Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Arkiv for kategorien ‘Metablågging’

Trøbbel med blogspot

Posta av Avil den august 15, 2007

Når eg klikkar på kommentarfelta på blogspot-blåggane får eg opp den der “vise usikre områder”-boksen, og uansett om eg klikkar på ja eller nei låser alt seg. Så ikkje får eg lese kommentarfelta, og ikkje får eg lagt igjen kommentarar. Hjelp?

Lagt til i Metablågging | 32 kommentarar »

Nettvett

Posta av Avil den juli 13, 2007

Frida freistar å gjere nettet køyrbart og farbart og slikt. Sjølv er eg oppvaksen på lukka nettforum, og etter eit kort halvår i blåggebyen ser eg at gamle vanar ikkje let seg endre. Eg er sikkert ein hund eller noko. Men altså, eg føler veldig for å formulere mine eigne reglar på nett.

1. For guds skuld ikkje berre jatt. Jatting gjer seg knapt nok munnleg, og aldri skriftleg. Ta deg litt saman og forsøk å formulere noko med bittelitt innhald, anten det er morsomt, politisk, opprørande, freistande eller irriterande.

2. By på deg sjølv. Du kan aldri spele ei rolle betre enn du kan vere deg. Folk trur dei kan “innta posisjonar” i debattar, og vere interessante. Det kan dei ikkje. Dei vert berre irriterande på den teite måten. Og ikkje tru at du kan skape ei truverdig rolle over tid. Du berre spelar ut dine eigne fordommar. By på deg sjølv, og opne opp for kreativitet, mangfald, refleksjon, empati og reelle møter.

3. Det er lov å være ærleg, det er lov å seie unnskyld, det er lov å vere engasjert, det er lov å innrømme feil, det er lov å ta omsyn til andre, det er lov å drite seg ut, og det er lov å tenke seg om før ein postar.

4. Men for guds skuld ikkje berre jatt.

5. Alt kan vere interessant for andre, om du følger dei øvrige reglane.

6. Det er ikkje noko poeng i å krangle med idiotar.

7. Det er ikkje andre som “øydelegg diskusjonen med å henge seg opp i skrivefeil”. Det er du som øydelegg kommunikasjonen med andre ved å skrive dårleg.

8. Alle kan ikkje elske alle.

9. Alle kan ikkje forstå alle.

10. Men nokon er verkeleg idiotar.

Lagt til i Lesarsørvis, Metablågging | 20 kommentarar »

Bry seg på nett

Posta av Avil den juli 12, 2007

Eg har nett lese ein del postar rundt om på blåggar i vår lokale Blåggeby, og i resten av verda. Og eg må rett og slett få friskmelde nettet.

Det er sjølvsagt ein og annan tåpe som skriv noko håplaust i kommentarfelta til folk som er hudlause og ærlege i kriser og sorg. Men alt i alt syns eg folk er nære, omtenksomme og gode.

Dei bryr seg om kvarandre. På nett. Dei bryr seg om folk dei kjenner frå nett. Dei bryr seg om folk dei snublar inn i på framande blåggar. Folk flest er faktisk veldig greie.

Det er rett før eg må friskmelde heile demokratiet i same slengen.

Lagt til i Metablågging | 11 kommentarar »

Den som leiter skal finne

Posta av Avil den mai 3, 2007

Ein evig slager: Kva har folk søkt på hos Google som gjorde at dei klikka seg inn her hos meg i dag?

  • fine ord
  • rare nynorske ord
  • “Arild Hauge”
  • kvadet om tussekongen
  • drottnar
  • gud
  • ljos avil
  • Ringdrotten
  • sære ting
  • Gud
  • GUD

Sjå kor mange som freister å finne Gud, og så finn dei meg!

Lagt til i Heidningeblåggen vs Indremisjonen, Metablågging | 17 kommentarar »

Eg takkar nei til å delta i Bloggoversikten.com

Posta av Avil den april 30, 2007

Dette er ein informasjonspost til dei som driv tenesta Bloggoversikten. Eg vil med dette takke nei til å verte sitert på eigne postar i Bloggoversikten.

Lagt til i Metablågging | 7 kommentarar »

Pass på deg sjølv i den verkelege verda (RL)

Posta av Avil den april 23, 2007

Drusilla skal ut på tur i RL, og eg minna ho om RL-vett-reglane.
Men det kan vere andre som treng ei påminning, så eg tek dei her og:

 Det kan vere mange RL-psykoar, så hugs RL-reglane:

Du må aldri fortelje nokon du ikkje kjenner i RL kva du heiter, kvar du bur eller kvar du arbeider.

