Etter ein sein kveld med ein veldig lang rl-diskusjon om dette, vil eg tilføye (til alt eg allereie har sagt):

Mange har omtalt dette som ein valdtektsdebatt, men det er det ikkje.
Valdtekt (med truverdige og utvetydige vitner og/eller klåre teikn på fysisk kamp) er ei straffbar handling i Noreg. Det Aulie skuldar navngjevne menn for er ikkje straffbart. Eg trur ikkje nokon kan finne eit døme på at ein liknande handling er blitt straffedømt, om ein i det heile tatt kan finne ei rettssak som har handsama ein slik anklage.

Det Aulie har gjort er å anklage nokon (navngjeve på radio) for å ha gjort ei (om enn moralsk forkasteleg, men) ikkje-straffbar handling.

Det er verkeleg interessant at advokatar (med fleire) meiner at ho bør rettforfølgjast og straffast for å skulde nokon for å gjere noko ikkje-straffbart.

Og på same måte som at ein dansk teikneserieteiknar ikkje kan seiast å vere ansvarleg for ambassadebrenning i eit land langt borte, kan Aulie heller ikkje seiast å vere ansvarleg for feilsitering, eller for telefonhets eller straffbare handlingar som avislesar-mobben utfører mot dei navngjevne menna.

Bølgene gjekk høgt på nettet i går, og det er viktig å merke kva det gjer med folk.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar, Metablågging | 24 kommentarar »

Marianne Aulie

Posta av Avil den mars 12, 2007

Avisene er fulle av dragande overskrifter og alle som vil kan lese aviser på nett eller sjekke Google. Saka er at ei kjend dame har valgt å oute nokre kjende folk som for 14 år sidan var stygge mot ho, dengong ho var 21 og ikkje så vaksen og kul og kjend.

Eg les i blåggar og på forum kva folk meiner om dette. Og i staden for å øse ut av meg alle stader, samlar eg min eigen reaksjon her (Mamma: Her blir det banning):

Eg vert provosert til tårer.

Over at folk fniser og seier Aulie er teit og burde halde kjeft.
Over at folk seier at ho ikkje burde halde kjeft i 14 år og så seie noko, då kunne ho jo berre halde kjeft resten av livet.
Over at folk seier ho må stå ut ein rettssak ellers burde ho halde kjeft.
Over at folk antydar at blonde, fine damer ikkje heilt er til å stole på.
Over at det blir slått opp som ei sak som berre er pinleg for programleiar Mina og NRK.

Marianne Aulie kan då for faen seie og gjere kva i helvete ho vil om den saken.

Ho er då ikkje bunde til nokon faens kuklojalitet til folk som tvingar ho til noko som helst!
Om ho ikkje vil , tør eller gidd anna enn å stå på fjellet og brøle om det, så er det då hennar sak.

Folk taklar overgrep som det passar dei.
Ferdig.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar, Metablågging | 47 kommentarar »