Skriveblokkblogg

by Avil

Eg har ikkje skriveblokkeringar, ikkje eigentleg. Eg skriv side opp og ned på nett og eg skriv massive mengder tekst. Heile tida. Men det hender at eg har vanskar med å gjere det eg skal, det hender eg ikkje skriv, fordi eg får det for meg at alt eg tar i blir møkk.

Denne bloggen har vore her lenge. Det har vore hundrevis av blogginnlegg på den.
Ein dag stoppa alt opp, og det var ei alvorleg hending der ute i verda som var årsaka til det. Ei venninne blei svært sjuk, og då eg her oppmoda lesarane til å melde seg som blodgivarar, blei bloggen gjenstand for mykje merksemd. Blogginnlegget om venninna mi blei ståande i årevis som det siste.

Men no har ho komme seg vidare i livet, og det var på tide å anten slette heile bloggen eller i det minste gjere eit eller anna med dette underlege skriftmonumentet over ei vanskeleg periode i livet.
Eg valgte å tømme heile bloggen for innhald.

Og no tar eg den tilbake.
Ikkje for å skrive noko for andre, ikkje for å skrive noko viktig eller bra. Berre for å ha ein stad eg kan skrive når alt eg tar i blir møkk.
Ikkje viktig for nokon, men viktig for meg.

Reklame