Ljos i kjømda

Ein personleg nynorsk blågg

Arkiv for kategorien ‘Musikk’

Merovinger

Posta av Avil den august 28, 2007

Eg har nett sett dei tre Matrix-filmane om att. Min generasjons Star Wars. Rørande gjensyn.
Men altså. Eit av dei eldste og farlegaste programma i the Matrix (eller Matrisen som det burde vore omsett til), er the Merovingian, eller Merovingeren som han heitte i den norske omsetjinga.

Brillefin superskurk.

Merovingeren - bilde tjuvlånt frå Wikipedia. Tusen takk for lån.

Her er nokre andre kjende merovingere:

Pipin den lille:

Pipin den lille, også tjuvlånt frå Wikipedia. Takk igjen.

og sonen hans, Karl den store:

Karl den Store, eller Charlemange, bilde tjuvlånt av nndb

Fin gjeng.

Merovingertida er rekna frå omlag 560/570 – 800 etter Kristi fødsel. Altså yngre germansk jernalder, tida før vikingtida.

Det skal vere eit australsk black metal-band som kallar seg Merovingain, men dei held seg openbert borte frå det skumle internettet. Eg forstår dei godt. Ein kan aldri bli svartmetall-paranoid nok her i livet.

Lagt til i Film, Musikk, Norrønt | 8 kommentarar »

Sommarposten

Posta av Avil den juni 3, 2007

Så er det faktisk sommar.
Det har det vore før.

1993:

1994:

1995:

1996:

Det var i grunnen nokre fine år.
God sommar!

Lagt til i Musikk | 9 kommentarar »

Kjærleikssorg

Posta av Avil den april 30, 2007

Om ein kjærleikssorg har kan denne hjelpe. Uansett om det er folk eller forum ein sørger over.

Lagt til i Musikk | 7 kommentarar »