Ikkje la nokon i RL ta bilder av deg.

Bruk falskt navn når du går på kafe eller møter folk du ikkje kjenner.

Om du skal møte ein person du har snakka med i RL, må du ta med ein venn du stoler på.

Hugs at personer du snakker med på kafe ikkje alltid snakker sant og lett kan lyge på alder.

Du skal ikkje svare hvis du får skumle blikk eller blir redd når du er på kafe. Sei fra til ein venn og bytt gjerne bord.

Når du skal gå i butikkar eller liknande, gjer det saman med ein venn.

Hvis du opplever noko skummelt eller ubehageleg, meld fra til ein venn du stoler på. Du kan også ta kontakt med politiet på www.tips.kripos.no.

*klem*

Lagt til i Mediekommentar, Metablågging | 16 kommentarar »

Marianne Aulie (tillegg)

Posta av Avil den mars 14, 2007

Etter ein sein kveld med ein veldig lang rl-diskusjon om dette, vil eg tilføye (til alt eg allereie har sagt):

Mange har omtalt dette som ein valdtektsdebatt, men det er det ikkje.
Valdtekt (med truverdige og utvetydige vitner og/eller klåre teikn på fysisk kamp) er ei straffbar handling i Noreg. Det Aulie skuldar navngjevne menn for er ikkje straffbart. Eg trur ikkje nokon kan finne eit døme på at ein liknande handling er blitt straffedømt, om ein i det heile tatt kan finne ei rettssak som har handsama ein slik anklage.

Det Aulie har gjort er å anklage nokon (navngjeve på radio) for å ha gjort ei (om enn moralsk forkasteleg, men) ikkje-straffbar handling.

Det er verkeleg interessant at advokatar (med fleire) meiner at ho bør rettforfølgjast og straffast for å skulde nokon for å gjere noko ikkje-straffbart.

Og på same måte som at ein dansk teikneserieteiknar ikkje kan seiast å vere ansvarleg for ambassadebrenning i eit land langt borte, kan Aulie heller ikkje seiast å vere ansvarleg for feilsitering, eller for telefonhets eller straffbare handlingar som avislesar-mobben utfører mot dei navngjevne menna.

Bølgene gjekk høgt på nettet i går, og det er viktig å merke kva det gjer med folk.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar, Metablågging | 24 kommentarar »

Marianne Aulie

Posta av Avil den mars 12, 2007

Avisene er fulle av dragande overskrifter og alle som vil kan lese aviser på nett eller sjekke Google. Saka er at ei kjend dame har valgt å oute nokre kjende folk som for 14 år sidan var stygge mot ho, dengong ho var 21 og ikkje så vaksen og kul og kjend.

Eg les i blåggar og på forum kva folk meiner om dette. Og i staden for å øse ut av meg alle stader, samlar eg min eigen reaksjon her (Mamma: Her blir det banning):

Eg vert provosert til tårer.

Over at folk fniser og seier Aulie er teit og burde halde kjeft.
Over at folk seier at ho ikkje burde halde kjeft i 14 år og så seie noko, då kunne ho jo berre halde kjeft resten av livet.
Over at folk seier ho må stå ut ein rettssak ellers burde ho halde kjeft.
Over at folk antydar at blonde, fine damer ikkje heilt er til å stole på.
Over at det blir slått opp som ei sak som berre er pinleg for programleiar Mina og NRK.

Marianne Aulie kan då for faen seie og gjere kva i helvete ho vil om den saken.

Ho er då ikkje bunde til nokon faens kuklojalitet til folk som tvingar ho til noko som helst!
Om ho ikkje vil , tør eller gidd anna enn å stå på fjellet og brøle om det, så er det då hennar sak.

Folk taklar overgrep som det passar dei.
Ferdig.

