Sjukebloggen

by Avil

Eg er framleis sjuk. No med feber, snåttnase og nysing. Det har blitt lite skriving. Svært lite skriving. Då får eg ty til skriveblokkbloggen, som kanskje også er ein sjukeblogg. Eg har eigentleg ingenting i mot, reint personleg og for eigen del, å klage og syte. Dersom andre finn det underhaldande og morosamt, kan eg godt. Men når andre blir litt dradd i fjeset og smiler medlidande, er det ikkje noko kjekt å fortelje om eigne lidingar. Eg likar ikkje vere keisam. Så på den andre bloggen freister eg å unngå sjukdomssnakk. Eg er nesten aldri sjuk, så det er ikkje så vanskeleg. Men akkurat i desse dagar er eg mest oppteken av min eigen fysikk.

Kvifor har det blitt så lite skriving?
Internett får ha noko av skulda, eller meir presist: mitt elendige forhold til internett. Før eg går i gang med skrivinga er det så lett å berre sjå over om eg har fått nokre nye meldingar på facebook eller epost eller om nokon har kommentert noko eg har skrive på twitter eller forum. Og dersom det er noko der, har me det gåande. Då svarer eg, og så må eg innom i løpet av dagen og sjekke kva andre har svart tilbake. Nokre morgonar er det ingen som har skrive meldingar eller epostar eller svart meg eller kommentert verken her eller der. Då freister eg tenke at det var jammen bra, no får eg konsentrert meg. Men snart kjem uroen snikande, og eg må innom igjen, og kanskje kommentere på noko interessant andre har skrive. Og så har me det gåande.
Når eg ser kva eg har skrive her, innser eg at dei andre punkta eg hadde tenkt å komme til kjem til å stå bleike og usle i skuggen av internett.
At eg har born, og at eg har vore sjuk, og at manuset er i ein vanskeleg fase og at eg har skrive ti timar i døgnet i mange månader og kanskje ikkje har så mykje meir å gå på.

Eg er framleis sjuk. Det legitimerar dårleg sjølvdisiplin. Ropar eg frå haugen.

Reklame