Ljos i kjømda

Skriveblokkbloggen

Eg er ikkje enig i at sosiale media så bra og viktig

Eg les Marit Eikemo sin nyaste roman Samtale ventar. Den er god, og eg kjenner meg ramma på noko skammeleg. På latskapen, på den sosiale fobien, på å kaste bort tid på unyttige greier. Til dømes internett.

I romanen kjem ein forfattar klampande inn på bibliotekets hyggelege arrangement om sosiale medier og litteratur. Han får lirt av seg at han ikkje meiner sosiale medier er hovudproblemet, men nettporno, sidan han ikkje får til å skrive med all denne meiningslause pornoen lett tilgjengeleg. Uansett, han finn nettpornoen dragande, andre heng ut på Facebook, men resultatet er det same. Ein har opplevd eit eller anna, men ein har ikkje gjort noko.

Eg er glad for dei folka eg har møtt på nett, og eg er glad for dei diskusjonane me har hatt.
Men eg teiknar ikkje. Det ville eg kanskje gjort utan.
Og eg strikker aldri ferdig mariuskjolen min.
Og eg må reise heilt ut i sommarhuset vårt for å skrive, for der finnes ingen trådlause internett eg kan hacke meg innpå og kaste bort tida på nett.

Alle prosjekta

Eg har så mykje for meg. Ei barnebok, som neppe blir noko av. Ei anna barnebok, som berre er på skissestadiet. Ei ungdomsbok, som er nesten ferdigskrive, men som er blitt litt forlagslaus og usikker, av diverse årsaker. Ein trilogi, som forlaget gjerne vil eg skal skrive. Nokre mindre tekstar her og der, det flyt overalt, eigentleg.
Og så skriv eg no på andreboka, då. Skulle tru eg hadde nok med det, eigentleg.
Eg likar å starte prosjekt. Eg likar ikkje å gjere dei feredig. Eg innrømmer det.
Eg hatar litt å gjere ferdig, faktisk.
No tar eg meg to ibux til, og så skriv eg litt meir på hatprosjektet.