Lagt til i Kjønn, Mediekommentar, Metablågging | 47 kommentarar »

Blåggen sin plass i Akademia

Posta av Avil den mars 6, 2007

Aktualisering i høve blågging: I posten om intelligens og religion freister eg finne den rette balansen mellom kjeldebruk og sjølvstendige ytringar. Eg har merka meg utstrakt bruk av kjelder i norske blåggar, og berre eg skriv det kjenner eg den intense trangen til å finne ein blåggpost til dykk der annakvart ord er blått eller understreka, og dermed ljoser lang veg av lenker. Det er nemleg lenkebruken som utgjer kjeldebruk her, og eg ser for meg korleis nettutgjevingar av hovudfagsoppgåver vil vere frametter, med kjelder for alt anna enn bindeord. Ein finn stort sett alt på nett, og som akademikar kan ein fort bruke fire timer på å skrive eit avsnitt om å snakke i mobiltelefon på do, berre ved å klikke og lese og klikke vidare på nettet.

Aktualisering i høve akademia: Jo lenger ein kjem i sin akademiske utdanning, jo sikrare vert ein på kjeldebruken sin, ein får høg kompetanse både på informasjonssøk og kjeldekritikk. Ein møter også auka krav til sjølvstendig tenking, då ein etterkvart skal ha internalisert den akademiskanalytiske refleksjonsevna i ein slik grad, og tileigna seg eit så breidt spekter av teoriar og faktakunnskap, at ein skal kunne uttale seg utan å utelukkande støtte seg til kjeldemateriale. Men svært audmjukt. Svært forsiktig.

Infoboks I: Ord og omgrepsavklaring
Blågg: Eg nyttar ordet blågg framfor vevlogg eller vlogg, då den angloamerikanske nemninga blogg (frå weblogg, omsett til vevlogg/vevdagbok) er innarbeidd i språket og eg nærer varme kjensler for fornorsking av skrivemåte for innarbeidde framandord.
Akademia: Utdanningshagen, den livslange vandringa kring kunnskapens, analysens og refleksjonens rosebuskar frå ex.phil til grav.

Ein startar på universitetet med grunnleggjande innføring i den akademiske kulturen: Vitskapsfilosofi, filosofihistorie og logikk. Ein fortset med grunnfag, mykje forskningsmetode og tilhøyrande kritikk, teoriar, forskningsresultat og praktikkar. Ein les og les, og freistar presentere sjølvstendige formuleringar på eksamen, som skal vise at ein har forstått innhaldet i det ein har lese. Etterkvart vert det noko rom for eigen refleksjon, ikkje fordi sensorane vert særleg imponert, men ein stad må ein byrje.
Grunnfag, mellomfag, bachelor, cand.mag, master, hovudfag, lab-forskning, ph.d, forskningsprosjekt, artiklar, doktorgrad.
Stadig auke i autonomi, på bakgrunn av internalisert viten og analytiske evner.

På nettet har ein tilgong til eit enormt kjeldemateriale. Blåggane renn over av kjeldebruk. Nettet stiller tilsvarande enorme krav til kunnskap for sjølve å kunne sortere i kva som er brukande, evne til kjeldekritikk må vere vidtfemnande for å kunne orientere seg og sortere i alt ein finn.
På blåggen er ein heilt overlete til sjølvstendig tenking og eigen kritisk sans.

Det eg har funne ut er at blågging burde vore endestasjonen.

Grunnfag, mellomfag, bachelor, cand.mag, master, hovudfag, lab-forskning, ph.d, forskningsprosjekt, artiklar, doktorgrad, blågg.

Infoboks II:
Lenkebruk i blåggar: Då blåggarar (som alle andre) ikkje får sine idear i eit vakum, og heller ikkje er i stand til å sjølvstendig og utan påverknad frå andre, skape tekst som er gjenkjenneleg, relevant, humoristisk og interessant for andre, vert lenkebruk brukt for å aktualisere, underbygge og illustrere blåggpostar. Ikkje minst vert lenkene brukt for å bygge opp ein mosaikk av det andre har laga av underhaldning og meiningsytring, og det ein sjølv vert inspirert til å lage. Ein blåggpost er, akkurat som ein kvar publisert vitskaplege artikkel, eit konglomerat av andre sine ytringar og forfattaren sin eigen forståing og vidaretenking kring dette. Krava til blåggpostar er likevel fundamentalt annleis enn vitskaplege artiklar. Ein blåggpost bør vere leseleg og underhaldande, medan den vitskaplege artikkelen skal møte krav til forskningsmetode og etikk. Dersom ein skriv ein blåggpost i eit akademisk språk, misser ein lesaren før dei kjem halvvegs, og ikkje får ein kred frå arbeidsgjevar for publikasjon eingong. Tenk på det, du, sjølvhøgtidelege flinkis som tvang deg sjølve til å lese heilt hit.

Lagt til i Metablågging | 36 kommentarar »