Litt sånn ynkeleg

by Avil

Eg er nesten sjuk. Noko som liknar, i alle fall. Litt feber, litt vondt i kroppen, sånn jamnt fordelt over heile torso, inklusiv øvre ekstremiteter (i alle fall nakkevondt og armvondt). Eg har sove mange timar dei siste døgna, i dag vakna eg av vekkerklokka, men la meg igjen etter ungane var gått på skulen, og sov til dei kom heim. Ustrakt kommabruk, dette. Eg syt ikkje, eg meiner i alle fall ikkje å syte, berre skildrar tilstanden, om enn noko summarisk og lite innlevande. Resultatet (av situasjonen, ikkje skildringa) er at eg ikkje skriv. Eg berre søv. Og er mor. Det vil seie, eg eg gjer slike minimumsting som å lage frukost, flytte tøybunkar frå golv til vaskemaskin til tørketrommel, overvakar og oppmuntrar lekselesing. Og så driv eg med tedrikking og høgtlesing.
Slik er det.
Eg brude sikkert kleist på ein metafor eller ein eller annan meining inni der. Eventuelt noko sjølvironisering. Men det gjorde eg ikkje.

Reklame